Brennpunkt nord

Brennpunkt Nord – nyskapande prosjekt på UiT

Senter for samiske studium har fått over 8 millionar frå Utanriksdepartementet til "Brennpunkt Nord" - eit mangesidig prosjekt som kombinerer både utdanningstilbod, forsking og nettverksbygging mellom institusjonar i nord. - Kunnskapsutvkling på ein ny måte, seier prosjektleiinga.



Hans-Kristian Hernes og Bjørg Evjen er ansvarlege for "Brennpunkt Nord". Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Det nye med prosjektet er at det korkje er eit reint studentutvekslingstiltak eller eit reint forskingsprosjekt. Det er mangesidig, og det inolverer institusjonar og miljø som elles ikkje er så nært knytte til eit undervisningstilbod, seier prodekan på HSL-fakultetet, Hans-Kristian Hernes, og professor på Senter for samiske studium (SESAM), Bjørg Evjen.

Nettverksbygging
"Brennpunkt Nord" har fått finansiering for fire år og skal innehalde seminar, studentstipend, ekskursjonar og professor II-stillingar.

Dei faglege brennpunkta, det som prosjeket særleg skal konsentrere seg om, er å 1) auke kunnskapen om  folkegrupper i nord, 2) auke kunnskapen om drivkrefter og sårbarheit i nord og 3) byggje betre nettverk og samhandling mellom utrfolksinstitusjonar.

- Me håpar å kunne byggje nettverk som samla vil vera til nytte for alle partar, og som blir fruktbart i utvikling av ny kunnskap, seier Hernes og Evjen.

Utdanninga er utgangspunktet
Prosjektet byggjer på samarbeid og kontakt mellom institusjonane som til dels allereie er i gang.

- Men det som også er litt spesielt med dette prosjektet, er at utdanningstilbodet er kjerna i det me byggjer opp. Me har teke utgangspunkt i masterprogrammet vårt i urfolksstudium og så byggjer me forskingsnettverk rundt dette, og vidare samarbeid med andre institusjonar utanpå det igjen, fortel Hernes.

Såleis er prosjektet sett saman av element som SESAM allereie har teke i bruk i masterutdanninga. Til dømes dei mange ekskursjonane til ulike stader på Nordkalotten.

- Det har me god erfaring med frå tidlegare, og det er svært populært mellom studentane, fortel Evjen.

- Også dei miljøa me reiser til set pris på dette - det er artig når studentar frå heile verda kjem inn på eit lite museum og spør om dei underlegaste ting. Det er mykje å lære - for alle - på slike turar, seier Evjen.

- Musea har ei viktig rolle i å framskaffe ny kunnskap, med alt det materialet mange av dei disponerer, understrekar Hernes.

Universitetet i Tromsø skal vera navet
Alle seminara i prosjektet skal gå føre seg ved Universitetet i Tromsø.

- UiT blir navet i prosjektet. Tanken er at samarbeidspartane våre skal kunne koma hit, møtast - også med dei andre kunnskapsinstitusjonane som er her i byen - og ta med seg noko attende.

- Dei publikasjonane som etterkvart kjem, vil kunne vera utgangspunkt for nytt pensum, til dømes, og nettverka som blir bygde håpar me blir varige, også etter den finansierte fireårsperioden, avsluttar Hernes.

Skrevet av Sigrun Høgetveit Berg, 18.12.2012




Ansvarlig for siden: Broderstad, Else Grete
Sist oppdatert: 22.11.2021 14:18