Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

FAQ

1. Korleis betaler eg?

Du lastar ned app’en frå App store eller Google play og følgjer instruksane der, eller du kan bruke betalingsløysing på nett.

2. Korleis veit Apcoa at eg er tilsett eller student?

Du registrerer deg og bilen sitt registreringsnummer på mobilparkering.com . Du bekreftar di tilhøyring til UiT ved å hjelp av Feide.

3. Kva kostar det å parkere? 

Ordinær parkering (besøksparkering, tilgjengeleg for alle) kostar 25 kroner i timen, medan fordelsparkering for studentar og tilsette kostar fem kroner i timen med bensin-, disel- eller hybridbil, og to kroner i timen for el-bil. Det er gratis å parkere etter klokka 17, og da kan òg fordelsplassane for studentar og tilsette nyttast av kven som helst, men berre frem til klokka 23.
Ladestasjonar for el-bil kostar 15 kroner timen.

4 . Kan eg stå parkert om natta?
Du kan parkere på dei ordinære plassane (besøksplassane) på natta mellom 23 og 07, men ver obs på at det kostar 25 kroner i timen frå klokka 07. På fordelplassane for studentar og tilsette kan du ikkje parkere på natta (23-06), mellom anna av omsyn til snørydding.

5. Eg er besøkande ved UiT, kva gjeld for meg?

Som besøkande kan du betale med app eller på parkeringsautomat på dei ordinære parkeringsplassane.

6. Kor mange parkeringsplassar finst det?

På grunn av dei pågåande byggearbeida i Breivika vil mengda tilgjengelege parkeringsplassar variere dei neste to åra. Det vil vere om lag 200 ordinære parkeringsplassar og 1100 fordelplassar for studentar og tilsette. I framtida vil parkeringsnorma til Tromsø kommune regulere kor mange plassar det totalt kan vere i Breivika.

7. Korleis vert reglane handheva?

Det er Apcoa parkering som handhevar reglane, sjå skilt på parkeringsplassane.

8.  Vil det vere ledige plassar uansett når eg kjem på dagen?

Det er eit mål at det alltid skal vere ledig parkering på dei ordinære parkeringsplassane (besøksparkeringa). Desse er tilgjengelege for alle, men kostar 25 kroner i timen mellom 07 og 17. Når det gjeld fordelsparkeringer for studentar og tilsette er det forventa at færre vil køyre bil etter innføringa av p-avgifta, men dette er vanskeleg å føreseie. 

9.  Kor mange handikapplassar er det?

Det er cirka 20 parkeringsplassar for rørslehemma på campus. Plassane er markerte på parkeringskartet med raudt symbol.

10.  Eg må køyre bil til campus på grunn av lang reiseveg eller andre grunnar. Er det nokon særordningar for meg?

Nei, prisen er sett lågt for alle tilsette og studentar på fordelsparkeringa for å unngå store administrasjonskostnader. Det skal vere likt tilgjenge for alle, med unntak av dei som har handikapkort.

11.  Kvar skal eg setje sykkelen min?

Det er fleire sykkelparkeringer i Breivika. Mellom anna sykkelparkering under tak ovanfor Øvre lysthus, sykkelskur ved Modulbygget og sykkelskur / sykkelparkering ovanfor MH-bygget. Utanom dette finst det mange sykkelstativ rundt om på heile campus.

12.  Kvar kan eg setje motorsykkelen/mopeden/scooteren?

Det vert oppretta ei mengd eigne plassar for MC og moped/scooter. Desse vil vere gratis. Dersom du parkerer på fordelplassane for studentar og tilsette skal køyretøyet registrerast, og du må betala fordelpris på 5 kroner i timen. Parkerer du på ordinær parkeringsplass (besøksparkering) treng du ikkje å registrere køyretøyet, men prisen er 25 kroner timen. OBS: ATV vert rekna som vanleg bil. Berre køyretøy med to hjul kan nytta plassar reservert for MC og moped/scooter.

13.  Kvar kan eg setje el-bilen min?

El-bil betalar to kroner timen på fordelsplassane for studentar og tilsette. Appen Flow gjenkjenner automatisk skilta og regulerer taksten i sone 6740 til 2 kroner. Dersom du har el-bil med utenlandsk eller personlige skilt må du betale vanlig takst.

Ladestasjon kostar 15 kroner timen, sjå takstsone på skilta.

14.  Gjeld betalinga alle studiestadene i Tromsø?

Ja, frå og med 1. mai vert det avgift på alle studiestadene i Tromsø.

15.  Vil busstilbodet bli betre?

Troms fylkeskommune er i ferd med å revidere heile kollektivtrafikksystemet for Tromsø, og har òg vorte tildelt 260 millionar fordelt over fire år i såkalla påskjønningssmidlar frå Staten. I samband med det er det naturleg at òg kollektivtilbodet til UNN og UiT vert tilgodesett.

16. Kva skal pengane frå parkeringsavgifta bli brukt til?

80 prosent skal gå til miljøretta tiltak på campus. Det betyr betre sykkelparkering, sykkel- og gangfelt, betre av- og påstigingsløysning, forlenga trasear for syklande og gåande. Her er nokre eksempel på kva midlane har blitt brukt til

17.  Kvifor vert det avgift?

Avgiftsparkering er normalt i pressområde. Universitetsstyret har vedteke å innføre avgiftsparkering mellom anna fordi presset på parkeringsplassane er stort. Det er vanskeleg for besøkande å finne ledige parkeringsplassar i Breivika etter eit gjeve tidspunkt. Å auka mengda ordinære plassar (besøksplassar) vil hjelpe på. UiT har òg som mål å ha ein så miljøvenlig drift som mogleg, og belaste det ytre miljøet i minst grad. Avgiftsparkering er eit velkjent verkemiddel for å nå dette målet. 

18.  Kva skjer om eg gløymer å avslutte den løpande parkeringa min ein dag?

Du kan starte parkeringa på to måtar i appen. Du kan velje å betale for ein førehandsbestemt periode, til dømes sju timar. Eller du kan velje «start parkering» når du kjem og «avslutt parkering» når du dreg. Dersom du vel den siste metoden og gløymer å avslutte, vil du belastast for parkering fram til klokka 24. Men sidan avgiftsperioden vert avslutta klokka avslutta 17 vil du belastast 0 kroner per time mellom 17 og 24. 

19.  Kan tilsette ved UiT som jobbar andre stader enn på campus Tromsø i Breivika krevje å få refundert parkeringsavgift? 

Nei. I samband med innføringa av parkeringsavgift ved UiT må alle som parkerer på dei avgiftsbelagde parkeringsplassane ved universitetet betale avgift. Ordninga er i tråd med miljøplanen til universitetet, som mellom anna  har som mål at tilsette og studentar skal redusere bruk av privatbil og i større grad reise kollektivt, og dessutan leggje til rette for auka bruk av videokonferansar og telefonmøte.



Ansvarlig for siden: Tommy Hansen
Sist oppdatert: 02.08.2019 12:39
Relaterte sider: