Om prosjektet
Målet med prosjektet er å finne meir informasjon om korleis den samiske befolkninga i Noreg har opplevd og takla pandemien og smittevernstiltaka, og om samiske kommunar har innført andre reglar og strategiar for å handtere pandemien. Studien blir utført av Senter for samisk helseforskning (SSHF).
Dette prosjektet vil utforske positive og negative samfunnskonsekvensar av folkehelsetiltak som svar på koronapandemien i arktiske samfunnet. Gjennom deltaking frå samiske brukarar skal vi identifisere lokal kunnskap og utforske koronaerfaringar og meistringsstrategiar i den samiske befolkninga og i ulike samiske samfunn.
Bakgrunn
Koronapandemien utfordrar offentlege tenester på alle plan, og har ført til spørsmål rundt etnisk og geografisk diskriminering, helsejamstelling og balansen mellom folkehelsetiltak og individuelle rettar. Det har vore ulike smittevernreglar og -tiltak i dei forskjellige nasjonalstatane der arktiske folk bur, og forsking trengst for å fullt ut forstå konsekvensane av covid-19 i Arktis.
Den samiske covid-19-studien
Den samiske covid-19-studien i Noreg er ein del av Arktisk Råd sitt sirkumpolare prosjekt Arctic community perspectives on COVID-19 and public health: A Multi-Site Case Study (Arktiske samfunnsperspektiv på covid-19 og folkehelse: Ein fleirstads kasusstudie). Prosjektet er starta og leia av arbeidsgruppa Sustainable Development Working Group (SDWG) i Arktisk råd. Den samiske delen av studien blir gjennomført mellom februar 2021 og mai 2023, og vil gi beskrivande data, analysar og anbefalingar som kan bli brukt i folkehelsetiltak i framtida.
Fase 1: Beskrivande data om folkehelsetiltak
Fase 1 av prosjektet var innsamlinga av offentleg tilgjengeleg og beskrivande data for å kartlegge folkehelsetiltak som blei eller ikkje blei sett i verk, som til dømes krav om å halde avstand. isolering ved smitte, reiserestriksjonar, karantene, munnbindbruk og testing. I denne delen prosjektet blei det også kartlagt korleis desse tiltaka påverka befolkningsåtferd og korleis urfolkstradisjonar blei tilpassa til koronapandemien. Fase 1 i Skandinavia og på Grønland blei styrt av Dr. Christina V.L. Larsen (PhD, Centret for folkesundhed i Grønland, Statens Institut for Folkesundhed, Syddansk Universitet & Grønlands Center for Sundhedsforskning, Grønlands Universitet).
Fase 2: Den samiske covid-19-studien i Noreg
Den norsk-samiske delen av prosjektet vil utforske konsekvensane av covid-19 og smitteverntiltaka på individ- og gruppenivå.
Brukarinvolvering er sentralt for prosjektet. SSHF har inngått eit partnarskap med Várdobáiki samisk senter for å sikre samisk deltaking for å identifisere lokal kunnskap og koronaerfaringar. Várdobáiki bidrar med kvalitative intervju med brukarar av Várdobáiki samisk senter om korleis koronapandemien har påverka dagleglivet og tilliten til myndigheitene blant brukarane av senteret.
Dataproduksjonen i fase 2 består av:
- Gjennomgang av samiske media si dekning av koronapandemien.
- Spørjeskjema og strukturerte intervju med kommunar i det samiske språkforvaltingsområdet og nokre byar, samiske institusjonar, Sametinget og Helse Nord.
- Kvalitative intervju med brukarar av Várdobáiki samisk senter.
Forskingsspørsmål
- Kva erfaringar har samiske personar og samfunn med folkehelsetiltak under koronapandemien?
- Korleis tilpassa samiske personar og samfunn seg til koronapandemien?
- Har urfolkskunnskap og lokal kunnskap blitt innlemma i nasjonale smittevernreglar og -råd?
- Har den samiske befolkninga tilpassa seg til koronapandemien på andre måtar i tillegg til dei nasjonale retningslinjene?
- Har tiltaka hatt spesielle konsekvensar (anna enn dei for majoritetsbefolkninga) for sosialt liv, mellommenneskelege forhold, slektningar (også på tvers av grenser) og språk- og kulturarbeid?
- Har samane i Noreg fått informasjon om covid-19 på samiske språk?
Fase 3: Rapport og implementering
Denne siste fasen vil utforske samanhengane mellom studia frå dei åtte medlemslanda for å framheve tiltak i dei arktiske samfunna. Målet er å gi råd og dokumentere lovande framgangsmåtar som kan bli undersøkt av Arktisk Råd og permanente deltakarar i rådet for samstemte og koordinerte folkehelsetiltak knytt til framtidige folkehelsekriser i Arktis. Fase 3 vil også danne grunnlaget for oppfølgingsstudiar om konsekvensar av pandemien i Arktis på lang sikt. I Noreg vil forskarane frå SSHF skrive ein rapport om den samiske studien, og delta som medforfattarar på fagfellevurderte publikasjonar om dette prosjektet.
Tidsplan
Arktiske samfunnsperspektiv på COVID-19 og folkehelse: Ein fleirstads studie | ||
Fase 1 | Fase 2 | Fase 3 |
Beskrivande data |
|
Rapport og fokus på implementering av tiltak i dei 8 deltakande landa. |
Vår 2021 | Haust 2021 - november 2022 | Desember 2022 - mai 2023 |
Vidare undersøkingar som del av SAMINOR 3
SAMINOR 3 er den neste delen av SAMINOR, helse- og levekårsundersøkinga i område med samisk og norsk busetnad. SAMINOR 3 blir gjennomført i område med samisk og norsk busetnad våren 2023–hausten 2025. SAMINOR 3 blir gjennomført med storskala epidemiologisk datainnsamling, spørjeskjema til deltakarar, blodprøvetaking og kliniske undersøkelser i samisk og ikkje-samisk befolkning. SSHF ønsker å vidare utforske konsekvensar av koronapandemien og smittevernstiltak på eit individ- og gruppenivå som eit tillegg i denne studien.
Støtta av
Arktisk råd
Nettside: arctic-council.org
Sustainable Development Working Group (SDWG)
Nettside: sdwg.org
Arktisk råd tok intiativ til prosjektet gjennom deira Sustainable Development Working Group (SDWG).
Prosjektleiaren for Arctic community perspectives on COVID-19 and public health: A Multi-Site Case Study er Sarah Cox, Crown-Indigenous Relations and Northern Affairs, Canada. Prosjektet blir leia av ei sirkumpolar gruppe av Fulbright Arctic Research Alumni.
Utanriksdepartementet
Nettside: regjeringen.no/no/dep/ud/id833/
Utanriksdepartementet støttar og finansierer den samiske covid-19-tilfellestudien i Noreg.
Samerådet
Nettside: saamicouncil.net
Samerådet er ein frivillig samisk organisasjon, med samiske medlemsorganisasjonar i Finland, Russland, Noreg og Sverige. Sidan stiftinga i 1956 har Samerådet arbeidd aktivt med samepolitiske tema. Samerådet støttar den samiske covid-19-tilfellestudien.