Feira nasjonal milepæl

Næringsminister Cecilie Myrseth og ordførar i Tromsø, Gunnar Wilhelmsen, stod for den offisielle kakekuttinga då Arctic Phi Lab vart opna på KSAT – Kongsberg Satellite Services i Tromsø.

To personer skjærer kake
Næringsminister Cecilie Myrseth og ordfører Gunnar Wilhelmsen under åpningen av Arctic Phi Lab. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 02.10.24 10:30 Oppdatert: 02.10.24 19:17
Om UiT Teknologi

Phi-labben skal verte eit innovasjonssenter for jordobservasjon og skal få fram ny rombasert teknologi og tenester, som spesielt skal dekke arktiske behov. 

– Dette er ein milepæl, ikkje berre for Tromsø, men heile Noreg, seier Myrseth.

Fire personer står foran ei person som klapper.
Det var til tider særs god stemning mellom næringsministaren, rektoren og dei tre studentane. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Myrseth seier laben vil skape nye arbeidsplassar og drive innovasjon, og at regjeringa har som målsetting å få på plass neste steg innan romindustri i Nord-Noreg: Eit nasjonal senter for jordobservasjon i Tromsø.

– Regjeringa har som målsetting å få på plass eit nasjonal senter for jordobservasjon i Tromsø, ikkje berre fordi det er gunstig å drive jordobservasjon her oppe i nord, men fordi tyngdepunktet på kompetanse og satsing ligg i Nord-Noreg, sa næringsministaren.

– Eg har med meg framtida

UiT-rektor Dag Rune Olsen er strålande nøgd med etableringa. Han deltok saman med tre studentar som på ulikt vis er representantar for framtida for den norske satsinga på romindustri – kompetente arbeidstakarar. Eit av Phi-labben sine formål er å skape arbeidsplassar innan romteknologi og -næring.

– Dette tyder mykje for Nord-Noreg og norsk romindustri, og vil gje fleire arbeidsplassar og moglegheiter, særleg for dei studentane som vi utdannar. UiT er jo dei einaste i landet som utdannar sivilingeniørar i romfysikk, seier Olsen.

Arctic Phi Lab er Europas andre av sitt slag, og er ein del av det kommande Phi-nettverket til den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Den første prosjektutlysinga er allereie lagt ut.

Les meir: UiT blir medeier i Jordobservasjon Tromsø AS


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Vi anbefaler