Forskingsrådet gjev 35 millionar til tre UiT-prosjekt

18. juni delte Forskingsrådet ut 216 millionar til 21 norske forskingsprosjekt som skal gje banebrytande kunnskap. UiT-forskarar fekk støtte til kosmisk støv, modellblodårar og vikingklima.

montasje av metallstuktur i vinterfrost, nærbilde av celle og to men bak på en traktovogn
Antenner i Skibotn, celler i blodårar og traktorar i felten – alle er dei ein del av banebrytande forsking hjå UiT. Foto: Magnus Thorebäck / Phillip Dusart / Antony Brown / EISCAT / UiT. Montasje: Kjetil Rydland
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 21.06.24 12:07 Oppdatert: 21.06.24 17:15
Helse og velferd Historie Naturvitenskap

I tildelinga som kunnskapsministeren kallar «den norske eliteserien», gjekk det pengar frå Forskingsrådet (NFR) sitt FRIPRO-program til Helsevitskapleg fakultet, Noregs arktiske universitetsmuseum og Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi.

Vikingtid, avføring og DNA

Professor Antony Brown frå UiT Noregs arktiske universitetsmuseum har fått 12 millionar til Viking to Christian Landscapes across the Norwegian Sea: Agricultural Trajectories and Resilience using sedaDNA and Fecal Lipids.

Heilt konkret skal dei sjå på korleis det norske jordbruket og landskapet endra seg med overgangen frå vikingsamfunnet til det kristne samfunnet, og om historia i Nord-Noreg lik den i Sør-Noreg.

Ein traktor med hengar på veg bort frå kamera. På hengaren er det to små gummibåtar og to menn.
Forskarar på veg ut i felt for å ta sedimentprøvar av tjern og vatn. Foto: Antony Brown

Brown er sjølvsagt stolt over å få tildelinga frå NFR, og fortel at tidsrommet då vikingane vart kristna var ei tid med djuptgåande sosioøkologiske overgangar.

Dei var tvinga fram av økonomiske og kulturelle faktorar som i stor grad var eksterne for regionen, men også store 'hendingar', som klimaforstyrringar til Svartedauden.

Brown og kollegaane på Aurora-senteret for arktisk økosystemgenomikk skal analysere såkalla sedaDNA, som er gamalt DNA i sedimenter, planterestar i gamal avføring, pollen og meir frå innsjøar og tjern.

Prosjektet er eit samarbeid med Universitetet i Durham i England, Universitetsmuseet i Bergen og Universitetet i høglanda og øyane i Skottland.

Lange, ikkjekodande RNA

Institutt for klinisk medisin på Helsevitskapleg fakultet sit professor Lynn Butler og jublar over 10,6 millionar til Establishment of a long non-coding RNA (lncRNA) cell type enrichment atlas with a focus on endothelial enriched lncRNA function.

RNA er molekyl som er med på å få informasjonen i gena våre omdanna til protein, men nokre typar RNA, som lncRNA, regulerar genaktivitet og cellefunksjonar utan å lage protein. Dei kan og vere involvert i utvikling av sjukdommar, men dei er ikkje like godt forstått som andre typar RNA.

Butler skal studere kva for lncRNA som finst i forskjellige typar menneskeceller, inkludert såkalla endotelceller som kler innsida av blodårar. Dei spelar ei viktig rolle i å kontrollere blodstraum og betennelsar, og dersom dei ikkje fungerer skikkeleg, kan det føre til hjarte- og karsjukdommar.

Endiotelceller frå ein navlestreng, farga av forskarar på jakt etter ulike protein. Foto: Philip Dusart / UiT

I prosjektet skal dei studere endotiell lncRNA i kunstige blodårar ved å manipulere cellene til å deaktivere lncRNA-et. Gjennom dette arbeidet kan dei lære meir om korleis lncRNA i fungerar i endotelceller og korleis dei kan vere involvert i utviklinga av hjarte- og karsjukdommar.

– Vi er begeistra over at Forskingsrådet vil støtte prosjektet, og vi kan ikkje vente med å komme i gang! seier Butler.

Røykpartiklar frå meteorar

Det tredje prosjektet som fekk midlar i denne runda, er professor Ingrid Mann sitt Cosmic Dust Injection into the Upper Earth Atmosphere (CODIA). Ho skal, saman med kollegaar på Institutt for fysikk og teknologi på Fakultet for naturvitskap og teknologi, bruke 12 millionar på å studere røykpartiklar frå meteorar i den øvre atmosfæren.

Dronebilete av eit eit stort metallisk anlegg i skogen, i nydeleg vintervêr.
Det enorme antenne-anlegget EISCAT_3D i Skibotn er snart ferdig, og skal hjelpe Mann studere atmosfæren. Foto: Johan Svensson / EISCAT

Mann skal sjå på korleis desse partiklane samhandlar med atmosfæren og ispartiklar, og kva rolle dei spel for atmosfæren, romvêr og forsking på verdsrommet generelt.

Dei skal mellom anna sende ut ein rakett saman med Andøya Space, finansiert av European Space Agency. Dei kjem og til å bruke den nye romradaren EISCAT_3D som er under bygging i Skibotn.

CODIA er i samarbeid med forskarar ved Universitetet i Oslo, UNIS på Svalbard og forskingsgrupper i Sverige, Tyskland, Storbritannia, Japan og USA.

Prorektor for forsking og innovasjon på UiT, Jan-Gunnar Winther, er særs nøgd med UiT sine resultat:

– Dette er verkeleg banebrytande forsking, og det er godt å sjå at våre forskarar jobbar så bra og lykkast så godt med søknadane sine. Og så er eg veldig spent på resultata! seier Winther.

Tildelingar til UiT frå FRIPRO

Prosjekt

Ansvarleg/PI

Sum
Establishment of a long non-coding RNA (lncRNA) cell type enrichment atlas with a focus on endothelial enriched lncRNA function 

Lynn Butler (HelseFak)

10, 6 millionar

Viking to Christian Landscapes across the Norwegian Sea: Agricultural Trajectories and Resilience using sedaDNA and Fecal Lipids 

Antony Brown (UMAK)

12,0 millionar

Cosmic Dust Injection into the Upper Earth Atmosphere 

Ingrid Mann (NT-fak)

12,0 millionar

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 21.06.24 12:07 Oppdatert: 21.06.24 17:15
Helse og velferd Historie Naturvitenskap
Vi anbefaler