Arctic blue polygon pattern
English flag   

Utdanningsprisen

Utdanningsprisen skal gå til tilsette/einingar/miljø som har utmerka seg ved framifrå arbeid for å betra undervisnings- og utdanningskvaliteten, og der arbeidet samtidig støttar opp under universitetet sine strategiske satsingsområde for utdanningsverksemda.


Årets vinnar (2023):

Fagmiljøet i arkeologi på AHR ved HSL-fakultetet


Årets utdanningspris er tildelt Fagmiljøet i arkeologi på Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

Fagmiljøet i arkeologi på AHR ved HSL-fakultetet

Komiteen grunngir prisen med dei systematiske og strategiske arbeida til dette fagmiljøet for å styrkja utdanningskvalitet og utdanningsmiljø. Dei har mellom anna arbeidd med å byggja samanheng og variasjon mellom emna, varierte undervisningsmetodar og vurderingsformer, inkludert studentane i forskingsaktivitet, bruk av ny teknologi og sett i gang samarbeid internt og eksternt.

Studentane deira fortel om ein studiekvardag bygde på eit sterkt og utviklande miljø. Det er utfordrande å samla eit heilt fagmiljø, noko dette fagmiljøet har lykkast med.

 – Det er veldig hyggjeleg å bli sett og bli lagt merke til med ein pris som dette. Sist gong me fekk ein undervisningspris var tilbake i 1996, så det var på tide med ein ny pris no, ler ein fornøgd universitetslektor Johan Eilertsen Arntzen.

Nominasjonen bør gi døme på tiltak, verkemiddel og/eller læringsfremjande teknologi som er med på å heva kvaliteten og betra undervisning og rettleiing, fagleg innhald og læringsmiljø. Andre faktorar det vil kunna bli lagt vekt på, er om arbeidet er nyskapande, gir positive resultat, om det fremjar studentrekruttering, er særleg tett kopla til forskingsverksemda. Det vil også kunna ha noko å seia at utviklingstilbod er kvalitetssikra i samarbeid mellom fleire aktørar – til dømes studentar og/eller arbeids- og næringsliv, og i samarbeid med andre institusjonar.

Det vil bli lagt vekt på brei støtte hos fagmiljø og studentar. Arbeidet og eventuelle resultat av dette skal dokumenterast i den grad det er mogeleg.

Studentar må vera med å nominera til utdanningsprisen, jf. pkt. 3 i statuttane.

Praktisk informasjon:

Innsending av nominasjonar

Fristen for å nominera kandidatar til UiT sine prisar er måndag 25. september 2023. Nominasjon og dokumentasjon som kjem inn etter denne fristen vil ikkje bli tatt med i vurderinga.

Nominasjonar kan sendast inn på ein av desse måtane:

Krav til nominasjonar

Punkt 2 og 7.5 i statuttane gjeld krav til nominasjonen, korleis han skal formast ut, format og vedlegg. Skjema for nominasjon finst som nettskjema her, eller kan lastas ned i Word-format på bokmål eller nynorsk. Vedlegg skal vera i ei fil i pdf-format, maksimalt 10 sider inkludert nominasjonsskjema, på norsk eller engelsk.

Saksbehandling

Etter at fristen er gått ut, vert nominasjonane vurderte av priskomiteen. Komiteen vurderer nominasjonane og gir innstilling til universitetsstyret.

Statuttar for UiTs prisar 7.5 Utdanningsprisen

Utdanningsprisen skal gå til tilsette/einingar/miljø som har utmerka seg ved framifrå arbeid for å betra
undervisnings- og utdanningskvaliteten, og der arbeidet samtidig støttar opp under universitetet sine
strategiske satsingsområde for utdanningsverksemda.

Nominasjonen bør gi døme på tiltak, verkemiddel og/eller læringsfremjande teknologi som er med på å heva
kvaliteten og betra undervisning og rettleiing, fagleg innhald og læringsmiljø. Andre faktorar det vil kunna bli
lagt vekt på, er om arbeidet er nyskapande, gir positive resultat, om det fremjar studentrekruttering, er særleg
tett kopla til forskingsverksemda. Det vil også kunna ha noko å seia at utviklingstilbod er kvalitetssikra i
samarbeid mellom fleire aktørar – til dømes studentar og/eller arbeids- og næringsliv, og i samarbeid med
andre institusjonar.

Det vil bli lagt vekt på brei støtte hos fagmiljø og studentar. Arbeidet og eventuelle resultat av dette skal
dokumenterast i den grad det er mogeleg.

Studentar må vera med å nominera til utdanningsprisen, jf. punkt 3.

Priskomité

Komiteens samansetjing

  • Rektor nemner opp ein eigen komité til å vurdera nominasjonane og gi innstilling til universitetsstyret om kven som bør få dei seks prisane.
  • Komiteen skal vera sett saman slik:
    • ein medlem frå rektoratet (leiar)
    • to andre tilsette ved UiT (som regel dekan/prodekan)
    • ein ekstern medlem
    • to studentmedlemmer

Det skal også nemnast opp vararepresentantar.

Studentparlamentet og TODOS føreslår studentmedlemmer. Studentane vert oppnemnde for eitt år. Resten av komiteen vert oppnemnde for tre år.

Priskomiteen sine oppgåver

  • Komiteen skal ha minst eitt møte kvart år.
  • Det skal førast referat frå møta. Universitetsdirektøren fungerer som sekretariat.
  • I utgangspunktet har alle medlemmene lik stemmerett. Det er to unntak:
    - studentane har dobbeltstemme ved behandling av utdanningsprisen
    - leiar har dobbeltstemme i alle saker ved likt stemmetal.
  • Komiteen skal komma med grunngitt innstilling til universitetsstyret. Nominasjonsskjema med kortfatta dokumentasjon av alle nominasjonane skal leggjast ved. Dei som ynskjer det, kan få utfyllande informasjon frå sekretær.


Kontakt: Henriette Winther Fonjong

Vinnere