Ernæring - bachelor

Varighet: 3 År

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com

Ernæring - bachelor

Varighet: 3 År

Studiested
Tromsø
Søknadsfrist
15. april
Søking og opptak
Slik søker du

For mykje-, for lite- eller feil mat, kan gi store konsekvensar. Dersom du liker realfag og har lyst til å lære om samanhengen mellom kosthald, helse og sjukdom, kan ein bachelor i ernæring vere noko for deg! Studiet er bygd på teori, men har også praksis der studentane får møte pasientar. Du lærer også om korleis mat har viktige sosiale funksjonar, og kan være markør for ulike kulturar. Ved UiT kan du bygge på bachelorgraden med ein 2-årig mastergrad, og bli autorisert klinisk ernæringsfysiolog.

Spørsmål om studiet

Nergaard_portrettbilde.jpg
Nergaard, Ragnhild Holten

Rådgiver


Søk ernæring!

Studentane skal læra korleis kroppen er oppbygd og fungerer, og korleis energi og næringsstoff blir omsett hos friske menneske. Dei lærer om næringsstofftilrådingar og kostråd, og korleis mat og ernæring kan brukast til å førebyggja sjukdom, og får kjennskap til korleis ernæring kan brukast i behandlinga av dei store folkesjukdomane. Vitskapleg kompetanse og profesjonell kompetanse er langsgåande tema, og det blir lagt vekt på forskingsbasert undervisning, og kritisk lesing. Undervisninga i profesjonell kompetanse dreiar seg mykje om kommunikasjon, etikk og førebuing/etterarbeid etter praksis. Studiet er variert, med laboratoriearbeid, tidleg pasientkontakt, folkehelsearbeid og globale og samfunnsmessige perspektiv på mat og eting.

Med bakgrunn som bachelor i ernæring har ein eit godt tverrfagleg grunnlag som kan nyttast i fleire ulike verksemder. Ein kan til dømes få jobb innanfor førebyggjande helsearbeid, helseadministrasjon, i pasientorganisasjonar, opplysningskontor, helse-/trenings-/frisklivssenter, eller i næringsmiddelbedrifter og andre stader i privat sektor. Ein kan også studera vidare og bli master i klinisk ernæring, og etter praksis få autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog.

Etter bestått studieprogram har kandidaten følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

  • god innsikt i grunnlaget for kunnskapsbasert ernæringsvitskap og behovet for kontinuerleg fagleg oppdatering
  • har avansert kunnskap om menneskets fysiologi og om korleis makro- og og mikronæringsstoff er bygde opp, blir omsett og verkar inn på funksjonane til kroppen
  • har avansert kunnskap innanfor førebygging og grunnleggjande kunnskap om behandling av dei vanlegaste ikkje-smittsame sjukdommane og underernæring, og variasjon i prevalens over tid, og hva mat og helse har å seia for eit berekraftig samfunn
  • har kunnskap om kva for profesjonar, organisasjonar og etatar som driv ernæringsarbeid, og sentrale dokument som styrer ernæringsarbeidet
  • har kunnskap innanfor kommunikasjon, rettleiing, samhandling og samarbeid for å etablere tillit og ivareta ein god relasjon og framja motivasjon hos grupper og einskildindivid, og om korleis språk og kultur påverkar dette

Ferdigheiter

  • kan evaluere ernæringsstatus på bakgrunn av kostregistreringar, biokjemiske prøver og/eller antropometriske mål
  • kan bruka relevante vitskaplege og analytiske metodar innanfor klinisk ernæring, ernæringsepidemiologi, ernæringsbiologi og kosthaldsforskning
  • kan vurdera korleis ulike kjelder til informasjon og feilinformasjon, og ny teknologi påverkar ernæring og helse

Generelle kvalifikasjonar

  • kan gi kunnskapsbaserte kosthaldsråd til friske personar for førebygging av dei vanlegaste ikkje-smittsame sjukdomane
  • kan kommunisera med einskildindivid og grupper av fagfolk eller ålmenta, med ulik helsekompetanse
  • kan finna fram og bruka relevant fagstoff innanfor ernæringsfeltet, vurdera og systematisk oppsummera vitskapleg informasjon, tileigna seg ny kunnskap innanfor ernæringsfeltet

Bachelor i ernæring gir eit godt tverrfagleg grunnlag som kan nyttast i fleire ulike verksemder. Ein kan til dømes få jobb innanfor:

  • førebyggjande helsearbeid
  • helseadministrasjon
  • i pasientorganisasjonar
  • opplysningskontor
  • helse-/trenings-/frisklivssenter
  • opplæring
  • næringsmiddelbedrifter
  • andre stader i privat sektor

Semester 10 studiepoeng 10 studiepoeng 10 studiepoeng
1. semester (høst)
2. semester (vår)
15 stp
3. semester (høst)
ERN-2007B Kommunikasjon, psykologi og praksis 5 stp.
4. semester (vår)
ERN-2004A Makronæringsstoff
Valgfritt emne
5. semester (høst)
ERN-2003B Farmakologi, immunologi, epigenetikk og embryologi 7 stp.
ERN-2004B Mikronæringsstoff
6. semester (vår)
Bacheloroppgåve

For å få opptak på bachelorprogrammet må ein ha generell studiekompetanse eller realkompetanse, og i tillegg mattematikk R1/S1+S2, Fysikk 1 og Kjemi 1+2 (etter Kunnskapsløftet), eller 2MX/2MZ+3MZ, 2FY og 2KJ+3KJ (etter reform 94).

Bachelorstudiet er eit fulltidsstudium på campus Tromsø. Studiet er bygd opp av mindre emne av ulik storleik. Studiet startar med ein introduksjon til ernæring. I dei første tre semestera er ein del av undervisninga felles med studentar i biomedisin og noko av undervisninga felles med studentar i medisin og odontologi.

Programmet har varierte undervisnings-, lærings- og arbeidsformer, og legg vekt på at studentane både skal kunna jobba godt i grupper og sjølvstendig, og studentaktive læringsformer.

To tema går igjen gjennom heile studiet, profesjonell kompetanse i ernæring (PROFERN) og vitskapleg kompetanse i ernæring (VITERN). Dette er ikkje sjølvstendige emne, men dei er innvevde i dei andre emna, og dei fleste ERN-emna har eigne læringsutbytte for PROFERN og VITERN. Undervisninga i VITERN skal frå første stund øva studentane i å ha systematisk, kunnskapsbasert tankegang, driva kritisk analyse av informasjon, og venna seg til livslang læring. PROFERN skal gi ein tidleg smak på praksis, og vera eit forum for å diskutera og reflektera over kliniske og etiske programstillingar som dukkar opp i løpet av utdanninga og praksisen. Delar av undervisninga i profesjonell kompetanseutvikling går føre seg i mentorgrupper.

Eksamens- og vurderingsmetodane er utdjupa under kvart emne. Der finn ein også oversyn over arbeidskrava for dei ulike emna. Arbeidskrava må vera oppfylte (godkjende) før studenten kan gå opp til eksamen. Til vanleg er sluttevalueringa ein skriftleg eksamen, med vurderingsuttrykket A-F, der F er stryk. Nokre emne har bestått/ikkje bestått som vurderingsuttrykk. Skriftleg eksamen blir til vanleg avvikla digitalt. Til bacheloreksamen må studentane i tillegg til ei skriftleg oppgåve også gi ein munnleg presentasjon, med diskusjon etterpå.

Hovuddelen av praksis er ei veke i tredje semester og to veker i siste semesteret. Studiet er lagt opp med case-basert undervisning, slik at kontakt med kvardagen i praksis blir sikra. I tillegg til praksis utanfor UiT vil det bli praktiske oppgåver på lab, kjøkkenlab og ferdighetstrening.

Norsk

Etter fullført bachelorstudium i ernæring er studentane kvalifiserte for å søkja til videre studium, til dømes på mastergradsprogrammet i klinisk ernæring som gir autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog, men også andre mastergradsprogram ved UiT eller andre stader, til dømes master i folkehelse ved UiT, master i samfunnsernæring eller master i generell ernæring.

Fjerde semester er utvekslingssemester, og femte semester er "innvekslingssemester". Våre studentar kan reisa ut i fjerde semester, og utenlandske studentar kan kome til UiT i femte semester. Undervisninga vil gå føre seg på engelsk i femte semester.

Med ujamne mellomrom vil det vera internasjonale gjesteførelesarar på besøk.

Studer ernæring i Tromsø

Andre studier du kanskje vil like

...
Klinisk ernæring - master

Få autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog! En master i klinisk ernæring ved UiT i Tromsø gir deg...

Studiested
Tromsø
Søknadsfrist
15. april
Søking og opptak
Slik søker du