Arctic blue polygon pattern
English flag   

Prisar ved UiT

Styret ved UiT Noregs arktiske universitet delar årleg ut prisar i ulike kategoriar: pris for innovativ formidling, forskings- og utviklingsprisen, innovasjonsprisen, pris til yngre forskar og utdanningsprisen. Kvart anna år deler styret ut likestillings- og mangfaldsprisen og studentmiljøprisen i oddetallsår, og arbeidsmiljøprisen i partallsår.

Prisane er ei påskjønning som skal stimulera til auka innsats, vera til inspirasjon for prisvinnarane og deira fagmiljø og stø opp under gjeldande strategi og strategiske satsingsområde.

Kvar pris er på 100 000 kroner.

Statuttar for UiT-prisane finn du her (pdf).

Slik nominerer du kandidatar for 2026

Innsending av nominasjonar

Fristen for å nominera kandidatar til UiT sine prisar er tysdag 20. januar 2026. Nominasjon og dokumentasjon som kjem inn etter denne fristen vil ikkje bli tatt med i vurderinga.

Nominasjonar kan sendast inn på ein av desse måtane:

Krav til nominasjonar

I statuttane finn du krav til nominasjonen, korleis han skal formast ut, format og vedlegg. Skjema for nominasjon finst som nettskjema her, eller kan lastas ned i Word-format på bokmål eller nynorsk. Vedlegg skal vera i ei fil i pdf-format, maksimalt åtte sider inkludert nominasjonsskjema, på norsk eller engelsk.

Dokumentasjon skal ikke legges ved som lenke til internettside. Dersom du ønsker å bruke informasjon som ligger på internett som dokumentasjon, må du legge det ved som skjermdump som inngår i de maksimalt 8 sidene.

Saksbehandling

Etter at fristen er gått ut, vert nominasjonane vurderte av priskomiteen. Komiteen vurderer nominasjonane og gir innstilling til universitetsstyret.


Andre prisar


Prisar frå fakulteter og einingar