Arctic blue polygon pattern
Go to english page   

Kinoen på campus Tromsø

Bestilling Reglar Inngangskort  Kvar finn du kinoen?

Bestilling


For å bestilla kinoen kan du: 


Reglar


Om du ynskjer å bestille kinoen er det nokre reglar som må følgjast:

  • Førespurnad om bestilling må gjerast helst ei veke forut for dagen den skal brukast.
  • I førespurnaden må det komma fram dato og klokkeslett for bestillinga, og dessutan tal på besøkjande.
  • Det gis løyve til enkel servering av mat, men det må ryddast vekk før kinoen blir forlaten. Om de planlegg å ta med alkohol, må det lagast ein avtale med Avdeling for bygg og eigedom gjennom deira eige skjema (sjå under).
  • Det er du som bestiller kinoen som vil bli halde ansvarleg for skadar eller arbeid med reingjering som tilkjem.
  • Både utstyret og fasilitetane til kinoen skal brukast på ein ansvarleg måte, og UiT Info reserverer retten til å stengje ute den ansvarlege ved ueigna bruk, frå å bestille og anvende kinoen i framtida.
  • UiT Info gjev ikkje løyve til å bruke kinoen etter klokka 23:00.

Inngangskort 


Når du har booka kinoen treng du eit inngangskort for å komme inn i bygget og inn i kinoen. Dette må hentast hos UiT info same dag som du skal bruke kinoen.
Har du booka kinoen ei helg hentas kortet på fredag. Du finn oss i administrasjonsbygget på kontor B.201 måndag - fredag mellom klokka 09:00-15:00.

Korta må tilbakeleverast etter avtale om ikkje kan du som ansvarleg bli utestengd frå å bestille og bruke kinoen i framtida.


Kvar finn du kinoen?


Kinoen har namnet Teorifagbygg Hus 6, 6.222, og er i 2. etg, i enden av Vandrehallen.


Map by MazeMap