Språk og samfunn

Språk og samfunn er eit ope fagleg nettverk for vitskapleg tilsette på eller med tilknyting til Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. Dei arbeider i ulik grad med problemstillingar som gjeld tilhøvet mellom språk og samfunn.

Foto: Kurt Johnsen

Nettverket i si noverande form har vore i aktivitet sidan hausten 2003, men vidarefører eit arbeid med språk og samfunn som heile tida har stått sentralt ved Universitetet i Tromsø.

Forskarar i nettverket arbeider mellom anna med emne som geografisk og sosial variasjon, fleirspråklegheit og språkkontakt, språk og kjønn, språkplanlegging og språknormering, namnegransking, diskurs- og samtaleanalyse, språklege tekst- og sjangerstudium med meir.

Nordnorske språkforhold står sentralt, men både andre språkområde og allmenne teoretiske problemstillingar er aktuelle.

Forskingsgruppa LAIDUA spring ut av Språk og samfunn-nettverket.


Har du spørsmål om Språk og samfunn?

Kontakt professor Hilde Sollid.


 

Kveldsseminar hausten 2017

Tysdag 24. oktober kl. 18, E0104

Hanna Outakoski, Umeå universitet:

Utvikling og praksis i samisk opplæring og utdanning

Meir informasjon finn du her.

 

 

 

Skip to main content