Fagsida for religionsvitskap ved UiT
Kva er religionsvitskap?
Religionsvitskap er eit historisk og samanliknande fag som undersøker kva religion er, kvifor religiøse tradisjonar oppstår, og kva rolle religion spelar for menneske og samfunn. Faget studerer religion som noko menneska skaper, tolkar og forhandlar om – alltid i samspel med kulturelle og sosiale forhold.
Religionsvitskap ved AHR tilbyr årsstudium og emne som utforskar religiøse tradisjonar, praksisar og førestillingar – både historisk og i dag. Årsstudiet gir innsikt i religion som eit samfunns- og kulturfenomen, og legg vekt på korleis religion påverkar menneske, fellesskap og samfunnsutvikling. Det gir innføring i faglege omgrep og metodar som lar deg analysere både fellestrekk og særpreg ved religiøse uttrykk – frå globale tradisjonar til lokale praksisar. Studiet gir breiddekunnskap i feltet, med vekt på tema som samtidsreligion, samisk religion og urfolkstradisjonar.
Relevans og arbeidsliv
Årsstudiet i religionsvitskap gir verdifull kompetanse som er etterspurd i mange delar av arbeidslivet. Studiet utviklar evna til å forstå og kommunisere på tvers av trus- og kulturskilnader, noko som er sentralt i dagens mangfaldige samfunn.
Dette gjer studiet relevant for arbeid innan kultursektoren, offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar, media, integrerings- og mangfaldsarbeid, og andre yrke der forståing av menneske og samfunn er viktig.
Studieløpet
Årsstudiet består av 60 studiepoeng i religionsvitskaplege emne. Du får ei grunnleggjande innføring i dei sentrale religionstradisjonane, i tillegg til temaemne om ulike område og perspektiv. Studiet passar både for deg som ønskjer ei sjølvstendig fagleg fordjuping og for deg som vil kombinere religionsvitskap med andre studium.
Vi tilbyr i tillegg dei heildigitale mikroemna MIK-1024 Samer og kvener: Urfolk og nasjonale minoritetar i nord og MIK-1025 Mangfoldskompetanse
Religionsvitskap og teologi på Facebook
Utdanning
Mikroemne MIK-1024 Samer og kvener: Urfolk og nasjonale minoriteter i nord
Mikroemne MIK-1025 Mangfoldskompetanse
Fullførte mastergrader i religionsvitskap
Ressursar
Nordnorsk religions- og kirkehistorie
Samisk religion
Mytologi på nettet
Internet Sacred Text Archive
Religious Studies Web Guide: Electronic Images
The Journal of Religion and Film
Bibliografi for religion og film
IAHR International Association for the History of Religions
Programstyret for bachelor- og mastergradsprogram i religionsvitskap og teologi
Generell studentinformasjon
Alt om eksamen ved UiT
Oppgaveskriving (maler)
Oppgaveskriving på UB
Finn fagstoff på UB