Brennpunkt nord

Nordkalotten på kryss og tvers for studentane

Senter for samiske studium nøyer seg ikkje med å undervise studentane sine i auditorium og seminarrom på campus. Dei tek dei med ut - på kryss og tvers over Nordkalotten.

Noko som blir ein samansett og spennande læringsarena! Studentane på urfolksmasterprogrammet kjem frå alle verdas kantar - også frå Finnmark og Finland. Når denne studentgruppa saman reiser på besøk til ulike type institusjonar i nord, oppstår det spennande møte og overraskande spørsmål.

Besøk på Sametinget i Karasjok. Foto: Rolf-Egil Haugerud

- Sjølvsagt er det mykje som er svært framandt for våre internasjonale studentar. Mellom anna blir dei overraska over kor mange museum me har. Det lokalhistoriske perspektivet - som står veldig sterkt i Noreg - er heilt ukjent mange andre stader, fortel professor Bjørg Evjen, fagleg koordinator på urfolksmasterprogrammet og prosjektleiar på Brennpunkt Nord.

Brennpunkt Nord er eit prosjekt som skal kombinere utdanningstilbod, forsking og nettverksbygging mellom institusjonar i nord. Målet er å utvikle kunnskap på ein ny måte. Ein av hovudingrediensane er å ta med studentane ut av universitetet og inn i landskap, stader og institusjonar som er med og byggjer kunnskap om samfunna i nord.

Knallhardt program - stor suksess
- Turen me nyleg var på, var ein pilot i forprosjekteringa av Brennpunkt Nord. Det var eit omfattande og tettpakka program - med over 100 mil i buss - men me er alle svært nøgde med opplegget og kan difor trygt starte for fullt med prosjektet frå hausten av, seier Evjen.

- Uansett kva ein har som spesialfelt eller jobbar med på masteravhandlinga, er slike turar lærerike, supplerer førsteamanuensis Torjer A. Olsen.

- Dessutan gjev det ein ekstra dimensjon til opplegget når me hadde med studentar som sjølve kom frå dei omrdåa me besøkte. Når ein frå Inari og ein frå Tana bidrog med sin lokalkunnskap, gav det heile opplegget eit løft, fortel Olsen.


Scootertur på Enare. Foto: Olga Shavrina

- I evalueringa var det berre positive attendemeldingar frå studentane - og isfisket på Enare sjø var eitt av høgdepunkta.

Olsen har også blogga frå turen - som du kan lesa her.

Kollega-læring
- Det er heller ikkje berre studentane som får mykje ut av ein slik tur, seier Olsen. Me som er fagleg tilsette får også mykje påfyll i møte med stader, personar og institusjonar som me forskar på.

- Dessutan får me tid til å prate saman, kollegaer i mellom. I løpet av tre timar på isfiske fekk me gjort unna meir planlegging enn i hektiske arbeidsveker på campus, ler han.

- Noko av målet med Brennpunkt Nord er jo også å tilby noko attende til dei mange miljøa me besøkjer, ved at me kan dele kunnskapen vår med dei og at dei kan koma hit til Tromsø og delta på faglege seminar her, seier Evjen.

Skrevet av Sigrun Høgtveit Berg, 03.05.2013




Ansvarlig for siden: Broderstad, Else Grete
Sist oppdatert: 22.11.2021 14:18