Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

UiT si historie

Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet (UiT) er ei drivkraft i utviklinga av landsdelen. Då universitetet vart etablert i 1968, vart det omtala som eit distriktspolitisk eksperiment. Eksperimentet var – og er – vellukka. UiT har vorte ein av dei sentrale utdannings- og forskningsinstitusjonane i Noreg.

Det mangle ikkje åtvarande røyster mot å etablere eit universitet i Nord-Noreg. Det vart spådd så svak søking av forskarar og studentar at det verken ville halde eit fagleg forsvarleg nivå eller oppnå ein forsvarleg størrelse. Når Stortinget trassa motstanden, var det for å skape større geografisk likskap og rettferd mellom Nord-Noreg og resten av landet. Målet var å gi nordnorsk ungdom betre tilgang til utdanning og sikre rekruttering av fagfolk til landsdelen.

Nokre viktige tidsskilje i vår historie:

  • 1918: 
    Hans A. Meyer, politikar og næringslivsmann frå Mo i Rana, lanserer tanken om eit universitet i Tromsø.
  • 1962: 
    Universitetet i Tromsø kjem på den politiske dagsorden.
  • 1967: 
    Regjeringa føreslår å opprette eit universitet i Tromsø.
  • 1968: 
    Stortinget vedtek å opprette eit universitet i Tromsø.
  • 1969: 
    Universitetet i Tromsø får eit interimstyre. Leiar er Peter F. Hjort.
  • 1972: 
    Kong Olav V opnar Universitetet i Tromsø i Tromsø Domkyrkje, og dei første studentane og lærarane tek til i leigde lokale.
    Fiskerikandidatstudiet etablert
  • 1973:
    Profesjonsstudiet i medisin etablert
  • 1976:
    Tromsø Museum blir ein del av Universitetet i Tromsø
  • 1978: 
    Det første permanente bygget på universitetsområdet i Breivika, er ferdig. Tomta er 1500 mål. I løpet av de neste ti årne kjem bygg etter bygg opp, og studentane får tilbod om nye studium, t.d. jus i 1984.
  • 1987:
    Profesjonsstudiet i jus etablert
    Sivilingeniørstudiet etablert
  • 1988: 
    Noregs fiskerihøgskole (oppretta i 1972) blir ein permanent vitskapleg høgskole ved Universitetet i Tromsø.
  • 1989: 
    «Hovedgården» som bl.a. husar universitetet sin sentraladministrasjon, vert tatt i bruk.
  • 1991:
    Medisin- og helsefagbygget er ferdig, Regionsykehuset i Tromsø (RiTø, no Universitetssykehuset i Nord-Norge, UNN), Nord-Europas mest moderne universitetsklinikk, vert tatt i bruk.
    Profesjonsstudiet i psykologi etablert
  • 1993: 
    25-årsjubileum for stortingsvedtaket om etablering av det fjerde universitet i landet, lokalisert i Tromsø. Avdeling for arktisk biologi flytter inn i nye bygningar i Breivika.
  • 1994: 
    I løpet av sommaren står eit eget bygg for Noregs fiskerihøgskole ferdig til innflytting.
    Masterstudiet i farmasi etablert
  • 1997: 
    Universitetet innfører fakultetsstruktur.
  • 2004:
    Profesjonsstudiet i odontologi etablert
    Siviløkonomiutdanninga etablert
  • 2005:
    Kong Harald V opna Teorifagbygget.
  • 2006:
    Universitetet tek opp att drøftingar med Høgskolen i Tromsø om fusjon.
  • 2007:
    Universitetsstyret og høgskolestyret vedtar samrøystes å søke Kunnskapsdepartementet om å bli fusjonert frå 1.1.2009. Regjeringa godkjenner fusjonen 26. september 2008.
  • 2008:
    Universitetet i Tromsø markerer 40 år sidan stortingsvedtaket.
  • 2009:
    Universitetet i Tromsø blir fusjonert med Høgskolen i Tromsø under namnet Universitetet i Tromsø.
  • 2013:
    Universitetet i Tromsø fusjonerer med Høgskolen i Finnmark 1. august, og skifter namn til Universitetet i Tromsø -Noregs arktiske universitet
  • 2016:
    UiT Noregs arktiske universitet fusjonerer med høgskolen i Narvik og Harstad 1. januar


Ansvarlig for siden: Lars Nordmo
Sist oppdatert: 01.12.2017 12:55

Rektorar:

  • Peter F Hjort
  • Olav Holt
  • Yngvar Løchen
  • Helge Stalsberg
  • Narve Bjørgo
  • Ole Danbolt Mjøs
  • Tove Bull
  • Jarle Aarbakke
  • Anne Husebekk

Universitetsdirektørar:

  • Willy Haugli
  • Harald Overvaag
  • Arne Benjaminsen
  • Jan Larsen
  • Lasse Lønnum


Skip to main content