Ein vinn-vinn-vinn-situasjon

Trude Fonneland hadde aldri søkt om EU-midlar, men heiv seg rundt og sikra både seg sjølv og forskingsmiljøet både ein ny kollega og nye prosjekt.

Ei gruppe menneske stilt opp for å bli tatt bilete av i ein skog.
Trude Fonneland og Laura Jonka-Aiko (nr 5 og 4 frå høgre) med forskingsgruppa deira. Foto: Privat
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 13.12.21 11:44 Oppdatert: 13.12.21 15:15
Om UiT

– Eg tenkte først at dette var alt for krevjande og at det kom til å gå mykje tid. Men det er den enklaste prosedyren eg har vært med på, fortel Trude Fonneland.

Ho er professor i kulturvitskap ved Noregs arktiske universitetsmuseum og jobbar med etnologi, samtidsreligion og turisme, særleg i ein samisk kontekst. I 2019 fekk ho innvilga søknaden sin til EU-programmet MSCA og sikra seg både ei ny kollega og eit toårig prosjekt.

Portrett av ei kvinne, Trude Foneland.
Trude Fonneland Foto: Gaute Lien

– Eg hadde aldri søkt EU-midlar før, og trudde søknadsprosessen var kjempeinnvikla. Men eg hadde allereie ei utruleg god kandidat som mangla forskingsmidlar, så eg tenkte at no prøvar eg berre, seiar Fonneland.

Internt, førebuande program

MSCA, eller Marie Skłodowska-Curie Actions, er EUs referanseprogram for doktorgradar og postdoktor-utdanning. UiT sitt interne Arctic MSCA-program knyter rettleiarar (professor eller førsteamanuensis) ved UiT saman med internasjonale postdoktor-kandidatar som kan bidra til UiT sine prosjekt. Kandidatane skriv så, med hjelp frå rettleiar, ein søknad om finansiering til prosjektet.

Gjer det! Du får så mykje igjen for det!

Søknadsfristen til sjølve EU-programmet er på hausten, men UiT sitt førebuande Arctic MSCA Program startar i januar 2022, med søknadsfrist for rettleiarar 14. januar.  Søknaden til UiT er svært kort, med berre 5 punkt å fylle ut.

 – Det er mest som ein melding om interesse å rekne, seier Theresa Mikalsen. Ho er seniorrådgjevar for ekstern finansiering frå EU, og den som styrar programmet med stø hand saman med kollega Kata Bohus.

Finn din drøymekandidat

Etter at UiT sine rettleiarar er klare, startar jobben med å finne gode postdoktor-kandidatar med god fagleg match. Rettleiarane veljar sjølv dei kandidatane ein trur passar ein og sitt prosjekt best. I juni 2022 skal alle møtast på et symposium ved UiT i Tromsø. Her startar prosessen med å definere prosjektet, og deltakarane lærar korleis man skriv ein god søknad til MSCA-utlysingen.

– Det er viktig for oss at alle dei dyktige forskarane ved UiT ser kor nyttig dette er, og at det ikkje er spesielt vanskeleg. Me støttar dessutan opp heile vegen, forsikrar Mikalsen.

Fonneland kan ikkje få rost Mikalsen og faggruppa hennar nok:

– Dei har vore ein kjemperessurs! Dei gjorde prosessane overkommelege og har vore fantastiske støttespelarar, skryt ho.

Bygger sterke fagmiljø

Prorektor for innovasjon og forsking, Camilla Brekke, seier det er heilt bevisst at UiT jobbar for å hente internasjonale forskingstalent til verdas nordlegaste universitet:

Portrett av ei kvinne
Camilla Brekke, prorektor for forsking og utvikling, anbefaler å søke. Foto: UiT / David Jensen

– UiT treng dei gode hovuda og eit mangfald av tankesett og perspektiv for å bringe forskinga framover, seier ho.

Brekke er godt nøgd med Arctic MSCA-programmet, og spesielt kor godt forskingsrettleiarane vert følgd opp. Ho peikar på at det er viktig for UiT å jobbe aktivt opp mot EU.

– Horisont Europa, som MSCA er ein del av, er ei svært viktig arena for UiT. Her skal me hente ut betraktelege midlar i åra framover, og fortsette å bygge sterke fagmiljø. Eg vil sterkt anbefale forskarane våre som ønsker å rettleie og rekruttere framifrå postdoktorar om å melde seg på! seier prorektoren.

Dei beste forskarane i verda

Marit Westergaard er professor ved Institutt for språk og kultur og skal snart ønske si femte MSCA-postdoktor velkommen til Tromsø. Totalt i forskinsgruppa hennar, AcqVA (Acquisition, Variation & Attrition), har dei hatt heile ti stipendiatar. Ho trur det er sterkt medverkande til at dei no er et UiT Aurora Centre og at dei konkurrerer om å verte eit Senter for framifrå forsking.

– MSCA-programmet er ein lang og solid prosess, og det sikrar at disse forskarane er blant dei beste i verda. Det har ein enorm betydning for ei forskingsgruppe å få tilført slik kompetanse. Og ein ser effekten relativt raskt – for postdoktorane, rettleiarane og for kvaliteten på forskinga, seier Westergaard

Mange positive ringverkingar

Fonneland hadde ikkje mykje erfaring  som EU-søkar, men det har ho i fullt monn no. I tillegg har museet sikra seg ein talentfull postdoktor i finske Laura Junka-Aikio og dessutan hennar prosjekt INREPOSA. Prosjektet ser på korleis samisk forsking har endra seg i takt med samfunnsutviklinga i Finland, med mange parallellar til norsk forsking.

Slik gjer du:

Om du er interessert i å styrke forskingsgruppa di med ein talentfull postdoktor, finn du informasjon om Arctic MSCA-programmet med lenke til påmelding her. Søknadsfrist for påmelding er 14. januar 2022.

Og ikkje nok med at dei fekk Junka-Aikio med på laget, MSCA-søknaden har hatt mange andre positive ringverkingar:

– Me er eit ganske lite forskingsmiljø, men no har me fått betre rettleiingskompetanse, trening i internasjonalisering, eit større internasjonalt nettverk, me er mykje meir synlege, og Junka-Aiko fekk i tillegg tildelt eit NFR-prosjekt, så no får me enda fleire ressursar til miljøet i form av ein ny stipendiat.

Ho legg òg til at no er dei enda betre rusta til å søkje om fleire EU-prosjekt. Ein situasjon med mange vinnarar, med andre ord.

– Vil du anbefale andre å søke Arctic MSCA?

– Ja, absolutt! Gjer det! Du får så mykje igjen for det, oppfordrar Fonneland med et kjempestort smil.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 13.12.21 11:44 Oppdatert: 13.12.21 15:15
Om UiT