Slik vil dei fornye assistert befrukting
Banebrytande forskingssamarbeid mellom UiT og UNN vil forandre korleis vi utfører assistert befrukting verda over. No har dei fått 29 millionar frå EU til nyvinninga si.

Omtrent ein av seks personar i fruktbar alder er infertile i dag. Og tallane aukar dramatisk, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).
Om lag 40 prosent av dei med fertilitetsutfordringar er menn. Assistert befrukting er avhengig av eit utval sædceller av høg kvalitet for å lykkast, men dagens teknikkar for å velje ut sæd er både inneffektive og kostbare.
Forskarar ved UiT og UNN har utvikla ei nyvinning som kan løyse utfordringane. Med ein automatisert, KI-drive plattform som tar i bruk avansert teknologi, vil dei gjere det enklare å identifisere og velje ut dei beste sædcellane for assistert befrukting.
Prosjektet har fått namnet Spermotile, og er eit tverrfagleg samarbeid mellom Nanoskopigruppa ved UiT og IVF-poliklinikken ved Kvinneklinikken på Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN).
No har dei fått tilsvarande 29 millionar kroner frå EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (Horizon Europe). 29 millionar norske kroner, eller 2,5 millionar euro, er det meste ein kan få tildelt gjennom finansieringsprogrammet EIC Transition.
Jobbar vidare med kommersialisering
Tildelinga gjer professor Krishna Agarwal glad.
– Det følast veldig fredeleg og energigivande samtidig, seier ho.
Agarwal er professor ved Institutt for fysikk og teknologi ved fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fak), og er prosjektleiar for Spermotile.

Med tildelinga frå EU i boks, skal teamet med forskarar frå UiT og Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) no jobbe vidare for å kommersialisere forskings- og innovasjonsprosjektet. Dei skal utvikle teknologien, drive forretningsutvikling og validering av klinisk bruk – alt på ein gong.
Spermotile
Ein automatisert, plattform drive av kunstig intelligens som vel ut og samlar «stjernesæd» av høgaste kvalitet for befrukting.
Oppfinninga vil forbetre effektiviteten og resultata av fertilitetsbehandlingar betydeleg.
Spermotile er eit tverrfagleg samarbeid mellom Nanoskopigruppa ved UiT og IVF-poliklinikken ved Kvinneklinikken på Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN).
–Denne tildelinga vil sikre at vi når viktige milepålar innan kommersialisering, og forbetrar vårt generelle beredskapsnivå på innovasjon før vi går ut og søker privat finansiering, seier Agarwal, som er prosjektleiar.
Nyleg blei det også klart at prosjektet får 5 millionar i kommersialiseringsstøtte frå Noregs forskingsråd.
Byggar på banebrytande forskingssamarbeid
Spermotile byggar på eit banebrytande forskingsarbeid på tvers av fleire EU- og Noregs forskingsråd-prosjekt.
– Dette er ei medisinsk-teknologisk eining som vil ta tak i eit presserande og underprioritert behov innan menneskeleg reproduksjon. Det vil ha ein enorm positiv innverknad på samfunnet med ein gong, og for menneskeheita generelt, seier Agarwal.
Markus Rumpsfeld er leiar for E-helse-, samhandlings- og innovasjonssenteret (ESI-senteret) ved UNN. Ifølge Pingvinavisa kallar han arbeidet som er gjort til no, verdsleiande.

– Eg vil gjerne minne om at det berre er to-tre prosent av alle forskingsprosjekt som kjem så langt som dette, og at det normalt tar 17 år frå oppstart til realisering for dei prosjekta som lykkast. Å makte dette på ti år, er derfor oppsiktsvekkande, og noko eg trur kjem som ein konsekvens av at vi som lever med innovasjon og forsking her i Nord-Noreg lev tett på kvarandre og med korte avstandar, seier han til Pingvinavisa.
Fikk óg EU-støtte i 2018 og 2023
Det er ikkje første gong Agarwal får støtte frå EU. I 2018 fekk ho 15 millionar i eit ERC Starting Grant, og i 2023 ga EU sitt forskingsråd ytterlegare 1,5 millionar kroner for å finne ein ny metode for å velje den beste spermien til assistert befrukting.
Les meir: Skal forske på sædceller – EU betalar
Ideen var å kombinere ny og betre optikk med kunstig intelligens. Prosjektet gjorde at dei kunne gå vidare med Spermotile.
– Sidan har vi finpussa produktideen vår, identifisert kjernesegmentet vi bør adressere, vidareutvikla vår intellektuelle eigedom, etablert eit konseptbevis for produktideen vår, og trent eit kjerneteam i innovasjon og kommersialisering. Vi har også identifisert dei viktigaste interessentane, seier Agarwal.
Med dette grunnarbeidet unnagjort, hadde EU-søknaden eit godt fundament, som til slutt førte til suksess.
Kortnytt fra Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Institutt for fysikk og teknologi
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Musikkteknologi
Varighet: 1 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biomedicine - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Geovitenskap- bachelor
Varighet: 3 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - bachelor
Varighet: 3 År -
Matematikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Automasjon, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Varighet: 1 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Droneteknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Elkraftteknikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Elektronikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Elektronikk, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År