Skal forske på sædceller – EU betalar
IVF er ein omstendeleg og smertefull prosess, med ein ganske låg suksessrate. No skal UiT-forskarar gjere han betre.
In vitro-fertilisering (IVF)
- Kvinna vert stimulert med hormon for å modne mange egg samstundes.
- Egga vert kirurgisk henta ut når dei er store nok.
- Dei beste sædcellene frå mannen vert brukte for å befrukte dei beste egga.
- Etter nokre døgn vert det (eller dei) mest lovande egga sett inn i livmora
Jubelen stod i taket både i Tromsø og Singapore for to veker sidan. Då fekk Krishna Agarwal, Dilip K. Prasad (som begge er på forskingsfri i Singapore), og Ankit Butola vete at EU sitt forskingsråd gjev dei 1,5 millionar kronar for å finne ein ny metode for å velje den beste spermien til assistert befruktning.
– Ideen vår er å kombinere ny og betre optikk med kunstig intelligens, seier Krishna Argawal, professor i ultralyd, mikrobølgjer og optikk hjå Institutt for fysikk og teknologi.
Jakta på dei beste svømmerane
Assistert befruktning, som òg vert kalla prøverøyrsbehandling eller in vitro fertilisering (IVF), vert vanlegare og vanlegare i Noreg og andre stader kor fruktbarheita søkk. Sukserrraten er dessverre lav, og prosessen er arbeidskrevjande, spesielt når ein skal finne gode sædceller som kan verte kandidatar for å befrukte egga.
Jobben med å velje dei beste kandidatane skjer for det meste manuelt, og er avhengig av laborantar med gode auge, erfaring, og vurderingsevner. Ein må nemleg vurdere om spermiane ser sunne ut, kor raskt dei svømmer, og kor aktive dei er. Ikkje ei enkel oppgåve.
– Vi vil bruke vår mikroskop- og nanoteknologi for å verkeleg kunne sjå «alt» og samstundes bruke kunstig intelligens for å analysere morfologien og mikro-rørslene til sædcellene. Då vil vi ikkje berre velje betre kandidatar for IVF, det vil og gå mykje raskare, seier Dilip Prasad, førsteamanuensis hjå Institutt for informatikk.
Sjå video: Sædceller i mikroskop.
Forbetre ei vond prosess
Gruppa trur dei kan lage eit system som kan gjere 64 analysar samstundes. Det gjer riktig nok ikkje prosessen enklare for kvinna, som kan oppleve mykje smerte og ubehag undervegs, i tillegg til den mentale belastninga det er for alle involverte.
– Vi kan ikkje gjere behandlinga smertefri, men om vi kan auke suksessraten vil det kanskje vere enklare å gå gjennom ein særleg tung prosess, seier Agarwal.
Fred til å jobbe
No skal dei utvikle systemet og lære meir om behova til fertilitetsklinikkane, så dei kan sjå kor levedyktig ideen er. Pengane til prosjektet kjem nemleg frå EU sitt ERC Proof of Concept-program, kor ein kan søkje støtte til å utforske nye idear som oppstår i allereie EU-finansierte prosjekt. Agarwal og Butola er ein del av 3D-nanoMorph, eit ERC Starting grant frå 2018.
– Vi har tjuvstarta for lengst, og har gjort undersøkingar og førebudd oss. Så når vi no fekk desse pengane, kjenner eg på ein lette, ja kanskje ein kan kalle det fred. For no har vi pengane til å gjere det vi uansett hadde bestemt oss for å gjere. For dette skal vi få til, slår Agarwal fast.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Musikkteknologi
Varighet: 2 Semestre -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Automasjon, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Varighet: 1 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Droneteknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor (nettbasert)
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor (nettbasert)
Varighet: 3 År -
Elkraftteknikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Elektronikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Elektronikk, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Maskin, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Maskin, ingeniør - bachelor (nettbasert)
Varighet: 3 År -
Maskin, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Satellitteknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Satellitteknologi, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Applied Computer Science - Master
Varighet: 2 År -
Electrical Engineering - Master
Varighet: 2 År -
Engineering Design - Master
Varighet: 2 År -
Industrial Engineering - Master
Varighet: 2 År -
Aerospace Engineering - master
Varighet: 2 År -
Bygg og miljø, sivilingeniør - master
Varighet: 2 År