Investerer 90 millionar i oppdrettsnæringa si framtid
Onsdag opna UiT og Nofima eit av verdas mest avanserte forskingsanlegg for landbasert fiskeoppdrett. Utdanningsmoglegheiter, arbeidsplassar i distrikta, og auka kunnskap for næringslivet er snart tilgjengeleg for Nord-Noreg.
RAS – kva er det?
Dei tre bokstavane står for resirkulerande akvakultursystem.
Fisken er i kar på land.
Eit avansert system reinsar vatnet frå fiskekara og bruker det om igjen.
Vatnet vert reinsa mekanisk, kjemisk og med eit biofilter – hovudsakeleg danna av bakteriar som et ammoniakk.
RASforsk resirkulerer nesten 100 prosent av vatnet.
I ein nybygd hall på 1350 kvadratmeter ligg det fasilitetar som fram til no berre har vore ein draum. Med middel frå Troms og Finnmark fylkeskommune har UiT og Nofima etablert Noregs største utdannings- og forskingsanlegg for landbasert fiskeoppdrett – RASforsk, på Havbrukstasjonen i Tromsø. Anlegget har kosta nesten 90 millionar kroner, kor Troms og Finnmark fylkeskommune har bidrege med 13,5 av desse millionane. UiT og Nofima eig Havbruksstasjonen i fellesskap.
Straks anlegget vert teken i bruk har havbruksnæringa i nord få eit utdannings- og forskingsanlegg der dei kan læra om resirkulerande akvakultursystem (RAS). Det er eit av det mest avanserte forskingsanlegget i verda for landbasert fiskeoppdrett.
Tre gode nyheiter
Statssekretær Kristina S. Hansen (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet opna RASforsk saman med fylkesråd for næring, plan og miljø, Karin Eriksen (Sp). Dei to hadde begge med seg gode nyheiter. Fylkesråden kom med konsesjon for at RASforsk får fylle anlegget med fisk, mens statsekretæren slapp gladnyheiten om at departementet innvilgar 7 forskings- og utviklingskonsesjonar som vil gjelde i 15 år. Det gjer at Havbruksstasjonen kan sette i gang fleire store fullskala forskingsprosjekt på lakseoppdrett i åra som kjem.
I sin tale under opninga peikte dagleg leiar for Havbruksstasjonen på korleis dei no svarar på dei stadig endra behova i havbruksnæringa:
– Havbruksnæringa er i rivande teknologisk utvikling, og for at utdanning og forsking skal henge med er det avgjerande at moderne forskingsanlegg som vårt vert utvikla i takt med det nasjonale behovet. Det er eit stort behov for opplæring og kunnskapsoverføring til næringa, seier ho.
Havbruksstasjonen i Tromsø er eigd av Nofima og UiT Noregs arktiske universitet med 50 prosent kvar. Felles eigarskap til dyr infrastruktur gir betre ressursutnytting, og ikkje minst moglegheit for fleire samarbeidsprosjekt, trur Kathrine Tveiterås, prorektor utdanning ved UiT Noregs arktiske universitet.
– Næringa treng fleire hovud som kan RAS, og der har me særleg viktig oppgåve med å utdanna kandidatar som kan bidra til frisk fisk, betre fiskehelse og forsvarleg produksjon. Utviklinga går raskt, og det er smart å samkøyra forsking, utdanning og næringssamarbeid slik me har høve til gjennom felles eige av Havbruksstasjonen, seier ho.
Susanne Holmås er eit av desse hovuda som kan RAS. Ho er masterstudent i akvamedisin (Akvamedisin – master | UiT) og ho trur RASforsk vil gje ein endå betre grunnutdanning for studentane:
– RAS er så komplisert at det er utruleg viktig å få inn praksisen tidleg og kunne henge teorien på dei riktige knaggane. Ein skal skjøne biologien til fisken, bakteriane som reinsar vatnet, den særs kompliserte teknologien, og logistikken, seier ho.
Ho har sjølv hatt god nytte av Havforskingsstasjonen, og trur det vil verte endå nyttigare framover.
– Når ein kjem vidare i utdanninga til master eller over i forsking, er det ein fantastisk moglegheit til å gjere forsøk her. RASforsk vil rett og slett gje endå betre kandidatar og forsking for næringa, seier Holmås.
Med brukstillatinga frå fylkeskommunen, er RASforsk klart til bruk – 18 tankar på éin kubikk og 6 tankar på ni kubikk, alle med kvart sitt resirkuleringssystem. Ettersom dette er eit nybygg, er anlegget svært fleksibelt og resirkuleringssystema og tankar kan ved behov koplast saman.
– Dette er ein merkedag for havbruk, for nord, for kunnskap og kompetanse, og eg har store forventningar til ringverknadene av RASforsk. Og det trur eg næringa og samfunnet rundt og bør ha, seier prorektor Tveiterås.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Marine Biotechnology - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År -
PhD programme in Nautical Operations
Varighet: 3 År -
Nautikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Ocean Leadership - Executive master
Varighet: 3 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Nautikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Musikkteknologi
Varighet: 2 Semestre -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Automasjon, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Varighet: 1 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Droneteknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor (nettbasert)
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor (nettbasert)
Varighet: 3 År -
Elkraftteknikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Elektronikk, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År