Forskingsrådet gjev 35 millionar til tre UiT-prosjekt
18. juni delte Forskingsrådet ut 216 millionar til 21 norske forskingsprosjekt som skal gje banebrytande kunnskap. UiT-forskarar fekk støtte til kosmisk støv, modellblodårar og vikingklima.
I tildelinga som kunnskapsministeren kallar «den norske eliteserien», gjekk det pengar frå Forskingsrådet (NFR) sitt FRIPRO-program til Helsevitskapleg fakultet, Noregs arktiske universitetsmuseum og Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi.
Vikingtid, avføring og DNA
Professor Antony Brown frå UiT Noregs arktiske universitetsmuseum har fått 12 millionar til Viking to Christian Landscapes across the Norwegian Sea: Agricultural Trajectories and Resilience using sedaDNA and Fecal Lipids.
Heilt konkret skal dei sjå på korleis det norske jordbruket og landskapet endra seg med overgangen frå vikingsamfunnet til det kristne samfunnet, og om historia i Nord-Noreg lik den i Sør-Noreg.
Brown er sjølvsagt stolt over å få tildelinga frå NFR, og fortel at tidsrommet då vikingane vart kristna var ei tid med djuptgåande sosioøkologiske overgangar.
Dei var tvinga fram av økonomiske og kulturelle faktorar som i stor grad var eksterne for regionen, men også store 'hendingar', som klimaforstyrringar til Svartedauden.
Brown og kollegaane på Aurora-senteret for arktisk økosystemgenomikk skal analysere såkalla sedaDNA, som er gamalt DNA i sedimenter, planterestar i gamal avføring, pollen og meir frå innsjøar og tjern.
Prosjektet er eit samarbeid med Universitetet i Durham i England, Universitetsmuseet i Bergen og Universitetet i høglanda og øyane i Skottland.
Lange, ikkjekodande RNA
På Institutt for klinisk medisin på Helsevitskapleg fakultet sit professor Lynn Butler og jublar over 10,6 millionar til Establishment of a long non-coding RNA (lncRNA) cell type enrichment atlas with a focus on endothelial enriched lncRNA function.
RNA er molekyl som er med på å få informasjonen i gena våre omdanna til protein, men nokre typar RNA, som lncRNA, regulerar genaktivitet og cellefunksjonar utan å lage protein. Dei kan og vere involvert i utvikling av sjukdommar, men dei er ikkje like godt forstått som andre typar RNA.
Butler skal studere kva for lncRNA som finst i forskjellige typar menneskeceller, inkludert såkalla endotelceller som kler innsida av blodårar. Dei spelar ei viktig rolle i å kontrollere blodstraum og betennelsar, og dersom dei ikkje fungerer skikkeleg, kan det føre til hjarte- og karsjukdommar.
I prosjektet skal dei studere endotiell lncRNA i kunstige blodårar ved å manipulere cellene til å deaktivere lncRNA-et. Gjennom dette arbeidet kan dei lære meir om korleis lncRNA i fungerar i endotelceller og korleis dei kan vere involvert i utviklinga av hjarte- og karsjukdommar.
– Vi er begeistra over at Forskingsrådet vil støtte prosjektet, og vi kan ikkje vente med å komme i gang! seier Butler.
Røykpartiklar frå meteorar
Det tredje prosjektet som fekk midlar i denne runda, er professor Ingrid Mann sitt Cosmic Dust Injection into the Upper Earth Atmosphere (CODIA). Ho skal, saman med kollegaar på Institutt for fysikk og teknologi på Fakultet for naturvitskap og teknologi, bruke 12 millionar på å studere røykpartiklar frå meteorar i den øvre atmosfæren.
Mann skal sjå på korleis desse partiklane samhandlar med atmosfæren og ispartiklar, og kva rolle dei spel for atmosfæren, romvêr og forsking på verdsrommet generelt.
Dei skal mellom anna sende ut ein rakett saman med Andøya Space, finansiert av European Space Agency. Dei kjem og til å bruke den nye romradaren EISCAT_3D som er under bygging i Skibotn.
CODIA er i samarbeid med forskarar ved Universitetet i Oslo, UNIS på Svalbard og forskingsgrupper i Sverige, Tyskland, Storbritannia, Japan og USA.
Prorektor for forsking og innovasjon på UiT, Jan-Gunnar Winther, er særs nøgd med UiT sine resultat:
– Dette er verkeleg banebrytande forsking, og det er godt å sjå at våre forskarar jobbar så bra og lykkast så godt med søknadane sine. Og så er eg veldig spent på resultata! seier Winther.
Tildelingar til UiT frå FRIPRO
Prosjekt |
Ansvarleg/PI |
Sum |
Establishment of a long non-coding RNA (lncRNA) cell type enrichment atlas with a focus on endothelial enriched lncRNA function |
Lynn Butler (HelseFak) |
10, 6 millionar |
Viking to Christian Landscapes across the Norwegian Sea: Agricultural Trajectories and Resilience using sedaDNA and Fecal Lipids |
Antony Brown (UMAK) |
12,0 millionar |
Cosmic Dust Injection into the Upper Earth Atmosphere |
Ingrid Mann (NT-fak) |
12,0 millionar |
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biomedicine - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Matematikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Marine Biotechnology - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Natural Science
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Science
Varighet: 3 År -
Lektor i realfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Kunstig intelligens, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Matematiske realfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Nautikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium - forskerlinje
Varighet: 7 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Fornybar energi, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Public Health - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Bioingeniørfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Psykologi - bachelor
Varighet: 3 År