90 millionar til satsing på mikrobrikker

UiT er med på laget når eit norsk kompetansesenter for mikrobrikker blir etablert i 2025.

En prosessingeniør står i et laboratorium med hansker
Chi H Hoang, prosessingeniør i SINTEF, laster sensorskiver som skal få overflatebehandling i et plasmakammer. Dette er en del av produksjonen som foregår på SINTEF MiNaLab. Sensorene leveres til kunder innen norsk og internasjonal industri. Foto: Mari Aftret Mørtvedt / SINTEF
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 25.11.24 15:30 Oppdatert: 26.11.24 09:48
Teknologi

SINTEF er saman med fire norske universitet, deriblant UiT, peikt ut som eitt av 27 europeiske kompetansesenter for mikrobrikker, med støtte frå EU og Forskingsrådet.

Målet er å gjere det enklare for bedrifter og forskingsorganisasjonar å få tilgang til avansert teknologiutvikling og -fasilitetar i Noreg og Europa.

Over ei fireårsperiode skal UiT jobbe saman med SINTEF, NTNU, Universitetet i Oslo (UiO), Universitet i Sørøst-Norge (USN) og Electronic Coast i CC-NorChip, eit kompetansesenter som skal styrke konkurranseevne, innovasjon og teknologileiarskap for norske og europeiske selskap.

Kompetansesenteret blir støtta med 44 millionar kroner frå Chips JU, som er innovasjonsverktøyet til European Chips Act. Dei resterande 46 millionane kjem frå Forskingsrådet.

Les meir på SINTEF på sine nettsider.


Kortnytt fra Institutt for fysikk og teknologi, Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Vi anbefaler