Får millionar for å forske på hamster-dvale
Førsteamanuensis Shona Wood får 29 EU-millionar til sitt prosjekt HiTime. No skal ho prøve å finne ut korleis ein hamster går i dvale.
– Eg er framleis i sjokk, men eg er òg veldig, veldig glad, seier Wood.
– På eit vis er eg òg letta, for no har eg har vist at eg kan konkurrere med dei beste, og eg får halde fram med å jobbe med noko eg synest er utruleg interessant, seier ho.
Dvale er eigentleg utruleg
Wood er den åttande frå UiT som vinn fram i European Research Council si prestisjetunge stipendordning for forsking. I denne runden delte EU ut 657 millionar Euro til 321 forskarar. UiT-forskaren får 2,7 millionar Euro i eit såkalla Consolidator Grant for prosjektet HiTime, kor ho skal sjå på kva slags strukturar i hjernen som startar og stoppar dvaletilstand hjå dyr.
– Dei pattedyra som kan gå i dvale klarar å drastisk kjøle ned kroppane sine, og så varme seg opp igjen når det er tid for det. Det er eigentleg utruleg, og eg vil finne ut kva i hjernane deira som gjer at dei klarar det, seier Wood.
Ligg svaret i ørsmå hjerneceller?
Wood trur at ein type celler i hjernen sin hypotalamus kalla tancyttar er med på å styre når dyr startar dvale og når dei vaknar opp igjen.
Ho skal studere fenomenet i hamsterar, både fordi dei er praktiske forsøksdyr og fordi hjernestrukturane er samanlignbare for alle pattedyr. Funna kan derfor òg gje innblikk i menneskeleg fysiologi, og vere nyttig i alt frå forsking på overvekt til interplanetariske romferder. Ho forklarar korfor:
– Tancyttane er kjende for å ha med regulering av sukker i hjernen å gjere, og dei kan derfor spele ei rolle for å regulere forbrenning og matinntak. Og om vi skal sende menneske på lange romferder i framtida, må vi kanskje leggje dei i ei form for dvale kor dei senker forbrenning og søv bort ventetida. Då kan forskinga mi vere ein del av grunnlaget for teknologien, seier Wood.
Lang fartstid er ein fordel
Wood er førsteamanuensis i kronobiologi og fysiologi hjå Institutt for arktisk og marin biologi på BFE-fakultetet. Ho har jobba lenge med dyr sine livsrytmar, og korleis dei styrer sin indre klokke, og startar og stoppar dvaletilstandar.
Mellom anna har ho leia prosjektet Epigenetic light finansiert av Tromsø Forskingstiftelse sidan 2017, og ho er nestleiar for UiT Aurora-senteret Arctic Seasonal Timekeeping Initiative. Wood understrekjer at begge to har vore særs viktige for at ho vann fram i den skarpe konkurransen, og ho håpar dette kan vere ein takk for tilliten.
Imponert rektorat
Camilla Brekke er prorektor for forsking og utvikling hjå UiT, og har som mål at 25 prosent av forsking hjå UiT skal vere eksternt finansiert. Ho er sjølvsagt djupt imponert over det Wood har fått til, og meiner ho er eit eksempel til etterfølging:
Wood har levert eit utmerkt prosjekt prega av nysgjerrigheit, kreativitet, og fagleg spisskompetanse. Det er imponerande.
– Samstundes er det òg framifrå at ho får pengar og prestisje, og at prosjektet vil finansiere fleire stillingar hjå UiT, seier Brekke.
Rektor Dag Rune Olsen er like imponert:
– Dette er utruleg gode nyheiter! Eg vil gratulerer Shona Wood med ein framifrå prestasjon, og eg gler meg til å sjå kva prosjektet kan produsere, seier han.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biomedicine - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Matematikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 (deltid) - årsstudium
Varighet: 2 År -
Internasjonal beredskap (samlingsbasert) - bachelor
Varighet: 3 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Marine Biotechnology - master
Varighet: 2 År -
PhD Programme in Natural Science
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Science
Varighet: 3 År -
Lektor i realfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Kunstig intelligens, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Matematiske realfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Nautikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium - forskerlinje
Varighet: 7 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Fornybar energi, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År