FNs berekraftsmål
Prosjektet Perspektiv på covid 19 i samiske samfunn adresserer fleire av FNs 17 berekraftsmål, som har som hovudmål å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane.
Urfolk er løfta fram i mange av berekraftsmåla. I dette prosjektet adresserer vi spesielt berekraftsmål 3 om helse og berekraftsmål 10 om å redusere ulikskap i og mellom land. Berekraftsmål 3 forpliktar oss til å sikre god helse og fremme livskvalitet for alle uansett alder, kjønn eller etnisitet. Ein viktig føresetnad for å kunne gi eit likeverdig helsetenestetilbod er at det finst god helsestatistikk for alle grupper, også den samiske befolkninga. Eit av delmåla i berekraftsmål 3 er å styrke tidleg varsling, risikovurdering og handtering av nasjonale og globale helserisikoar. For å nå dette målet, er forskingsprosjekt designa spesielt for og av samisk befolkning viktige bidrag. Dette prosjektet er eit viktig bidrag til å oppnå bærekraftsmål 3 for samar i Noreg og urfolk i arktiske samfunn. Med auka kunnskap gjennom covid-19-prosjektet bidrar vi også til berekraftsmål 10, som inkluderer eit delmål om å redusere forskjellsbehandling mellom grupper.