Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Om UiT Noregs arktiske universitet

UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet som bidreg til ei kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal utnytte det at vi ligg sentralt i nordområda, vår faglege breidde og kvalitet og våre tverrfaglege fortrinn til å møte dei framtidige utfordringane.

UiT er ein heilt sentral aktør i utviklinga av nasjonen og landsdelen. UiT bidreg til at landsdelen har godt kvalifisert arbeidskraft. Som ei direkte følgje av sterke forskingsmiljø ved UiT, har fleire forskningsinstitutt som Norsk Polarinstitutt, Akvaplan-niva, Havforskningsinstituttet, Nofima og Norut, og større bedrifter, etablert seg i miljøet rundt universitetet. Universitetsutdanninga av helsepersonell føregår i tett samarbeid med Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Universitetet har eit breitt samarbeid med offentleg sektor.

UiT er ein pådrivar for kommersialisering av forskningsresultat, og har lukkast betre enn noko andre norske universitetsmiljø. Tromsø-regionen har det høyeste antall bedriftsetableringer per investerte FoU-krone, det største antallet samarbeidsbedrifter, flest godkjente patentsøknader og flest varslede oppfinnelser registrert ved teknologioverføringskontoret (Norinnova TT).

Samtidig som UiT fyller rollen som eit forskingstungt universitet med fokus på kommersialisering av forskingsresultat, er det eit breiddeuniversitet som tar ansvar for å dekke regionens totale kompetansebehov. Gjennom fire fusjonar – med Høgskolen i Tromsø i 2009, Høgskolen i Finnmark i 2013, Høgskolen i Narvik og Høgskolen i Harstad i 2016 – er evna til å levere relevant kompetanse styrka. UiT har gått føre i utviklinga av den norske universitets- og høgskulesektoren og ter sitt samfunnsansvar på alvor.

Alle fusjonane er gjennomførde med ein ambisjon om å heve kvaliteten på utdanning ved å integrere klassiske universitetsfag med tradisjonelle profesjonsfag som ingeniør, lærar, sjekepleiar og andre helsefaglege utdanningar. Dette grepet videreutviklar det landsdelsansvaret som vart gitt i 1968, samtidig som det gjer nyskapande og innovative faglege satsingar mogeleg. Døme på konkrete nyvinningar etter fusjonane er:

 

Fusjonsprosessane har også gjort oss til eit fleircampus-universitet med aktivitet i Tromsø, Narvik, Alta, Harstad, Hammerfest, Bardufoss og Kirkenes - i tillegg til at vi har ei rekke desentraliserte studietilbod.

UiT er den tyngste aktøren innan polar- og nordområdeforsking med 130 årsverk knytt til polarforsking, og er den enkeltinstitusjonen som sidan 2009 har hatt mest nordområdeforsking finansiert av Noregs forskningsråd. I 2012 utgjorde f.eks. prosjekt ved UiT 47 % av Forskningsrådets nordområdeportefølje.  UiT vil få ei stadig viktigare rolle som fagleg tyngdepunkt i denne utviklinga.

UiT har lukkast godt i konkurransen om midlane i EUs rammeprogram for forsking. Tal frå november 2013 over søknadsinnsats og utteljing i EUs 7. rammeprogram for forsking (FP7) for dei norske universiteta viser at UiT ligg på førsteplass, med ei suksessrate på 24 %.

UiT-forskere har også lukkast i konkurransen om midlar frå det europeiske forskingsrådet (European Research Council - ERC), som er ein svært prestisjefylt konkurransearena, der to UiT-forskarae har fått ERC Starting Grant. Sidan starten i 2007 har berre 16 forskarar ved norske institusjonar fått ERC-Starting Grant.

Tromsøundersøkinga er internasjonalt anerkjent som ei unik befolkningsundersøking som er gjennomført i alt seks ganger sidan 1974. Meir enn 40.000 tromsøværingar har deltatt minst ein gang, 15.000 har vore undersøkt tre eller fleire ganger. Dette gir eit unikt materiale for folkehelseforsking. 480 vitskaplege artiklar og 86 doktorgradar er avlagt på grunnlag av data frå Tromsøundersøkinga. Data og biobankmateriale frå undersøkingane har vore eit sentralt grunnlag for K.G. Jebsen-senteret TREC.

Vårt kunstfaglege fakultet utdannar både utøvande kunstnarar og pedagogar innanfor musikk og billedkunst. Sesam, UiTs senter for samiske studiar, tar seg av vårt ansvar for forsking og utdanning innanfor samisk språk og kultur. Dei har også ansvar for master i urfolksstudier, ei internasjonalt anerkjent utdanning i urfolksspørsmål. Saman med Tromsø Museums formidling av samisk kultur i sin permanente utstilling, er dei en ressurs både for andre fagfelt og for samfunnet elles. Tromsø Museum er eit universitetsmuseum som bind saman profesjonell formidling med forsking og innsamling av historisk materiale. Museet gir oss ein unik formidlingskanal til lokalbefolkning, tilreisande og skuleborn, med meir enn 130.000 besøkande årleg.


UiTs strategi, visjon og verdigrunnlag.


Etikkportalen UiT - om etikk og personvern

 



Ansvarlig for siden: Lars Nordmo
Sist oppdatert: 01.12.2017 14:02


Skip to main content