Frå Trondenes seminar til Institutt for lærarutdanning
I 2026 er det jubileum for den første offentlege lærarutdanninga i Noreg. Ho vart sett i gang for 200 år sidan på Trondenes utanfor Harstad, og namnet var Trondenes seminar.
At den første lærarutdanninga i Noreg starta i nord, åtte år før Asker seminar, hadde ei spesiell årsak. Etter 1814 stod nasjonsbygging sentralt i Noreg. Blant dei tidlegaste utdanningsspørsmåla som kom opp på Stortinget i 1815–1816, var grunnleggjande utdanning for barn og unge. Ein kontinuerleg debatt gjekk føre seg på Stortinget. Arbeidet med skolelovgiving for allmugeskolen, etablering av skolelærarutdanning og lærarinstruks gjekk hand i hand. Debatten heldt fram i 1824 og 1827, då lova om allmugeskole på landet vart vedteken. Drøftingane på Stortinget omhandla betydinga av ein nasjonal plan når det gjaldt regionale planar, betydinga av religion i skolen, det faglege innhaldet i skolen, tilhøvet mellom stat og kyrkje, finansieringa av skolen og spørsmålet om omgangsskolar eller faste skolar.
Arbeidet for utbygging av skolevesenet vart aktualisert gjennom innsatsen til ei rekkje sentrale aktørar. Danskfødde Peter Vogelius Deinboll var ein av dei. Han kom som sokneprest til Vadsø i 1816, vart prost der og Finnmarkens representant til Stortinget i 1821 og 1824. Der engasjerte han seg i skolespørsmål. Dei synspunkta han stod for, fekk gjennomslag, mellom anna vart allmugeskolelova av 1827 ein rammeplan som gjaldt nasjonalt.
Kravet om etablering av lærarutdanning kom tydeleg fram på Stortinget under forarbeidet til skolelova. Det var naudsynt å utdanne lærarar som skulle verke i allmugeskolen. Deinboll var mellom pådrivarane for utbygging av nasjonalt skolevesen. Samstundes såg han spesielle utfordringar knytte til dei språklege tilhøva nord i landet. Det var turvande med lærarar som kunne undervise både på samisk og kvensk. Han la fram forslag om å etablere eit lærarseminar i nordlege del av landet i 1821. Men det var finansiering som til sjuande og sist gjorde at lærarutdanninga hamna i nord.
Samstundes såg han spesielle utfordringar knytte til dei språklege tilhøva nord i landet. Det var turvande med lærarar som kunne undervise både på samisk og kvensk.
Deinboll kjende til at det fanst økonomiske midlar: Eit fond øyremerkt utdanning av misjonærar, lærarar og kateketar med virke blant den samiske befolkninga i Nordland og Finnmark, stod att etter at misjonen hadde teke slutt i 1774. Forslaget til Deinboll vann fram, og lokalisering på Trondenes vart vedteken i 1824.
Trondenes seminar vart etablert 7. februar 1826. Presten i Trondenes, Simon Kildal, vart tilsett som styrar og førstelærar, medan samiske Nils Gundersen vart andrelærar. Føresetnaden var at det kvart år skulle takast opp ni seminaristar frå bispedømmet. Aust-Finnmark og Vest-Finnmark skulle sende to kvar, ein frå dei samiske familiane og ein frå dei norske i kvart prosti. I tillegg var det plass til ein seminarist frå kvart av prostia Tromsø, Senja, Vesterålen, Salten og Helgeland.
Heilt frå byrjinga av vart innhaldet i undervisninga og praktiske øvingar diskuterte. Religiøse og moralske aspekt vart vektlagde. Faga var religion, kateketikk, norsk språk og grammatikk, skriving og rekning. I tillegg vart det undervist i samisk for dei samiske seminaristane og for dei norske som kunne vente tilsetting i samiske distrikt. Nils Gundersen var ansvarleg for undervisning i samisk. Gundersen hadde få skriftlege hjelpemiddel å støtte seg til og baserte den samiske undervisninga på munnleg formidling og munnleg språktrening.
Mange seminaristar hadde friplass. Til gjengjeld hadde dei sju år pliktteneste i prostia dei kom frå. Skolebygningen romma både internat og undervisningslokale, og seminaristane fekk erfare trekkfulle lokale, dårleg mat, overfolka husvære og hardt skolearbeid.
Då det i tillegg var mangel på lærarkrefter og praksisskular, kom det etter kvart fram eit ønske om å flytte seminaret til Tromsø, noko som vart bestemt ved kongeleg resolusjon i 1848. I Tromsø var det òg internat og undervisningsrom i same bygning. Kosten skulle vere nærande, og til kvelds vanka det graut. Derfor fekk seminaristane utnamnet «grautmonka» av bygutane, og lærarskolen vart kalla «klosteret». Talet på seminaristar auka, fleire lærarar kom på plass, og praksis ved allmugeskolen i byen vart bestemt.

Då Trondenes seminar vart oppretta, var plikta til å ivareta opptak av samiske seminaristar og undervisning i samisk språk klart formulert. Det ansvaret seminaret hadde for undervisning i samisk, vart vidareført etter flyttinga til Tromsø. Etter kvart oppstod det også behov for undervisning i kvensk i område der elevane hadde dette som morsmål. I 1853 bestemte regjeringa å opprette friplassar for samiske og kvenske seminaristar, finansiert av midlar frå det nyoppretta Finnefondet. I dette låg det at staten skulle dekke alle utgifter til utdanning, opphald, kost og lommepengar.
Seminaristane som tok samisk eller kvensk, hadde tenesteplikt, først i sju år, deretter i fem år i overgangsdistrikt, det vil seie Finnmark og overgangsdistrikta i Nord-Troms: Kvænangen, Nordreisa, delar av Lyngen og Skjervøy.
Frå 1859 kom det nye opptaksreglar for friplass. Det vart innført ei opptaksprøve, og dei søkarane som fekk best karakter på opptaksprøva, vart tilbydde friplass. Også norske kunne no søke om friplass. Undervisninga i samisk gjekk føre seg ved Tromsø seminar fram til 1866. Då vart det bestemt at dei seminaristane som fekk friplass, skulle få opplæring i samisk og kvensk ved Altens lærerskole. Då skolen i Alta vart lagd ned i 1870, gjekk undervisninga i samisk og kvensk over til Tromsø.
Ein ruvande skolemann sat som styrar og rektor i Tromsø frå 1883 til 1920, nemleg Just Qvigstad. Han var ein sterk forsvarar av at opplæringa på folkeskolen skulle gå føre seg på morsmålet. Qvigstad var ekspert på samisk og kvensk, ein språkforskar på høgt internasjonalt nivå. Han gav i 1927–1929 ut trebindsverket Lappiske eventyr og sagn, innsamla folketradisjon der kvart oppslag har tekst på samisk på den eine sida og norsk på den andre sida.
Det skulle kome turbulente tider for undervisning av samisk- og kvenskkunnige seminaristar. I 1904 vedtok Stortinget at ordninga med friplassar ved lærarutdanninga i Tromsø skulle opphøyre. Institusjonen vurderte det då som umogeleg å rekruttere søkarar til samisk og kvensk lærarutdanning. I årsmeldinga for 1906 slo Qvigstad fast at den oppgåva lærarskolen hadde hatt sidan 1826 med å utruste ein del av elevane med naudsynlege språkkunnskapar for å vere lærarar i språkblanda distrikt, no hadde opphøyrt. Men opphaldet vart ikkje varig.
Eit nasjonalt skifte i språkpolitikken fann stad, som innebar at undervisninga av samiske skoleborn no skulle gå føre seg på norsk
Friplassane vart innførte igjen i 1916, ei ordning som vart ståande til 1926. Då vart friplassane inndregne. Etter hundre år var det sett ein sluttstrek for undervisninga i samisk og kvensk ved lærarutdanninga i Tromsø. Eit nasjonalt skifte i språkpolitikken fann stad, som innebar at undervisninga av samiske skoleborn no skulle gå føre seg på norsk. Dette stod i motsetnad til det grunnleggjande språksynet som Trondenes seminar var tufta på, og som vart vidareført ved seminaret i Tromsø. Samisk og kvensk følgde kvarandre i åra det vart undervist i begge språka i Alta og i Tromsø. Innstillinga til lærarskolen var at også det kvenske språket skulle verte ivareteke. Alle styrarane ved lærarutdanninga i Tromsø kunne samisk eller kvensk i perioden 1857–1920.
Den norske lærarstanden viste sterk motstand mot tyske autoritetar. Lærarskolen i Volda, under leiing av Erling Kristvik, vart kalla eit «motstandsreir». I Tromsø går dette òg tydeleg fram i korrespondansen mellom rektor Trygve Dokk på lærarutdanninga og dei tyske autoritetane. Ein del av skolen vart overteken av tyske «Wehrmacht» frå 21. juni 1940.
For å markere skiljet mellom den tyske og den norske delen vart det sett opp eit plankegjerde i skolegarden. Like etter at foreldre over heile landet den 6. mars 1942 starta ein protestaksjon mot ei planlagd ungdomsteneste, med masseinnsending av brev til departementet, gjekk det 19. mars føre seg ein aksjon mot lærarar over heile landet. Rektor og alle lærarane ved Tromsø lærarskole vart avhøyrde av Statspolitiet, som ville vite om dei var medlem av Norges Lærersamband. Tre av lærarane vart internerte, men frigjevne i mai same året. Trass i store utfordringar var Tromsø lærarskole i drift fram til våren 1944. Rektor heldt fram at han hadde ansvaret for skolebygningane, og nekta derfor å forlate skulen.
I 1952 flytta Tromsø lærarskole til moderne bygg med gode undervisningsrom og turvande spesialrom. I ein flaum av nasjonale forsøk og strukturelle endringar kan nemnast at Tromsø fekk førskolelærarutdanning i 1972 og desentralisert allmugelærarutdanning i 1979. Lærarutdanning for nordsamiske distrikt starta ved Alta lærarskole i 1974 og vart ført vidare ved Samisk Høgskole i Kautokeino frå 1989. Utdanninga følger norsk lovverk og er godkjend som lærarutdanning både i Finland og Sverige.
Lærarutdanninga i Tromsø har vore ein kunnskapsbastion i Nord-Noreg. Ho har endra seg i tråd med nye krav til kompetanse. Lærarutdanninga har vore viktig når det gjeld utdanning for barnehage og skole.

-
Hørelæredidaktikk - master
Varighet: 2 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning i musikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Spesialpedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Logopedi - master
Varighet: 4 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærere - årsstudium
Varighet: 2 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium
Varighet: 2 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 4 År -
Spesialpedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Pedagogikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Instrumentaldidaktikk - master
Varighet: 2 År -
Filosofi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Utdanningsledelse - master
Varighet: 4 År -
Lektor i realfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Videreutdanning for lærere, barnehagelærere og utdanningsledere
Varighet: 1 Semestre -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning trinn 8-13 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Integrert master i realfag, språk eller samfunnsfag med praktisk-pedagogisk utdanning - master
Varighet: 2 År -
Philosophy - master
Varighet: 2 År






