Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Parkering i Tromsø

UiT har i hovudsak tilbode to typar parkering på sine område:

Korleis betale


kartet visast plasseringa av dei ulike parkeringsanlegga.

Klikk her for å laste ned større kart

Det er privatrettsleg parkering på UiT campus Breivika

  • Besøkande, tilsette og studentar må betale for å parkere på UiT sine område
  • UiT bestemmer sjølv korleis parkering skal skje
  • Apcoa har ansvaret for å handheve ordninga
  • UiT kan leggje til, fjerne og endre p-plassar utan godkjenning frå forvaltning/Tromsø kommune

Prisar

  • Tilsette og studentar med elbil: 2 kr timen
  • Tilsette og studentar med ordinær bil: 5 kr timen
  • Besøkande og gjestar: 25 kr timen (gjeld også gjestar med elbil)

Betaling alle kvardagar 07.00 - 17.00.

HC-parkering

For å kunne parkere på HC-plass krev UiT bevis frå Tromsø kommune. Dei som har HC-bevis parkerer gratis.

Korleis registrere deg som brukar i APCOA Flow

  1. Last ned APCOA FLOW i App Store eller Google Play. Du kan også få tilgang til løysinga via mobilparkering.com.
  2. Opprett brukarprofil ved å fylle inn informasjon og les/godta brukarvilkår.
  3. Du vil få ein SMS for verifiseringskode. Tast inn kode og bekreft.
  4. Du er no registrert!

Korleis registrere Fordelsparkering for UiT med Feide

  1. Gå inn på «Fordelsparkering» i hovudmenyen, enten i app eller mobilparkering.com, og registrer fordelsparkeringa di for UiT.
  2. Les og godta UiT sine brukarvilkår.
  3. Registrer køyretøyet ditt som du ønskjer å knyte til Fordelsparkering. Dersom du ønskjer å bytte bil, må dette gjerast i profilen din under «køyretøy».
  4. Du blir sendt vidare til FEIDE for innlogging.
  5. Fordelsparkeringa blir fullført ved at FEIDE-ID blir knyta til profilen til brukaren.
  6. Registreringa av Fordelsparkering er fullført.
  7. Du kan no starte og stoppe parkeringa di!

Merk: Du må starte parkeringa kvar gong du parkerer.

Har du innspel til kva UiT skal bruke parkeringskronene til? No kan du sende inn ditt forslag for eit grønare UiT

Parkeringssoner

Breivika

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6740 (Gjeld óg for el-bil)
Besøkjande: takstkode 6739

Ladeplassar for studentar og tilsette med el- eller hybridbil: takstkode 6766

Norges arktiske universitetsmuseum (Tromsø Museum)

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6742

Mellomvegen 110: : fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6743

Besøkjande: takstkode 6743

Nordlysobservatoriet

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6750

Musikkonservatoriet

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6733

Parkering på plassar skilta «reservert parkering gul eller raud sone» 

Parkering med gult p-løyve – ved Driftssentralen og ved BFE-fak

Gul sone ved driftssentralen
Gul sone ved Driftssentralen, klikk for større versjon
Gul sone ved BFE
Gul sone ved BFE, klikk for større versjon

Tilsette i bedrifter som ligg på campus Breivika

Vi siser til kvar enkelt bedrift for informasjon om deira parkeringsplassar. 

Motorsykkel (MC), moped og scooter

  • Parkerer kun gratis på skilta MC-plassar. 
  • MC-plassar er berre for MC, moped og scooter med to hjul
  • Treng ikkje å registrere seg i appen Apcoa Flow for å parkere på skilta MC-plassar

ATV

ATV skal parkere på vanleg parkeringsplass for bil. Parkeringsreglar/-prisar er dei same som for bil både på dei ordinære parkeringsplassane og på fordelsparkeringsplassane for studentar og tilsette. Berre studentar og tilsette som har oppdatert informasjon i app eller på nett kan parkere ATV på fordelsparkeringsplassane for studentar og tilsette. 

Presse

Det er eigne parkeringsplassar for presse. Pressekort vert delt ut av Seksjon for kommunikasjon i administrasjonsbygget.

Kontakt

Alle spørsmål om parkeringsanlegga på campus kan rettast til parkering@uit.no.

Alle spørsmål om kontrollavgift, skilting og parkeringsautomatar rettast til Apcoa parkering.



Ansvarlig for siden: Tommy Hansen
Sist oppdatert: 20.09.2019 15:05
Relaterte sider: