Historie - master | UiT

Historie - master

Søknadsfrist 15. april
 Bilde-Historie - master
Foto: Ingun A. Mæhlum
Organisering Heltid – 2 år
Studiestad Tromsø
Studiepoeng 120
Søknadskode 5034
 Bilde-Historie - master
Foto: Ingun A. Mæhlum

Om studiet

Historiemiljøet i Tromsø har spesialisert seg på arktisk geopolitikk, samisk- og urfolkshistorie, andre verdskrig, historiske demografi, eldre tids historie, norsk-russiske relasjonar, skandinavisme, og historieteori og -metode. Eit masterstudie i historie gjev inngåande kunnskap i historiefaglege problemstillingar, om fagets tradisjonar, metode og teori og kompetanse i å handtere store informasjonsmengder og kunne systematisere, strukturere, dokumentere og framstille dette i ein forståeleg form. Studiet gjev kunnskap og kompetanse som har relevans og det er bruk for i ei rekkje yrker og verksemder.

Kva lærer du?

Etter fullført studieprogram har kandidaten avansert kunnskap om det realhistoriske grunnlaget til historiefaget, metodar, tradisjonar og samfunnsmessige eigenart, og dessutan ei djup forståing av kva som skaper samfunnsendringar over tid. Kandidaten kan handtera og systematisera store mengder historisk informasjon, analysera problemstillingar ved hjelp av teorien og metoden til historiefaget, og sjølvstendig formidla historiske fenomen både munnleg og skriftleg. Vidare kan kandidaten gjennomføra sjølvstendig forskingsarbeid basert på empirisk kjeldemateriale og historiefaglege metodar, i tråd med forskingsetiske normer, og oppdatera kunnskapen sin for å bruka han på nye område innan historiefaget. Kandidaten har kompetanse til å utføra avanserte historiefaglege analysar, strukturera og presentera komplekse problemstillingar på ein fagleg forsvarleg måte, og kommunisera historieforsking til både spesialistar og allmenta. I tillegg kan kandidaten reflektera kritisk over omgrepa, teoriane og metodane til historiefaget, og dessutan initiera nytenking og utvikla sjølvstendige prosjekt innan fagdisiplinen historie.

Livet som student

Studenter på tur sammen Studentliv Student utendørs

Se hvordan det er å være student

Her deler studentene tips og råd, og du kan alltid spørre om det er noe du lurer på.

Les meir om studiestaden:

Tromsø

Kva kan du bli?

Fullført studium gjev kompetanse innan historiefaget sin teori og metode, i korleis historie blir nytta på ulike vis, i historiefaget si historie (historiografi), i korleis finne fram til og tileigne seg forskingslitteratur, korleis oppdatere fagkunnskapen og korleis arbeide fram eit forskingsprosjekt. Gjennom emna i opplæringsdelen og i arbeidet med masteroppgåva får studentane erfaring med, og kunnskap om, samanstilling av komplekse saksområde og kritisk tekstanalyse. Dette er kompetanse som har stor overføringsverdi og som er verdsett i mange og ulike felt av arbeidslivet. Med mastergrad i historie er moglegheitene for deltaking i arbeidslivet mange og varierte. Kandidatar med mastergrad i historie finn sitt virke innanfor skole- og utdaningssektoren, kultursektoren, arkiv, media og museum, eller på ulike nivå i privat og offentleg sektor.

Studiet i historie kvalifiserer til undervisnings- og forskarstillingar ved universitet og høgskular samt til oppdragsforsking for offentlege og private oppdragsgjevarar.

Kandidatar med særs gode resultat på mastergrad i historie er kvalifiserte til å søkje opptak til doktorgradsstudium (ph.d.-grad).

Jobbmoglegheiter

Vidare studium

Master i historie kvalifiserer til å søke opptak til Ph.d.-program.

Ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL) vert det stilt krav om eit karaktersnitt på B (eller tilsvarande) på mastergraden for å bli tatt opp. Det blir vanlegvis lyst ut tre til fire nye stipendiatstillingar kvart år.

Undervisning og emne

Korleis går undervisninga føre seg

Programmet har varierte undervisningsformer, blant anna forelesingar, seminar og ekskursjonar og diskusjonar. Undervisningsformene er nærmare omtalt i dei enkelte emneskildringane.

Emna har ulike eksamensformer, blant anna heimeeksamen, munnleg eksamen og prøveforelesing. Eksamensform er spesifisert i dei enkelte emneskildringane.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket er norsk. Enkelte valemne kan bli gjeve på engelsk.

Eksamensspråket er i hovudsak norsk om ikkje anna er avtalt. Andre språk kan nyttast etter søknad.

Slik er studiet bygd opp

Sjå emna du tar kvart semester

Studieplan

Utveksling

I ei stadig meir globalisert verd er internasjonale erfaringar kjempeviktige! Historiestudentar som ønskjer å reise til utlandet, gjer dette normalt sett i samband med kjeldeinnsamling eller biblioteks-/arkivopphald.

Eit utvekslingsopphald i utlandet vil utvide din personlege og faglege horisont. UiT gir deg mange moglegheiter til å ta delar av studia dine som utvekslingsstudent ved ein utanlandsk lærestad. Masterstudiet i historie opnar for utanlandsopphald i tredje semester. Snakk med internasjonal koordinator om dette.

Studentar på historie har hatt utvekslingsopphald ved mange universitet i Norden, Europa og i andre verdsdelar. Informasjon om søknadsprosessen, fristar, stipendmoglegheiter osb. finn du på universitetet sine nettsider om studentutveksling.

Studiesteder du kan utveksle til

Opptakskrav

Søkjarar må, i tillegg til generell studiekompetanse, ha bachelorgrad, cand. mag.-grad, annen grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang, eller utdanning som i samsvar med §3-5 i UH-loven er godkjend som jamgod med dei nemnde grader eller yrkesutdanning.

Fordypning: Bachelorgraden må ha ei faglig fordjupning på minimum 80 studiepoeng i historie. Det blir kravd at minimum 30 studiepoeng av fordjupninga er på 2000-nivå (påbyggingsnivå). (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.).

Det blir stilt eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C (2,5). Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Emne med vurderingsuttrykk "bestått" blir ikkje inkludert i utrekninga.

Opptak til masterprogrammet er regulert etter Forskrift om opptak til Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet.

Antall studieplasser
8

Har du spørsmål?

  hsl-instadm@uit.no   77660793 (09.00–15.00, lunsj mellom 11.30–12.00)

Andre studier du kanskje vil like

Integrert master i realfag, språk eller samfunnsfag med praktisk-pedagogisk utdanning - master
Integrert master i realfag, språk eller samfunnsfag med praktisk-pedagogisk utdanning - master

Realfag, språk eller samfunnsfag med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) gir mulighet for å gjøre ba...

Tromsø