Perspektiv på covid-19 i samiske samfunn i Noreg

Målet med prosjektet er å få meir informasjon om korleis den samiske befolkninga i Noreg har opplevd og takla pandemien og smittevernstiltaka, og om samiske kommunar har innført andre reglar og strategiar for å handtere pandemien. Studien blir utført av Senter for samisk helseforskning (SSHF).

Prosjektdetaljar

Status: Pågår

Sluttdato: 2023

Støtta av: Arktisk råd, Sustainable Development Working Group (SWDG), Utanriksdepartementet, Samerådet

Det er Arktisk råd si arbeidsgruppe for berekraftig utvikling (Sustainable Development Working Group, SDWG) som har starta prosjektet, og den norsk-samiske studien er del av det sirkumpolare prosjektet Arctic community perspectives on COVID-19 and public health: A Multi-Site Case Study

Koronapandemien er ei utfordring for offentlege tenester på alle plan, og har ført til spørsmål rundt etnisk og geografisk diskriminering, helsejamstelling og balansen mellom folkehelsetiltak og individuelle rettar. Det har vore ulike reglar og tiltak i dei forskjellige nasjonalstatane til arktiske folk, og forsking trengst for fullt ut å forstå konsekvensane av covid-19 i Arktis.

Dette prosjektet vil identifisere lokal kunnskap gjennom samisk brukardeltaking, og utforske koronaerfaringar og meistringsstrategiar i den samiske befolkninga og samiske samfunn.

Eit stetoskop pakka inn i eit samisk belte.
Foto: Elise Marie Nilssen-Broderstad

Kontakt

Ann Ragnhild Broderstad
Prosjektleiar
Mobil: (+47) 95 97 05 59
E-post: ann.ragnhild.broderstad@uit.no

Gunnhild Skjold
Prosjektkoordinator
Telefon: (+47) 77 64 62 90
E-post: gunnhild.skjold@uit.no

[Loading...]