28 millionar til kapasitetsløft for berekraftig fiskeoppdrett
Noregs Fiskerihøgskule ved UiT Noregs arktiske universitet har fått 28 millionar frå Forskingsrådet til prosjektet CandRAS. No skal kompetansen på landbasert fiskeoppdrett hevast i heile landsdelen.
Prosjektet «Kompetanse og utdanning innen landbasert produksjon av laks i resirkuleringsanlegg» (CandRAS) er eit næringsretta undervisnings- og forskingsprosjekt for omstillinga frå tradisjonell oppdrett på land i gjennomstrøymingsanlegg, der vatnet brukas berre ein gong, til resirkuleringsanlegg der vatnet brukast fleire gonger.
Når ein avlar fisk i RAS (resirkulerande akvakultursystem) kan ein produsera meir settefisk med dei ressursane me har. I tillegg kan ein redusere tida fisken er i anlegg i sjø, og såleis minske fara for lakselus og anna sjukdom. Utviklinga på dette feltet går rasande fort, og både forskinga og næringa slit med å holde følgje.
Auke på alle nivå
– Det skal me ta tak i no. Me skal auke kompetanse og kapasitet på alle nivå, både i næring og utdanning, seier ein glad Bjørn-Steinar Sæther.
Han er professor i biologi ved Noregs Fiskerihøgskule og prosjektleiar for CandRAS, som no altså har vunne fram i Forskingsrådet sitt program Kapasitetsløftet. Han fortel at dei 28 millionane kjem godt med:
– No kan me utvikle eit bredt utdanningstilbod innan RAS-biologi både til våre eigne studentar, til vidaregåande skule og som etter- og vidareutdanning til næringa, seier han.
Eit UiT for både næring og velferd
– Det er viktig for UiT å jobbe for kompetanseheving i både offentleg og privat sektor, seier prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås.
– Me må ha eit kompetent velferdssamfunn med nok hender, men òg eit næringsliv som skapar ny aktivitet i landsdelen. Berre då kan me få ein regional utvikling, seier ho.
Tveiterås er derfor begeistra for at UiT no fortsett eit langt og godt samarbeid med næringa. Både Nofima, Blått kompetansesenter Nord og Sjømat Norge er med i CandRAS. I tillegg er to leiande forskings- og undervisningsmiljø med; Danmarks Tekniske Universitet og Freshwater Institute i USA.
Ei lang linje
Sæther fortel at dei har jobba med sjømatnæringa i fleire år, mellom anna har fleire aktørar frå næringa gått saman om å finansiere ei professor-stilling ved skulen. Denne stillinga vil no verte sentral i CandRAS, og slik kan dei saman gripe fatt i utfordingane næringa står overfor.
– Det er eit komplekst samspel me må perfeksjonere, fortel Sæther.
– Til dømes brukar me bakteriar til å reinse vatnet i RAS, så me må helde liv i både bakteriane og fisken samstundes, noko som ikkje alltid er like lett, innrømmer han.
Berekraftig omstilling
Berekraftige løysningar på komplekse problem er nett det UiT skal vere gode på, seier prorektoren:
– Me vil bidra til å utvikle berekraftige samfunn og vere ein del av ein berekraftig omstilling i næringslivet. Då er oppdrettsnæringa ein god samarbeidspartar, og me gler oss over at Forskingsrådet ser kor gode prosjekt me jobbar fram saman med næringane, seier Tveiterås.
Kva er Kapasitetsløftet?
Kapasitetsløftet er eit prosjekt frå Forskingsrådet som skal gje økt verdiskaping og omstilling i næringslivet i heile landet, ved at fleire fagmiljø ved universitet, høgskuler og forskingsinstitutt (UHI) blir meir relevante samarbeidspartnarar for det regionale næringslivet. Resultata frå prosjektet skal styrke regionalt næringsliv, utvikle berekraftige samfunn og skape varig økt forskingskapasitet og kompetanse i forskingsorganisasjonar.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Landskapsarkitektur - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitenskap
Varighet: 3 År -
Nordic Urban Planning - master
Varighet: 2 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - master
Varighet: 2 År -
Luftfartsvitenskap - master
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Science
Varighet: 3 År -
PhD programme in Nautical Operations
Varighet: 3 År -
Filosofi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Matematiske realfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Landscape Architecture - master
Varighet: 2 År -
Contemporary Issues in Risk and Crisis Management - master
Varighet: 2 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Fornybar energi, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År