Arctic blue polygon pattern

Stand ved UiT

Kven får løyve? Kor kan du stå? Korleis søkar eg? Dette må du hugse ved ankomst Nyttige lenker

Kven får løyve?


Løyve blir gitt til formål relatert til studentar og tilsette, som informasjon om foreiningsaktivitetar, sosiale arrangement og humanitære formål.

Kommersiell aktivitet blir som hovudregel ikkje tillaten. Unntak kan vera sal av avisabonnement, lodd eller kaker til ”gode formål” (berre UiT-interne). Innsamling av pengar kan tillatast i visse tilfelle. Det same kan sal til humanitært arbeid som til dømes artiklar/julekort ved juletider. Denne verksemda må likevel ikkje bli for dominerande.

Politiske parti og religiøse organisasjonar har ikkje løyve til å ha stand på UiTs campusar. Einaste unntak er for politiske parti i og under valkamp.

Kvart enkelt tilfelle blir vurdert individuelt og berre dei med løyve har høve til å stilla med stand. Løyvet gjeld for eit avgrensa tidsrom.

Trykksaker kan ikkje delast ut ved oppsøkande verksemd, men kan vera tilgjengeleg på stand.


Kor kan du stå?


Spørsmål om stand blir sendt inn til e-post studieinfo@hjelp.uit.no Deretter blir førespurnad vidareformidla til ulike aktørar, alt etter kva areal som blir etterspurde.

Tromsø:

I hovudsak er det to standplassar utanfor hovudkantina i Teorifagbygget (klikk for kart)

Søknad om stand ved MH-bygget blir vidareformidla til info.helsefak@hjelp.uit.no
Søknad om stand i andre lokale blir vidareformidla til avdeling for bygg og eigedom, bea@uit.no

Andre campus:

Førespurnad om stand ved andre campus blir vidareformidla til den aktuelle studiestaden


Korleis søkar eg?


Søknad om stand blir send per e-post til adressa studieinfo@hjelp.uit.no. Behandlingstida er normalt 2-3 virkedager. Søknaden må innehalda: formål, dato(er), kvar på campus og eventuelle behov for bord/stoler.

Søknad om stand og aktivitet i samanheng med festar/festivalar/debutveke, i regi av studentorganisasjonar, blir retta til arrangør (aktuell studentorganisasjon). UiTs regelverk om kven som får løyve til å ha stand gjeld òg her.


Dette må du hugse ved ankomst


  • Løyvet eller stadfesting på avtale må takast med.
  • Stand som består av anna enn bord og plakatar/skilt må få dette godkjent.
  • Trykksaker kan ikkje delast ut ved oppsøkande verksemd, men kan vera tilgjengeleg på standen.
  • Buer og stands kan ikkje lagrast på universitetsområdet, men må takast med og blir fjerna kvar dag.
  • Hugs å rydda etter deg, kvar dag.


Listerepresentanter på stand, parlamentsvalget 2017
Listerepresentanter på stand, parlamentsvalget 2017 Foto: Frode Haugstvedt Henriksen