UiT-forsking løftast fram på Island

Under debattane på konferansen The Arctic Circle Assembly skal vi snakke om kva strategiske vegval vi står overfor i Arktis. Der skal også UiTs forsking på tryggleik, klima og miljø løftast fram.

Innsiden av et kulturbygg
The Arctic Circle Assembly skjer på konsert- og konferansesenteret Harpa, i Reykjavik. Foto: Inger Lise Næss / UiT
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 13.10.25 10:00 Oppdatert: 03.11.25 10:01
Arktis Internasjonalt samarbeid Samfunn og demokrati

Den årlege konferansen The Arctic Circle Assembly set søkjelys på strategiske vegval vi står overfor i Arktis.

Den blir halden i Reykjavik, på Island, og samlar 2000 aktørar frå politikk, organisasjonsliv, forvaltning, forskingssektoren og næringsliv frå meir enn 60 land.

16.-18. oktober skal ein delegasjon frå UiT til Reykjavik for å byggje bruer og dele kunnskap og erfaringar.

UiTs satsingsområde

UiT er ein aktør med ei sterk internasjonal forankring, som leverer forskingsbasert kunnskap til Arktisk råd. Vi bidreg til også til at Noreg kan ha ei leiande rolle innan forsking på tryggleik, klima og miljø i Arktis. På konferansen skal delegasjonen løfte fram følgjande satsingsområde:

Internasjonalt samarbeid i fokus

UiTs handlingsrom for kunnskapsbygging blir mogleggjort på plattformer for internasjonalt og nordisk universitetssamarbeid som UArctic og The Arctic Six.

På konferansen skal også studentar og stipendiatar frå UiT vise korleis dei bidreg til å utvikle løysingar for berekraftige samfunn gjennom deltaking i International Graduate Student Research Cohort (IGSRC).

Du kan følgje UiTs delegasjon på nettsidene våre og sosiale medium.

Les meir om programmet på The Arctic Circle Assembly her.

Deltakarar i UiT-delegasjonen

  • Dag Rune Olsen, rektor
  • Jørgen Berge, prorektor for forsking og utvikling
  • Vito De Lucia, professor ved Norsk senter for havrett
  • Bastiaan Klerk, stipendiat ved Norsk senter for havrett
  • Ketil Lenert Hansen, professor ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Nord (RKBU Nord), Det helsevitenskapelige fakultet
  • Magritt Brustad, professor i ernæringsepidemiologi, ved Institutt for samfunnsmedisin
  • Rasmus G. Bertelsen, professor i Nordområdestudier, Barents Chair in Politics, Institutt for samfunnsvitenskap
  • Marc Lanteigne, førsteamanuensis i statsvitenskap, Institutt for samfunnsvitenskap
  • Lluisa Puig Moner, stipendiat, Institutt for matematikk og statistikk
  • Sigrid Ag, leder for Seksjon for internasjonalt samarbeid
  • Lars Kullerud, president for UArctic og seniorrådgiver, Seksjon for internasjonalt samarbeid
  • Astrid Brokke, seniorrådgiver ved Seksjon for internasjonalt samarbeid
  • Natalia Kononova, seniorrådgiver ved Seksjon for internasjonalt samarbeid
  • Isabelle Guissard, seniorrådgiver ved Seksjon for internasjonalt samarbeid
  • Ingvild Svestad, seniorrådgiver ved Seksjon for internasjonalt samarbeid
  • Zølvi Pedersen, seniorrådgiver ved Seksjon for forskning og innovasjon
  • Linda Solstrand Dahlberg, seniorrådgiver, Seksjon for forskning og innovasjon og representant for UiT i Brussel
  • Kim Bredesen, kommunikasjonsrådgiver ved UiT
  • Masterstudentar ved UiT: Bård Andersen og Andrea Krokan

Programpostar kor UiT bidreg

16. oktober

09:40 – 10:35

Kinas arktiske relasjonar: strategisk konkurranse og pragmatisk samarbeid

Arrangør: Institute for China-America Studies (ICAS), USA, Beijing Club for International Dialogue (CH)


10:50 – 11:45

Korleis byggje ein akademisk karriere

Arrangør: Barents Regional Youth Council


10:50 – 11:45

NATO i Arktis

Arrangør: The North American and Arctic Defence and Security Network, FNI


18:15 – 19:10

Mellommakter og små statar: Endrande geopolitiske roller i eit skiftande Arktis

Arrangør: The Sasakawa Peace Foundation, Japan



17. oktober

08:30 – 09:25

Endrande geopolitikk i Arktis: Synspunkt frå Indo-Stillehavsregionen

Arrangør: ESEAS – Uusof Ishak Institute, Singapore; UiT


15:55 – 16:50

Mattryggleik og beredskap i nord: Grenseoverskridande samarbeid

Arrangør: Arctic Six, AMF, TFK, TK, Arctic Frontiers, NORA


17:05 – 18:00

Sikkerheitisering av arktisk forsking: Styring, risiko og strategisk tilpassing

Arrangør: Marie Curie-Sklodowska University (PL), UiT, UiB, SIOS, AWI (DE)


18:15 – 19:10

Bryte barrierar: Korleis ta tak i mental helse blant unge menn i Arktis

Arrangør: AMF, TK, AF, UiT, TFK, NORA



18. oktober

09:00 – 09:55

Forsvar av det kanadiske Arktis

Arrangør: The North American and Arctic Defence and Security Network


10:10 – 11:05

Døden for Arktis? Kritiske intervensjonar i usikre tider

Arrangør: Thematic Network on Critical Arctic Studies, UArctic


10:10 – 11:05

Politiske skifte i Arktis: Kina, Russland og regional tryggleik

Arrangør: Centre for Arctic Studies, Universitetet på Island


11:20 – 12:15

Dynamisk havforvaltning i arktiske farvatn – Nye dynamikkar med BBNJ

Arrangør: Ecologic Institute (DE), Kiel Institute for the World Economy (DE)


13:15 – 15:20

Arctic Circle Polar Dialogue

Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 13.10.25 10:00 Oppdatert: 03.11.25 10:01
Arktis Internasjonalt samarbeid Samfunn og demokrati
Vi anbefaler