Satsar på framtidsretta infrastruktur for forskingsdata

UiT er med i to prosjektkonsortium som nyleg har nådd opp i konkurransen om midlar frå EU. Til saman får UiT rundt 16 millionar kroner.

Masse kablar som går ut og inn av data-serverar
KOPLA PÅ: UiT skal verte enno meir knytt til åpen, europeisk forsking. Foto: Oddleif Larsen / UiT
Portrettbilde av Conzett, Philipp
Conzett, Philipp philipp.conzett@uit.no Førstebibliotekar
Portrettbilde av Løkse, Mariann Cesilie
Løkse, Mariann Cesilie mariann.lokse@uit.no Leder, Avdeling for forsknings- og utdanningsstøtte
Publisert: 20.02.25 12:23 Oppdatert: 20.02.25 16:33
Om UiT Teknologi

Dei to prosjekta FIDELIS og EOSC EDEN har som mål å styrkja lagring, bevaring, og gjenbruk av forskingsdata i Europa, og har no altså fått støtte frå EU. FIDELIS skal byggja eit nettverk av pålitelege digitale arkiv, medan EOSC EDEN skal utvikla eit system for å avgjera kva data som bør bevarast over tid.

Begge prosjekta starta opp i januar i år og varer i tre år, og dei er begge ein del av den vidare utviklinga av European Open Science Cloud (EOSC). Dei involverer fleire europeiske institusjonar, inkludert UiT, som deltar gjennom DataverseNO, eit nasjonalt arkiv for forskingsdata og TROLLing, eit arkiv for lingvistikkdata.

Begge arkiva er forvalta av Universitetsbiblioteket ved UiT, i samarbeid med andre avdelingar. Dei spelar ei viktig rolle i UiT sin strategi for open vitskap og samarbeid med internasjonale partnarar.

Prosjekta er komplementære og har som mål å mål å gje europeiske forskingsinstitusjonar ei global leiing innan forskingsdataforvaltning og sikra at samfunnet får full nytte av datadriven vitskap.

UiT Noregs arktiske universitet har lenge lege i front nasjonalt når det gjeld open vitskap, og var i fjor verdas 6. beste på open access. Deltakinga i dei nye EU-prosjekta vil styrkja kompetansen ved UiT og bidra til vidare utvikling av arkivtenestene.

Målet er å tilby gode støttetenester til forskarar, slik at dei kan hevda seg både nasjonalt og internasjonalt. UiT ser fram til eit fruktbart samarbeid i prosjekta.


Kortnytt fra Universitetsbiblioteket
Conzett, Philipp philipp.conzett@uit.no Førstebibliotekar
Løkse, Mariann Cesilie mariann.lokse@uit.no Leder, Avdeling for forsknings- og utdanningsstøtte
Vi anbefaler