Filmprogrammet "Språk og film" startar torsdag

Den svenske filmen "Ett öga rött" innleier under Forskingsdagane eitt av haustens filmprogram på Verdensteatret; "Språk og film".

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 24.09.13 00:00 Oppdatert: 04.01.22 11:36
Naturvitenskap

Filmprogrammet "Språk og film" har kome i stand i samband med Språkåret 2013. Programmet er eit samarbeid mellom forskingsgruppa Språk og samfunn og Verdensteatret kino. Alle visningane startar med ei språkfagleg innleiing.

Ett öga rött

I den første filmen møter me Halim og hans familie som må forhalde seg til grunnleggjande, eksistensielle spørsmål når mor til Halim døyr. Kven er dei nå? Og kva for språk skal dei snakke? Filmen utforskar den nære koplinga mellom språk og identitet som mange migrantar opplever, og også kva for kjensler som blir sette i sving ved språklege vegkryss.

Filmvisninga er ein del av Forskingsdagane, og før filmen innleier Hilde Sollid og Florian Hiss. Les meir om visninga her.

Dokumentarar og spelefilmar

Alle filmane tek på ulike vis opp  tema omkring språk og identitet, urfolks- og minoritetsspråk, fleirspråklegheit og migrasjon og språk.

Finnish blood Swedish heart , torsdag 10. oktober, er ein roadmovie som følgjer den suksessrike rockemusikaren Kai og faren hans på ei reise frå Finland, der dei no bur, til Sverige, der Kai som barn budde med foreldra sine. Før filmen innleier Anna-Riitta Lindgren og Jorid Hjlustad Junttila. Les meir om filmen her.

Elina – som om jag inte fanns, tysdag 22. oktober, er lagt til "en liten by i Tornedalen i norra Sverige på 1950-talet, där befolkningen huvudsakligen är finskspråkiga trots att ett språkskifte från meänkieli/tornedalsfinska till svenska redan har inleds." Der møter me den svenske assimileringspolitikken gjennom niårige Elina. Mari Käranen, Hana Kucerova og Elizabeth Scheller innleier, og du kan lesa meir om filmen her.

The language of my heart og Språkfølelser, torsdag 7. november, er to filmar av språkforskaren og filmskaparen Sirkka Seljevold. I den første filmen møter me Solgunn og Terje som tek opp kampen for morsmålet sitt, kvensk, og i den andre filmen følgjer me ein russisk familie i Tromsø, der språk stadig er eit tilbaklevendande tema i sosiale situasjonar. Sirkka Seljevold og Åse Mette Johansen innleier og du kan lesa meir om filmane her.  Visninga er ein del av Tromsø International Conference on Language Diversity.

Alle visningane er på Verdensteatret klokka 19 - og dei er gratis.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 24.09.13 00:00 Oppdatert: 04.01.22 11:36
Naturvitenskap
Vi anbefaler