Bygger KI-datasenter i Narvik – besøkte UiT

OpenAI, Aker og Nscale skal bygge eit digert datasenter for kunstig intelligens i Narvik. På UiT fekk dei innsikt i UiTs kompetanse på feltet.

Sju pent kledde menneske står på rekke og smiler til kamera
Jonas Erraia, Menon Economics; Vladimir Prodanovic, Nvidia; Narvik-ordfører Rune Edvardsen, UiT-rektor Dag Rune Olsen; Eirik Frantzen, Nordkraft; Kristin Zwez, Nscale; Stian Jenssen, Aker. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 08.08.25 13:45 Oppdatert: 08.08.25 13:46
Energi Næringsliv Om UiT Teknologi

Torsdag 7. august besøkte aktørane bak Stargate Norway på UiT i Narvik.

Veka før blei det nemleg klart at Aker ASA, OpenAI og Nscale skal samarbeide om eit digert KI-datasenter i Kvandal utanfor Narvik. NVIDIA skal levere grafikkprosessorar.

Stargate Norway blir OpenAI sitt første anlegg i Europa. Det skal investerast rundt 10 milliardar kroner i første fase. Anlegget i Narvik skal etter planen vere i drift allereie neste år.

Aktørane bak besøkte Narvik for å presentere Stargate Norway, og Menon Economics presenterte ein ringverknadsanalyse som mellom anna peika på samarbeid med akademia.

Dresskledd mann holder en presentasjon i et auditorium
Rektor Dag Rune Olsen presenterer forsking og samarbeid UiT driv med på feltet. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT

På UiT Narvik blei dei tatt imot av rektor Dag Rune Olsen, prorektor for forsking Jørgen Berge og dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi, Bjørn R. Sørensen.

Rektor Dag Rune Olsen presenterte relevant forsking og samarbeid som UiT er involvert i, mellom anna

  • Visual Intelligence: Senter for forskingsbasert innovasjon
  • Dei fire nasjonale forskingssentera for kunstig intelligens som UiT er med i

Olsen la også vekt på at UiT har særskilt kompetanse på feltet, utdannar fagfolk til regionen og at eit KI-datasenter vil kunne gi spennande moglegheiter og gjere det meir attraktivt å studere her.

Fleire representantar frå UiT, Narvik kommune, Nordkraft AS, Lofotkraft AS, Vesterålskraft AS, Narvik Havn, Narvikgården AS, Narvikregionen Næringsforening, Harstadregionens Næringsforening og media var også til stades.

Mann i dress blir intervjuet av en mannlig journalist som holder en mikrofon og filmer med mobiltelefonen
Pressa var også til stades. Rektor Dag Rune Olsen blir intervjua av ein journalist i Glassgata på UiT i Narvik. Foto: Kristoffer Klem Bergersen / Narvik kommune

Kortnytt fra Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Vi anbefaler