Gjer stor fiskeforsking på knøttsmå chipar
Den eine kan fiskehelse, den andre kan fysikk. Saman har dei fått 27 millionar kroner for å forske på effekten av berekraftig fiskefôr basert på mikroalgar, og hindre at oppdrettsfisk får sår.
Sjå det for deg – eller, faktisk kan du ikkje det med det blotte auge. Men førestill deg ei alge som er så lita at du trenger mikroskop for å kunne sjå den ordentleg.
Mikroalgar kallar vi dei, og dei inneheld mange av næringsstoffa som er viktige for dyr; protein, umetta feittsyrer, antioksidantar, vitamin og mineral.
Desse næringsstoffa er også gunstige for fisken vi et. Dessutan sug dei til seg CO2 medan dei veks, og kan dyrkast fram nesten kor som helst.
Alt dette gjer mikroalgar til eit berekraftig råstoff for fiskefôr.
– Berekraft er sentralt, og vil bli meir sentralt i framtida, for norsk akvakultursektor, slår UiT-forskarane Balpreet Singh Ahluwalia og Roy Ambli Dalmo fast.
Ahluwalia tilhøyrar institutt for fysikk og teknologi, medan Dalmo tilhøyrar Noregs fiskerihøgskule. Dei samarbeider i to prosjekt som i haust har fått til saman 27 millionar kroner frå Norsk forskingsråd.
Les også: 25 mill til UiT-prosjekter med radikalt potensial | UiT
Mikroalgar som berekraftig fiskefôr
Prosjekta har til felles at dei begge inneber tverrfagleg samarbeid, at dei handlar om mikroskopi, teknologi og fisk, og at kan bidra til at norsk oppdrett blir meir berekraftig.
Eit av prosjekta handlar om nettopp å bruke mikroalgar for å lage berekraftig fiskefôr. Det andre prosjektet handlar om å hindre at oppdrettsfisk får sår.
Se faktaboks om dei to prosjekta nedst i saka.
– Å bruke mikroalgar som ingrediens i fiskefôr for norsk oppdrettslaks gir ein dobbelgevinst, meiner Ahluwalia.
– Den eine gevinsten er at det gir eit berekraftig, høgkvalitets marint fôralternativ som vil støtte etterspurnaden av fôr til oppdrettsnæringa, seier han.
– Den andre er at det vil bidra aktivt til karbonreduksjon ved å nytte CO2-utslepp frå for eksempel fabrikkrøyk til å dyrke mikroalgar.
Det nye fiskefôret må ikkje skade slimhinnene i tarmen til fisken, og heller ikkje påverke helsa til fisken negativt.
Ved å studere korleis det nye fiskefôret påverkar fisketarmen, sørger dei for at dette ikkje skjer. Dei brukar avanserte mikroskop, nanoteknologi og cellebiologi, såkalla organ on a chip, eller «organ på brikke».
Hud på ein brikke
Det er fleire årsaker til at oppdrettsfisk får sår, forklarar Roy Ambli Dalmo. Det kan vere at den har blitt mekanisk handtert – for eksempel blitt spyla eller børsta for lus som dannar små sår – og at det etterpå blir infeksjon med bakteriar som lagar opne sår.
Skader frå avlusingsoperasjonar og vintersår var blant dei største utfordringane for fiskevelferd i 2023, ifølge Fiskerihelserapporten frå Veterinærinstituttet.
Ting tar tid; resultata vi haustar no, er bygga opp over mange år med samarbeidande forsking
Det vil forskarane gjere noko med. I prosjektet ULCER skal Dalmo og kollegane nytte seg av såkalla «hud på ein chip»-teknologi. Enkelt forklart betyr det at dei skal bruke ein mikroskopisk liten celle- og vevskultur for å etterlikne eigenskapane til hud.
Dette blir i forskingsverda kalla ex vivo-system; dei gjer forsøk utanfor fisken, og ikkje på sjølve fisken. Slik skal dei studere korleis bakteriane gjer at det dannar seg sår, og korleis såra gror.
– ULCER skal undersøke korleis temperatur, bakteriar og stimulantar påverkar migrasjonshastigheiter av hudceller, då ein vet at hudcellenes migrasjonshastigheit er viktig for sårleging, seier Ambli
Målet er å betre forstå kva slags cellulære mekanismar som er viktige når sår blir danna og når dei gror.
For å gjere det, skal dei mellom anna nytte seg av avansert mikroskopi og kunstig intelligens. Dei skal dokumentere fysiologiske endringane ved hjelp av RNA-sekvensering, eit fagomgrep mange kanskje hugsar frå koronapandemien.
Essensielt med tverrfagleg samarbeid
Tverrfagleg samarbeid mellom fysikk og immunologi er viktig for å lykkast i begge prosjekta. Balpreet Singh Ahluwalia og Roy Ambli Dalmo meiner tverrfagleg samarbeid er essensielt for å løyse fleire av samfunnsproblema vi står overfor.
– Det er ikkje lett for ein fysikar å forstå immunologi, og omvendt, seier dei.
Ein anna essensiell ingrediens, og neppe ein mikroskopisk liten ein, er tolmod.
– Ting tar tid; resultata vi haustar no, er bygga opp over mange år med samarbeidande forsking.
Les også: Fekk EU-millionar for fjerde gong | UiT
Dette er prosjekta
Converse, eit ambisiøst forskingsinitiativ som skal studere effekter i tarmen hos fisk som har spist algefôr. Prosjektet er leia av UiT-professor Balpreet Singh Ahluwalia, og UiT-professor Roy Dalmo Ambli er medleiar. Samarbeidspartnarar er næringsaktørar som Finnfjord AS, Chip Nanoimaging AS, samt forskingsinstitusjonar som SINTEF og NORCE.
Prosjektet vil utvikle kompetanse innen avansert optisk mikroskopi, fotonikkbrikker og mikrofluidikk og ved å forene banebrytende teknologier for akvakultur. Prosjektet fekk 15 millionar då Norsk forskingsråd delte ut 237 millionar kroner til nye teknologiar med radikalt potensial.
ULCER, som skal bruke fiskehud på knøttsmå chipar i forsking for å studere hvordan hudsår oppstår og hvordan sårhelingsprosessen foregår. Roy Ambli Dalmo leiar studien, mens Balpreet Singh Ahluwalia bidreg som medleiar. Prosjektet fekk 12 millionar kroner då Norsk forskingsråd delte ut midlar til forsking på forebygging av sårdanning hos oppdrettsfisk.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biomedicine - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geovitenskap- bachelor
Varighet: 3 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - bachelor
Varighet: 3 År -
Matematikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Automasjon, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Varighet: 1 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År