Opna internasjonal testarena i Narvik

På Ofotbanen skal jernbaneteknologi testast og utviklast under arktiske forhold. Resultata kan få betyding for jernbanetrafikk over heile Europa.

et tog står parkert og folk er samlet på perrongen mens noen holder tale
Rundt 200 gjester frå ti europeiske land var til stades i Narvik på den offisielle opninga av jernbanestrekninga mellom Narvik og Luleå som internasjonal testarena. Foto: Dag-Arne Granberg / UiT
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 05.11.25 15:10 Oppdatert: 05.11.25 15:13
Næringsliv Teknologi

Under mottoet «funkar det her, funkar det overalt» skal jernbaneteknologi testast under arktiske forhold på Ofotbanen.

Tysdag 4. november blei Arctic Test Arena offisielt opna. Rundt 200 gjester frå ti europeiske land var til stades i Narvik. Over to dagar fekk dei mellom anna oppleve jernbanen på nært hald på togtur tur/retur Abisko, og omvising på lab på UiT i Narvik.

Besøkte UiT i Narvik

Onsdag besøkte dei UiT, med eit interessant seminarprogram. Her blei mellom anna avsporinga i 2023 gjennomgått.

Desember 2023 spora eit fullasta malmtog av ved Vassijaure. Kva skjedde, korleis handterte dei det og korleis kan ein forhindre at det skjer igjen?

En mann forklarer en gruppe mennesker ting på et laboratorium
Deltakarane fekk ei omvising på mellom anna betonglaben. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT

Fleire kilometer med jernbanespor blei øydelagt, og utfordrande vêrforhold gjorde sitt for at det tok 65 dagar å reparerere skadane. Det påvirka det svenske gruveselskapet LKAB, som fraktar jernmalm til utskiping i Narvik, og selskap som brukar jernbanen.

Seminaret runda av med omvising på aktuelle laboratorium ved UiT, som betong-, industriteknologi-, XR- og dronelab.

Funkar det her, funkar det overalt

Arctic Test Arena er eit prosjekt som utforskar korleis teknologi og samarbeid kan styrke jernbanen i framtida. Ikkje berre her, men i heile verda.

en gruppe mennesker står og ser på en drone
Eit besøk på dronelaben blei det også. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT

Jernbanestrekninga mellom Narvik og Luleå i Sverige har i mange år vore brukt av Bane Nor og Trafikverket som testarena. På grunn av klimaet, reknast strekninga som ein av dei mest krevjande i verda.

Les også: Ofotbanen blir internasjonal testarena for jernbaneteknologi

No bygger dei vidare på konseptet, i eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar frå Noreg og Sverige, med UiT Noregs arktiske universitet, Bane Nor, Sintef Narvik, Järnvägsteknisk centrum, Luleå tekniske universitet, Trafikverket og Jernbanedirektoratet i front.

Testarenaen gir unike moglegheiter til

  • Testing av infrastruktur og rullende materiell under krevende klimatiske forhold
  • Utvikling av robuste løysingar for tungtransport og ekstreme vêrforhold
  • Forsking på vedlikehald, driftssikkerheit og digitalisering
  • Internasjonalt samarbeid for berekraftig transport og innovasjon
  • Arena for spennande bachelor- og masteroppgaver

Kortnytt fra Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Vi anbefaler