Her er dei eksterne styremedlemane ved UiT

Marianne Elisabeth Johnsen blir ny styreleiar og Anders Malmberg, Aili Keskitalo og Christian Chramer blir styremedlemar ved UiT. Nye varamedlemar er Trude Slettli og Arve Ulriksen.

Portrett Marianne Elisabeth Johnsen
Marianne Elisabeth Johnsen er utnemnd til ny styreleiar ved UiT. Foto: Jørn Normann Pedersen / Nordlys
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Konstituert kommunikasjonssjef (til 1. september 2024), seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 28.06.21 18:18 Oppdatert: 29.06.21 07:56
Om UiT

Kunnskapsdepartementet har valt ny styreleiar og nye styremedlemar ved UiT for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Marianne Elisabeth Johnsen er ein erfaren styreleiar med lang leiarerfaring frå nærings- og samfunnsliv og offentleg forvaltning. Ho kjenner også Nord-Noreg godt mellom anna fordi ho har erfaring frå Sjømatrådet. Eg kjenner Johnsen som ein samlande leiar med eit omfattande samfunnsengasjement. Difor er eg trygg på at ho saman med resten av styret vil inspirere og utfordre universitet til å prestere endå betre, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Marianne Elisabeth Johnsen (Bærum) har lang erfaring som leiar og styreleiar, mellom anna er ho styreleiar i Noregs Sjømatråd AS og, styremedlem i Elkem ASA. Johnsen har leiarerfaring frå nasjonalt og internasjonalt næringsliv, Oslo universitetssjukehus og fleire verv i kultursektoren mellom anna som styreleiar i Kilden Teater og Konserthus for Sørlandet og Litteraturhuset, samt fleire verv i frivillig sektor.

Les også: Valresultat: Desse kjem inn i universitetsstyret

Nye styremedlemar:

Anders Malmberg (Uppsala) er professor  og viserektor ved Uppsala universitet, og noverande styremedlem. Malmberg har lang erfaring som leiar i akademia, og som forskar.

Aili Keskitalo (Kautokeino) er sametingspresident og har brei erfaring frå nasjonale og internasjonale råd og utval der arktiske og urbefolkningsoppgåver er sentrale.

Christian Chramer (Tromsø) er direktør for område medlem og region i NHO, og er noverande varamedlem, og mellom anna nestleiar i Ungt Entreprenørskap Noreg.

Varamedlemar:

Trude Slettli er frå Tromsø og er sjølvstendig næringsdrivande. Slettli har lang leiar- og styreerfaring frå Nord-Noreg.

Arve Ulriksen er mellom anna dagleg leiar i Mo industripark. 

Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Konstituert kommunikasjonssjef (til 1. september 2024), seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 28.06.21 18:18 Oppdatert: 29.06.21 07:56
Om UiT