Valresultat: Desse kjem inn i universitetsstyret

Resultatet av valet er no klart.

nye universitetsstyremedlemmer
Fra venstre: Jonas Stein, Rikke Gürgens Gjærum, Gunhild Guttvik, Ketil Zakariassen og Anders Lind. Foto: UiT/fotocollage: Christian Halvorsen
Publisert: 10.06.21 15:00 Oppdatert: 02.08.21 11:14
Om UiT

UiT får eit nytt universitetstyre for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

I samband med dette har det vore val av representantar for dei tilsette, og i dag (10. juni) vart resultatet klart. Her er dei nye representantane med vara:

Tre representantar frå gruppa av fast tilsette i undervisnings- og forskarstillingar

Første vara er Rolf Anker Ims, andre vara er Ole-Jakob How og tredje vara er Margrethe Esaiassen.

Ein representant frå gruppa av mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar

Denne gruppa har ingen kandidatar som vara.

Ein representant frå gruppa av teknisk/administrativt tilsette

Tone Osnes er vara.

Endring fra 01.10.21

Gunhild Guttvik sluttar i stillinga si ved UiT den 30.09.21. I samsvar med valreglane sluttar ho i styret frå same dato. Tone Osnes blir ny styremedlem frå teknisk/administrativt tilsette, og Aase Tveito rykker opp som varamedlem frå same dato.

– Eg vil takka alle dei dyktige kandidatane som har stilt til val, og gratulere dei som er valt inn i universitetsstyret. Leiinga ved UiT ser fram til eit godt samarbeid med valde og eksterne representantar i det nye styret, seier universitetsdirektør Jørgen Fossland.

Litt høgare valdeltaking

Valdeltakinga i år var på 49,31 % i gruppa fast tilsette i undervisning- og forskarstillingar. Det er seks prosentpoeng fleire enn i 2017.

I gruppa teknisk/administrativt tilsette var valdeltakinga på 39,85 %, noko som er opp nær 2,5 prosentpoeng frå i 2017.

I gruppa mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar var valdeltakinga på 18,6 %, noko som er ned fem prosentpoeng samanlikna med valet for fire år sidan. Det heng truleg saman med at det berre var ein kandidat til vervet denne gongen.

Ekstern styreleiar for første gong

Studentane har to medlemmar i universitetsstyret, og 20. mai vart Maren Irene Gåre Bakkevoll og Ole Andreas Myhrer Smith valt som representantane deira. Karoline Sveen og Petter Nikolai Rønning vart valt som vara.

Kunnskapsdepartementet (KD) peikar ut fire eksterne medlemmar, inkludert styreleiar, til universitetsstyret. Det er forventa at KD informerer om kven dei er i løpet av juni månad.

Det nye universitetsstyret trer saman i ein ny fase for universitetet. 1. august i år går UiT frå todelt til einskapleg leiing, og det er første gong UiT får ein ekstern styreleiar og tilsett rektor.

Sjå òg:

Her er dei eksterne styremedlemane ved UiT

Val til UiT-styret i vår: Klart du skal engasjere deg

Valsida til UiT