Pensjonist og forskar på høgt internasjonalt nivå

Ole Petter Rekvig har vore professor emeritus i snart ti år. Likevel er han, i følgje ScholarGPS, rangert blant dei 3 prosent beste forskarane i verda dei siste fem åra.

En mann poserer sittende på et kontor
Professor emeritus Ole Petter Rekvig. Foto: Privat
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 12.05.25 12:38 Oppdatert: 13.05.25 12:47
Helse og velferd Om UiT

For professor emeritus Ole Petter Rekvig er det eit emne som har følgt heile hans yrkeskarriere: nyresjukdommen systemisk lupus erythematosus (SLE), òg kjent som berre lupus.

Eit møte med ei dødssjuk 17-åring då han var turnuslege gav han motivasjon til å forske og til å forstå sjukdommen kor kroppen angrip sitt eiga vev.

– Eg fyllast med takksemd når eg ser tilbake på karrieren min, seier Rekvig, og trekkjer fram både familien som har støtta han, tidlege inspiratorar og gode støttespelarar og «kaffi-vener» på UiT. Særleg vil han takke Rod Wolstenholme, som laga vitskaplege  illustrasjonar til artiklane hans i mange år.

– Han bidrog til at eg forstod mine egne hypotesar betre! seier Rekvig.

Global stemme som held fram

– Eg har hatt eit forskarliv full av tankar, hypotesar og diskusjonar, både lokalt, og internasjonalt. Min karriere har vore spennande, tilfredsstillande og gjevande – og ikkje minst utfordrande, held han fram,

Som forskar og professor på UiT vart han etter kvart ei global stemme innan immunologi, SLE og ein særskild komplikasjon av SLE kalla lupus nefritt. Ein lang forskarkarriere enda 1. mars i 2017, etter 40 år ved UiT.

Skulle ein kanskje tru.

Men Rekvig har haldt fram med å forske, skrive og publisere. Innafor sitt felt er han rekna som verdas 45. beste ekspert, basert på publiseringar dei siste 10 åra. Sidan han vart emeritus, har han publisert 14 artiklar om aspekt ved SLE – dei fleste som eineforfattar.

Ein mann sittamde ved eit spisebord, saman med ei teddybjørn som og sit. Dei
Rekvig saman med bamsen Sophus, som han har fått av barnebarnet sitt. Rekvig seier Sophus har vore ein fast diskusjon-kollega innan vitskapen. – Du ser på biletet at eg er litt sint og utolmodig, medan Sophus er reflektert og fokusert med kaffikoppen. Vi deler mange tankar, seier Rekvig Foto: Privat

Scholar GPS, som prøvar å rangere alle verdas forskarar, har vurdert Rekvig som innafor topp 3 % av alle forskarar i heile verda, i alle fagfelt, dei siste fem åra. Innafor fagfelta sine, SLE og lupus  nefritt, er han rangert som nummer 141 og 107 i verda – i internasjonal konkurranse med yngre og framleis yrkesaktive forskarar.

Ei anna rangeringsside, ExpertScape, reknar Rekvig som topp 0.25% av 17.890 forskarar innan Lupus nefritt.

– Det er litt av ein prestasjon, seier prorektor for forsking og utvikling hjå UiT, Jan-Gunnar Winther.

– Det Rekvig får til som emeritus er imponerande, og som universitet er vi takksame over at han og andre emeritusar held fram med å drive vitskapen framover. Dei er ein ressurs for UiT, held han fram.

Passar ikkje for eit liv som pensjonist

Men kvifor ikkje berre kvile på laurbæra? Han er tross alt rangert som i topp 0,67% av alle forskarar i Scholar GPS sin Lifetime-rangering, og som nummer 36 innafor Lupus nefritt. Er ikkje det nok? Kva er det som gjer at Rekvig held fram med å jobbe, åtte  år etter pensjonsalder?

– Eg har tenkt, diskutert og vorte oppdatert innafor dette fagfeltet i 49 år no. Eg har mykje kunnskap som er assosiativ, intuitiv og faktisk teoretisk, og å kunne halde fram med å bidrege til fagfeltet gjev meg motivasjonen eg treng. Eit liv som pensjonist i fred og ro passar ikkje for meg, så eg trur det er best for alle partar, inkludert familien min, at eg held fram med forsking og argumentasjon, seier Rekvig.

Rekvig har vore open om sine utfordingar knytt til endogen, stadig tilbakevendande depresjon. 

Ein mann sit på eit svaberg ved ei stor sjø. Grøne fjell og skog i bakgrunnen.
– Eg var ein god ven av Helge Ingstad, og gjekk opp nokon av hans fotspor. Padleturen nord på Horton River var eit livseventyr. Langturane mine har vore ein like stor del av den eg er som forskinga har vore. Her er Rekvig fotografert ved Ingstad sin "Elgsjøen" i Nord-Canada. Foto: Privat

– Det har aldri vore alvorleg for meg, men det har gjeve meg evna til å reflektere over livet og livets utfordingar. Endogen depresjon har gjeve livet mitt djupne, seier han. 

Han legg heller ikkje skjul på at han er ein kontroversiell stemme i forskingsmiljøa han er ein del av.

– Eg har diskutert og argumentert mykje, og gjer det framleis. Eg er involvert i nokre heftige diskusjonar om korleis ein skal vurdere desse sjukdomane og kva orsak dei eigentleg har, seier han.

Mellom anna meiner Rekvig at SLE slik sjukdommen vert klassifisert i dag, ikkje er berre ein einskapleg sjukdom, men kanskje fleire variantar eller samlingar av symptom.

Stolt av UiT, men ønskjer meir støtte

Han seier han er stolt av UiT og kva han har fått til her, og at han trivst og er motivert for å halde fram med emeritus-karrieren. Men han synest han tidvis kunne fått meir støtte frå universitetet.

– Eg har vore nøydd til å seie nei til å reise på internasjonale kongressar kor eg er invitert og kor eg trur mine motstridande synspunkt kunne vore særleg nyttig. Men ein emeritus har ikkje mange stader å søkje pengar frå, og då har eg rett og slett ikkje råd, seier han.

Emeritusen trur han ikkje er åleine om å trengje litt meir frå UIT frå tid til anna. Derfor forslår han ein ordning kor framleis forskande emeritusar kan søkje om midlar til reiser eller utstyr.

– Det treng ikkje vere ein særleg stor sum for å gjere ein stor forskjell for oss emeritusar, seier Rekvig.

Prorektor Winther kan ikkje love noko konkret og påpeker at emeritusordninga har vorte endra dei siste tiåra, i takt med den økonomiske utviklinga i universitetssektoren.

Emeritusar er knytt til dei enkelte institutta, og har i følgje personalhandboka krav på ein «arbeidsplass og nødvendig forskningsfasiliteter». Det er kvart enkelt institutt som har ansvar for sine emeritusar.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 12.05.25 12:38 Oppdatert: 13.05.25 12:47
Helse og velferd Om UiT
Vi anbefaler