Foto: Jørn Berger Nyvoll

Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi


    English flag   

Instituttet samlar fire profilerte, tradisjonsrike og beslekta fag under same tak: arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi.

Arkeologien tar for seg eit langt tidsperspektiv frå menneska blei til, til nyere tid. Her studerer vi forhistoriske og historiske samfunn ut frå dei materielle spora samfunna har etterlatt. Det kan vere reiskapar og andre gjenstandar, men også graver, spor etter bustader, fangstanlegg eller religiøse anlegg, alle materielle spor som kan brukast til å tolke livet i fortida.

Innanfor historiefaget er målet å gje kompetanse i allmenn norsk og internasjonal historie, og samstundes setje nordområda inn i eit historisk perspektiv, både det fleirkulturelle og fleiretniske nord, så vel som nordiske og norsk-russiske relasjonar.

Religionsvitskapen arbeider med religiøse tradisjonar både lokalt og globalt, samstundes som den gjev ei systematisk og komparativ behandling av fenomenet religion som ein viktig del av samfunn og kultur.

Teologifaget tar utgangspunkt i éin religion, kristendommen, og studerer dei viktigaste skriftene, historisk utvikling og det sentrale trus- og tankeinnhaldet der. Faget tar både for seg kristendommens eigenart som religion, og relevansen den har i samtida.

Fagside arkeologi

Fagside historie

Fagside religionsvitskap

Fagside teologi

 

Registreringssentral for historiske data (RHD) 
er ein nasjonal institusjon ved UiT Noregs arktiske universitet. Hovudformålet er å transkribera historiske kjelder og gjera desse tilgjengelege for forsking.
 

Ansatte ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi:




[Loading...]


Arrangementer


The Welsh Dragon hearing the Irish harp: the influence of Irish nationalism on the Welsh National Party, 1925–1939

29. januar     14:00     SV- og HUM-bygget: B 1004 Undervisningsrom     Tromsø    

The Welsh Dragon hearing the Irish harp: the influence of Irish nationalism on the Welsh National Party, 1925–1939

29. januar     14:00     SV- og HUM-bygget: B 1004 Undervisningsrom     Tromsø    

Living with the Ocean – UiT Exhibition Launch at Arctic Frontiers

2. februar     13:00     Arctic Frontiers Conference / Strandtorget (foran Nerstranda)     Tromsø    

EUGLOH Campus Life Virtual Fair: Discover University of Novi Sad

10. februar     12:00     Webinar     Digitalt