– Hugs at lyset alltid vinn over mørkret
Ukrainas ambassadør til Noreg, H.E. Oleksiy Gavrysh, besøkte UiT for produktive møte og diskusjonar med mål om å byggje ei betre framtid.
– Eg er svært glad for å besøkje det nordlegaste universitetet i verda, og eg møtte eit fantastisk team. Eg trur på eit tett samarbeid mellom ukrainske og norske forskarar, sa Gavrysh.
Under besøket møtte ambassadøren rektor Dag Rune Olsen, ukrainske tilsette ved UiT og forskarar som er involverte i prosjekt knytt til Ukraina.
UiT vil bidra
UiT-rektor Dag Rune Olsen uttrykte si glede over møta:
– I dag diskuterte vi korleis vi kan bidra til å styrkje forsking og utdanning i eit Ukraina i krig. Det seier seg sjølv at normal akademisk aktivitet er særs utfordrande og avgrensa i Ukraina for tida, sa han.

Gaiane Nuridzhanian, førsteamanuensis ved UiT sitt juridiske fakultet, har arbeidd ved UiT sidan 2020 og spesialiserer seg på menneskerettar og internasjonal strafferett. Ho delte forskinga si om rettferd og ansvar i krigsforbrytarsaker i Ukraina, samt korleis ein kan sikre at ansvaret for å starte krigen blir korrekt plassert.
– Det var særs interessant å møte ambassadøren og høyre dei mange ideane hans om samarbeid, sa Nuridzhanian.
– Han hadde konkrete forslag til korleis UiT kunne støtte ukrainsk utdanning, universitet og vitskap, og på kva område samarbeid med ukrainske universitet ville vere mest nyttig. Det var svært oppmuntrande.
Håp om samarbeid i ei ny framtid
Ambassadør Gavrysh uttrykte takksemd for UiT si støtte til ukrainske universitet og innsatsen for å ta imot ukrainske forskarar og studentar. Han uttrykte òg optimisme for å finne nye vegar for samarbeid i framtida.
– Eg har full tillit til at dette samarbeidet vil vere gjensidig nyttig, sa ambassadøren.
Rektor Olsen er av same meining, og understreka òg potensialet for langsiktig samarbeid:
– Vi har diskutert utvida samarbeid for framtida, for tida når freden kjem tilbake til Ukraina, sa Olsen.
Nye ferdigheiter for ei framtid i Ukraina
Nuridzhanian innrømmer at det er vanskeleg å bu langt frå Ukraina medan det er krig i heimlandet. Ho seier det er fantastisk å sjå at Noreg støttar Ukraina så mykje.
– Men eg ser òg færre flagg og andre symbol for støtte til Ukraina i Nord-Noreg enn i andre delar av Europa. Kanskje dette kjem av større uro for forholdet til Russland i Nord-Noreg? Det er ein svært interessant og kompleks region å vere i under desse tidene, sa ho.
Ambassadøren oppmodar alle ukrainarar til å utnytte alle moglegheiter ved UiT og andre stader.
– De må få ny kunnskap og nye ferdigheiter for ei framtid i Ukraina, sa han.
– Og hugs at lyset alltid vinn over mørkret.
Prosjekta som vart presenterte for den ukrainske ambassadøren:
- Justice for Atrocity Crimes and Human Rights Violations Committed During the War in Ukraine. Presentert av førsteamanuensis Gaiane Nuridzhanian, forskingsgruppa Menneskerettar og folkerett på Juridisk fakultet
- How to Make Ukrainian Accessible to Norwegians. Presentert av førsteamanuensis Yuliia Palii, Institutt for språk og kultur
- Deep Tech Innovation as a Driver for Green and Sustainable Transformation Across Europe. Presentasjon av CloudEARTHi-konsortiet sine samarbeidprosjekt med ukrainske partnarar. Presentert av førsteamanuensis Tamer Abu-Alam frå Institutt for arktisk og marin biologi. Abu-Alam leiar konsortiet.
- Ukrainian Refugees’ Experiences with Using Health and Welfare Services in Norway. Presentert av professor Marcela Douglas Aranibar, leiar av Senter for fredsstudier, og førsteamanuensis Hege Kristin Andreassen, direktør for Senter for omsorgsforsking, Nord
- Ukrainian Refugee Parents Resettling in Norway. Presentert av førsteamanuensis Lene-Mari Potulski Rasmussen frå Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Nord (RKBU Nord)
- Multiple Challenges Around Understanding and Addressing "Grey Zone" or Hybrid Threats and Warfare. Presentert av stipendiat Maria Claudia Nunes, medlem av forskingsgruppa The Grey Zone





