Fagsida for historie ved UiT

Fagsida for historie ved UiT

Kva er historie?

Historie er «vitskapen om endringar». Langtidsperspektiver er ofte viktig for å forstå raske endringar i vår eiga tid. Samstundes har langstrekte utviklingsprosessar også skapt det mangfaldet av samfunnsformer som vi er omgitt av. Historie tar opp erfaringane frå tidlegare generasjonar, erfaringar som er fascinerende i seg sjølv, men som også aukar forståinga vår av mangfaldet i vår samtid. Historiestudiet gjev ei innføring i faget frå antikken til i dag, med vekt på norsk og europeisk historie i ulik grad av fordjuping. Undervisinga er variert og studentane blir vurderte gjennom tradisjonell eksamen, oppgåveskriving med rettleiing og munnleg prøving. Vi vil utvikle både den kritiske lesaren og den gode skribenten. Difor er lesing av historiske framstillingar sentralt i studiet, ved sida av innslag av skriving og skrivetrening. 

Studium i historie

Innanfor faget historie kan du studere ei mengde ulike tema, frå oversiktstema som omhandlar norsk, europeisk eller verdas historie, til mindre tema som er eigna til å fordjupe seg i. Eit årsstudium i historie vil til dømes gje ei brei innføring i tema som kan vere nyttige for lærarar i skolen eller andre som søkjer eit sterkare historiefagleg grunnlag i arbeidet sitt. Ein bachelor i historie gjev både oversikt og ei begynnande innsikt i dei teoretiske og metodiske sidene ved faget. Ein master i historie gjev i tillegg til bachelorgraden høve til å fordjupe seg forskingsmessig i eit tema som studenten interesserer seg særleg for. I tillegg kan du også ta bachelor og master i Russlandsstudium, ein studievariant som særleg gjev høve til fordjuping i russisk historie. 

Yrkesmoglegheiter

Historiefaglege studium gjev gode yrkesmoglegheiter innanfor ei rekke yrke. Det kan vere undervising i grunn- eller vidaregåande skole, arbeid i media, innanfor museums- og kultursektoren, i administrativ sektor, i det heile tatt arbeid som krev kompetanse i å setje seg inn i, bearbeide og utgreie store mengder av informasjon. 

Studieløpet

Studentar som vil ta bachelorgraden i historie skal minimum ha historieemne tilsvarande 90 studiepoeng. I tillegg kjem 20 studiepoeng ex.phil og ex.fac som også er obligatoriske. Av de 90 studiepoenga i historie er det ein obligatorisk del på 40 studiepoeng (HIS 1001, 1002, 1003 og 2001). Dei resterande 50 poenga er valemne. 20 studiepoeng av de valfrie historieemna skal vere på 2000-nivå. Programmet legg opp til eit normalt løp på 100 studiepoeng i historieemne.

Studentar kan takast opp på masterstudiet dersom ein har ein bachelorgrad i historie med ein gjennomsnittskarakter på minimum C. Masterstudiet varar samla i fire semester, kor to semester er særskilt sett av til masteroppgåva.


Utdanning

Bachelor i historie
Master i historie
Årsstudium i historie
Bachelor i Russlandsstudier
Master i Russlandsstudier
Emneoversikt våren 2020 (PDF)

Fullførte mastergrader i historie
Programstyret for bachelor- og mastergradsprogram i historie

Generell studentinformasjon

Alt om eksamen ved UiT
Oppgaveskriving (maler)
Oppgaveskriving på UB
Finn fagstoff på UB



Ansvarlig for siden: Bentz, Tore Børseth
opprettet: 28.02.2020 11:09