Historie finst over alt rundt deg. I fortida ligg kunnskap om notida og dersom ein forstår fortida, kan ein også forstå notida. Historie er vitskapen om endring. Endring kan skje i løpet av berre nokre dagar, medan noko er uforanderleg gjennom fleire hundre år. Kva skapar endring? Kva rolle har enkeltmennesket, samfunnet og strukturane for historia? Frå historia til lokalsamfunn i Nord-Noreg til store europeiske verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltskjebnar og store forteljingar - dette får du eit innblikk i gjennom studiet.
Ved spørsmål om opptak og søknadsprosess, ta kontakt på epost: opptak@uit.no
Studiekonsulent (historie)
Førsteamanuensis i historie
Ofte treng ein langtidsperspektiv for å forstå raske endringar i eiga samtid så vel som langsame endringar som har skapt det mangfaldet av samfunnsformer vi er omgitt av. Historie tar opp erfaringane frå tidlegare generasjonar, erfaringar som er fascinerande i seg sjølve, men som også aukar forståinga vår for mangfaldet i vår eiga tid.
Studiet i historie gir ei innføring i faget frå mellomalderen til i dag med vekt på norsk og europeisk historie med ulike fordjupingar. Frå historia til lokalsamfunn i Nord-Noreg til store verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltskjebnar og store forteljingar, får du eit innblikk i korleis historia har blitt framstilt og kva metodar ein bruker for å finne ut av og tolke fortida. Du lærer deg å sjå samanhengar og reflektere over menneska sine handlingar i samfunnet, om det er for eit avgrensa tidsrom på nokre dagar, eller ein periode på fleire hundre år.
Historiefaget krev at du er eller blir både ein kritisk lesar og ein god forfattar. Allereie første studieår får du innføring i prinsipp for kjeldekritikk, metodar i historieforsking samt historieforskinga si eiga historie. Gjennom heile studiet blir du trena i å lese både andre sine framstillingar av historie og historiske kjelder og får sjølv prøvd ut skriveferdigheitene gjennom semesteroppgåver og heimeeksamenar. Mange eldre kjelder er skrivne med gotisk handskrift. Dette er ei handskrift vi ikkje brukar i dag, og som kan vere vanskeleg å lese og forstå. Siste semester på studiet frå du grunnleggande opplæring i å lese og forstå gotisk handskrift, noko som gjer det mogleg for deg å nå inn til tankane og problema til menneska på 1500-talet og fram til 1800-talet.
Ved UiT får du på andre og tredje studieår moglegheit til å fordjupe deg i mellom anna mellomalderhistorie, tidleg nytid (1500/1600-talet), 1800- og 1900-talets historie og russisk historie for å nemne nokon. Siste semester kan du velje å fordjupe deg i eit sjølvvalt tema og skrive bacheloroppgåve der du får testa ut dine ferdigheiter i tolking, kjeldekritikk, refleksjon og historieframstilling.
Valemne:
Gjennom valemna kan du skreddarsy breidda og djupna i studiet ditt. I løpet av studiet skal du ha minimum historieemne tilsvarande 90 studiepoeng, av desse er det ein obligatorisk del på 50 studiepoeng. Resten av dei 40 studiepoenga i historieemne vel du sjølv. Av dei valfrie historieemna skal 20 studiepoeng vere på 2000-nivå. Kva for valemne du tek, er avhengig av dine interesser, og du bør velje utifrå dine eigne planar for vidare studium eller arbeid. I tillegg til valemne på historie, har du moglegheit til å velje frie valemne på til saman 70 studiepoeng frå andre fagområde, som f.eks. arkeologi, sosialantropologi, kunsthistorie, sosiologi, statsvitskap, religionsvitskap eller språk.
Etter bestått studieprogram skal kandidatane ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar:
Kandidaten har:
Ferdigheiter:
Kandidaten kan:
Generell kompetanse:
Kandidaten skal kunne:
Historikarar finn vi innanfor mange forskjellige bransjar, deriblant forsking og undervisning på alle nivå, kulturlivet, media og forlag, reiseliv, private organisasjonar og offentleg forvaltning. Mange historikarar jobbar på museum eller i arkiv, med formidling av historie til eit breiare publikum. Som gode skribentar finn ein ei rekke historikarar i media og forlag, som forfattarar/frilans skribentar, samt i offentleg og privat administrasjon.
For mange er ei karriere i skulen, med formidling av historie til barn og unge, riktig karriereveg. Med ein mastergrad i eit skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) får du undervisningskompetanse i historie på ungdoms- og videregående skole.
Dersom du ønskjer å jobbe som bibliotekar, kan du bygge på med årsstudium i bibliotek- og dokumentasjonsvitenskap.
Alt etter kva kombinasjon av fag du har i studiet ditt, kan du rette deg inn mot ulike bransjar. Det viktigaste å hugse på er at basiskompetansen historie gir, kan ligge i botn på nesten kva yrke som helst, og opnar opp for mange moglegheiter i karriereløpet ditt!
Les meir om arbeidsmoglegheitene i våre karriereintervju.
Semester | 10 studiepoeng | 10 studiepoeng | 10 studiepoeng | |||
1. sem (høst) | ||||||
2. sem (vår) | ||||||
3. sem (høst) |
Utveksling eller valfritt emne |
Utveksling eller valfritt HIS-emne på 1000-nivå |
Utveksling eller valfritt HIS-emne på 1000-nivå |
|||
4. sem (vår) |
Valfritt emne |
Valfritt emne |
||||
5. sem (høst) |
Valfritt emne |
Valfritt emne |
Valfritt emne |
|||
6. sem (vår) |
Valfritt HIS-emne på 2000-nivå |
Valfritt HIS-emne på 2000-nivå |
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Anbefalte forkunnskapskrav for realkompetanse:
Søknadsfristen er 1. mars for søkarar med realkompetanse og 15. april for søkarar med generell studiekompetanse.
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, seminar, studentinnlegg, oppgåveskriving, rettleiing i samband med skriving og ekskursjonar. Gjennom dei ulike undervisningsformene får studentane høve til å fokusere fagleg og studere viktige tema ut frå ulike tilnærmingar. Undervisningsform og omfang er nærmare formulert i dei enkelte emneskildringane.
Eksamen varierer mellom skoleeksamen, heimeeksamen, mappevurdering og munnleg eksamen. Eksamensforma er tilpassa art og innhald i emna, og dei ulike eksamensformene er valde for å prøve studentane i ulike typar kunnskap, og/eller for å gi dei høve til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon av stoffet. Nokre emne har obligatoriske arbeidskrav som må vere avlagde og godkjende før endeleg eksamen i emnet kan leverast.
Undervisningsspråket er vanlegvis norsk, men nokre emne og enkeltforelesingar kan vere på engelsk. Eksamensspråket er normalt norsk, men kan vere engelsk på engelskspråklege emne. Ein del pensumlitteratur vil foreligge på engelsk.
Med bachelorgrad i historie kan du søke opptak til mastergrad i historie. Vær oppmerksam på at det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt på C eller betre for opptak til mastergraden.
Graden er også opptaksgrunnlag til fakultetet sine tverrfaglege masterprogramm i Russlandsstudier, Visual Cultural Studies, Peace and Conflict Transformation og Indigenous Studies.
Du kan også bygge på bachelorgraden med eit årsstudium i bibliotek- og dokumentasjonsvitenskap som gir deg godkjent bibliotekarutdanning.
I ei stadig meir globalisert verd, er internasjonale erfaringar kjempeviktig! Eit utvekslingsopphald i utlandet vil utvide din personlege og faglege horisont. UiT gir deg mange moglegheiter til å ta delar av studia dine som utvekslingsstudent ved ein utanlandsk lærestad. Studiet i historie opnar for utanlandsopphald i tredje- og femte semester. Dersom du vil reise på utveksling eit heilt år, gjer du det anten i tredje- og fjerde semester eller fjerde- og femte semester. Snakk med studiekonsulent og internasjonal koordinator om dette.
Studentar på historie har hatt utvekslingsopphald ved mange universitet i Norden, Europa og i andre verdsdelar. Informasjon om søknadsprosessen, fristar, stipendmoglegheiter osb. finn du på universitetet sine nettsider om utveksling.
Studiested | Land |
---|---|
University of Milan | Italia |
University of Copenhagen | Danmark |
Aarhus University | Danmark |
Tampere University | Finland |
National Research University ”Higher School of Economics | Russland |
Nicholas Copernicus University in Torun | Polen |
University of Iceland | Island |
University of Hawaii at Hilo | USA |
Autonomous University of Barcelona | Spania |
Åbo Akademi University | Finland |
University of Granada | Spania |
Technical University of Liberec | Tsjekkia |
Lund University | Sverige |
St Petersburg State University | Russland |
Uppsala University | Sverige |
Northern (Arctic) Federal University named after M.V. Lomonosov | Russland |
University Paul Valéry of Montpellier | Frankrike |
University of Helsinki | Finland |
Førsteamanuensis i moderne historie med særleg ansvar for urfolks- og minoritetshistorie
Barents Chair in Russian Studies (historie)
Førsteamanuensis i eldre historie
Min forskning og undervisning er hovedsakelig knyttet til norsk og internasjonal historie på 1900-tallet