Ansattmobilitet

UiT vil leggja til rette for at forskarar skal ha forskingsopphald ved andre institusjonar, og for at forskarar frå andre institusjonar skal ha opphald hos oss. Nedanfor er det samla informasjon om forskarmobilitet.
  • Avtaler. UiT har avtalar med fleire del utanlandske institusjonar som inkluderer forskingssamarbeid og forkarmobilitet. Undersøk med ditt fakultet/rettleiar.Per i dag har vi dessverre ikkje liste over avtalane, dett er under arbeid.
  • Sikkerhet ved feltarbeid og tokt (POA-info, krev UiT-pålogging)
  • Europeisk mobilitetsportal. Planlegg du forskingsopphald i eit europeisk land? Det er etablert ein europeisk forskarmobilitetsportal som omfamnar 33 land for å fremja forskarmobilitet i Europa. Der vil du finna informasjon som kan hjelpa deg i planlegginga av forskingsopphalde
  • Noregs Forskingsråd driftar den norske forskarmobilitetsportalen. Denne er nyttig både for forskarar ved norske institusjonar som ynskjer forskingsopphald utanlands og for forskarar ved utanlandske institusjonar som ynskjer forskingsopphald i Noreg.
  • Forskingstermin. UiT har ei god FoU-terminordning for fast tilsette i stilling som professor, dosent, førsteamanuensis og førstelektor. Ordninga ver forvalta av fakulteta som har utfyllande bestemmelser i høve til dei sentrale retningslinene.
  • Utlandsstipend for ph.d.-studentar. Denne ordninga gjeld i hovudsak ph.d.-studentar som har stipend frå UiT. Fakulteta forvaltar ordninga.
Fakulteta har så langt ulike rutinar for rapportering av forskarmobilitet
Kontaktinformasjon

E-post mobility@support.uit.no
Internett uit.no/sis
Telefon 77 64 40 00

Postadresse
UiT Norges arktiske universitet, SIS
Postboks 6050 Langnes
9037 TROMSØ

Besøksadresse Tromsø
Øvre Lysthus, Huginbakken 11
2.etasje, kontor 201 - 209