Vil løyse energikrisa for alltid – UiT skal bidra i europeisk samarbeid
Lykkast vi med fusjonskraft, får vi ei rein og utømmeleg kjelde til energi. Europeiske forskarar jobbar på spreng for å løyse utfordringane som står igjen, og no skal forskarar frå UiT Noregs arktiske universitet òg bidra i samarbeidet.
Det blei klart då den europeiske samarbeidsorganisasjonen EUROfusion denne veka ønskte UiT velkommen inn i samarbeidet.
UiT har fått observatørstatus i generalforsamlinga. Gjennom dette kan UiT-forskarar bidra med forskinga si, knytte tettare band til internasjonale forskingsmiljø og utveksle verdifulle forskingsdata.
– UiT har eit unikt forskingsmiljø innan fusjonsenergi i Noreg. Fusjonsforskarane våre blir lagde merke til internasjonalt, noko som blir stadfesta gjennom invitasjonen frå EUROfusion. At denne forskingsgruppa bidreg til framsteg innan dette feltet, kan føre verda nærmare ei rein og utømmeleg energikjelde. Det er vi sjølvsagt stolte av, seier prorektor for forsking og utvikling ved UiT, Camilla Brekke.
UiT har leiande forskarar innan fusjonsenergi
UiT har lenge hatt eit internasjonalt leiande forskingsmiljø innan fusjonsenergi, har fleire studieprogram innan fagfeltet. Fusjonsenergi er òg eit av hovudtemaa i forskingssenteret UiT Aurora Center DYNAMO.
– Ved UiT har vi ein lang tradisjon for forsking på jordas øvre atmosfære, og dermed plasmafysikk. Dette er kunnskap som er veldig relevant i fusjonsforsking, seier Odd Erik Garcia, professor og leiar av DYNAMO.
For å starte ein fusjonsprosess krevst det svært høge temperaturar. Desse temperaturane gjer det krevjande å halde oppe fusjonsprosessane over tid utan at reaktoren blir skada. Derfor blir det jobba med å finne metodar for å kontrollere varmen.
Les òg: 11 spørsmål om fusjonsenergi
UiT-forskarane har hatt stor suksess med å lage statistiske modellar som beskriv korleis varmen blir transportert ut i kantane på slike reaktorar.
– Denne kunnskapen kan vi bruke for å optimalisere designet på reaktorane og unngå skade på veggene frå plasmaet, seier Garcia.
Sidan Noreg som nasjon ikkje er medlem i EUROfusion, har forskarane vore nøydde til å finne samarbeid på andre måtar.
– Vi har noko samarbeid i Europa, gjennom personlege kontaktar. I tillegg har vi ein del samarbeid med eksperimentelle labar i Sør-Korea, Kina og USA, seier Garcia.
Han viser mellom anna til samarbeidsavtalen som UiT inngjekk med MIT i USA.
Etterlyser politisk engasjement
Garcia har i samarbeid med andre aktørar, som til dømes Equinor, jobba for å få norske styresmakter til å vakne og sjå moglegheitene som ligg i å forplikte seg i det europeiske samarbeidet.
Han har mellom anna halde orienteringar om potensialet i fusjonskraft for styret i Energi21, eit råd oppretta av Olje- og energidepartementet. Dei skal gi råd om tematisk og finansiell satsing på forsking og innovasjon innan fornybar energi og klimavennlege energiteknologiar.
I sommar blei for første gong fusjonskraft teke med i strategidokumentet til Energi21, der det mellom anna er eit klart mål å sikre norsk deltaking i EUROfusion.
Garcia trur det har vore lite kunnskap blant norske politikarar til no.
– Det bør komme ein nasjonal debatt rundt dette, eg ser på dette som eit viktig steg i den retninga, seier Garcia.
Meiner Noreg bør bidra
Forskarar jobbar på spreng for å starte fleire fullskala eksperiment dei nærmaste åra. Både Commonwealth Fusion Systems (CFS) i USA og ITER-reaktoren i Frankrike skal etter planen startast i 2025.
– ITER er faktisk eit av dei største vitskaplege eksperimenta i verda, nokonsinne. Veit politikarane våre kva det betyr? spør Garcia.
Han peikar på at det er snakk om svært kostbar og omfattande infrastruktur, og gjennom å bidra økonomisk kan Noreg vere med som ein aktør i det som kan dekkje energibehovet vårt i overskodeleg framtid. Garcia meiner det hastar å forplikte seg i dette arbeidet.
– Det er no dei store investeringane blir gjort. Om fem til ti år kan det vere for seint, då er det kanskje ikkje så interessant å ha oss med som samarbeidspart lenger, seier Garcia.
Om EUROfusion:
- Blei oppretta i 2014 for å samle og styrkje den europeiske forskinga på fusjonskraft.
- I motsetnad til konvensjonell kjernekraft, eller fisjonsenergi der atom blir brotne ned, er fusjonsenergi ein prosess der atom smeltar saman. Dette er den same prosessen som går føre seg i sola og i alle stjernene i universet. Prosessen produserer verken radioaktivt avfall eller klimagassar, og drivstoffet til energikjelda er praktisk talt utømmeleg.
- Teorien bak fusjonsenergi har vore kjend lenge, men det er krevjande å løyse dei tekniske utfordringane som følgjer med ein slik prosess. No er det fleire store forskingsprosjekt på gang som om få år kan starte konkrete forsøk. Lykkast dei, kan vi sjå starten på det som kan gi oss rein og uavgrensa energi i all framtid.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Musikkteknologi
Varighet: 2 Semestre -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Automasjon, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Varighet: 1 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Datateknikk, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År -
Droneteknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor (nettbasert)
Varighet: 3 År -
Bygg, ingeniør - bachelor (y-vei)
Varighet: 3 År