– Her utviklast kunnskapen om nordområda

Bård Ludvig Thorheim (H) frå Energi- og miljøkomiteen på Stortinget fekk ein smakebit på UiT sine innovasjonar og samarbeidsprosjekt. Og krasja nesten ein 737 passasjerjet.

To leande menn i ein flysimulator, sett frå utsida
Så glad vert stortingsmedlemmar av livsfarlege manøvrar i passasjerjet. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 09.12.24 15:28 Oppdatert: 10.12.24 08:44
Naturvitenskap Om UiT

– Det blir å hyle og pipe litt, men det toler vi, seier professor i luftfartsfag Vegard Nergård, like før ein halsbrekkande manøver over Bardufoss lufthamn.

Med seg i 737-simulatoren på UiT i Tromsø har han stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim, som verkeleg kosar seg.

Frå kreftmedisin til romvêr og luftfart

Ei kvinne held opp eit glas med noko gult oppi. Ein mann ser fascinert på.
Marbio-leiar Jeanette Hammer Andersen visar ein fascinert Thorheim nokre av funna frå Barentshavet. Foto: Geir Bakkevoll / UiT

Thorheim sin dag starta hjå forskingsgruppa Marbio, som leitar etter livsviktig medisin hjå organismar frå havet.

Marbio har funne ulike molekyl som kan stoppe både brystkreft og blodkreft, etter at dei fann stoff som drep kreftceller i organismar i Barentshavet. Håpet er å utvikle medisinar som kan hjelpe tusenvis.

Så gjekk turen vidare til presentasjonar om UiT sitt arbeid med romvêr, grøn luftfart og jordobservasjon, før Thorheim no flyr eit simulert passasjerfly i ein skummelt krapp sving, urovekkande nært både bakke og kontrolltårn på Bardufoss.

Og ja, det både hylar og pip.

Sterke miljø som jobbar saman

Thorheim representerer Nordland på Stortinget, og det var derfor naturleg at han fekk høyre om samarbeidet UiT har med Andøya Space Center. Eit sterkt miljø for satellitt- og romfartsteknologi i Narvik og miljø innan jordobservasjon og romfysikk i Tromsø er naturlege samarbeidspartnarar for rakettskytefelta på Andøya.

Thorheim møtte òg Magnar Gullikstad Johnsen som er observatorieleder og forskar ved Tromsø Geofysiske Observatorium. Gullikstad fortalde om UiT sitt arbeid for å forstå romvêr og konsekvensar og moglegheiter innanfor feltet, mellom anna ein mogleg nasjonal teneste for romvêrvarsling.

To personar i silhuett i ein flysimulator. Dei flyg openbert i ei krapp sving.
Thorheim og Nergård skal vere glad det berre var simulerte passasjerar på flyginga. Her er dei på veg ned for å sjå nærmare på Bardufoss lufthamn. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Grøn luftfart for all slags vêr

Etter tidenes cowboy-overflyging av Bardufoss og sightseeing av Midt-Troms i særs låg høgde, er Thorheim tilbake på «landjorda» i Tromsø.

Smilet til politikaren går heilt rundt.

– Dette var kjempeartig! Men òg viktig, for det er jo snakk om luftfarten i Nord-Noreg, Her er det er tøffe vêrforhold, og vi treng dei beste pilotane, seier han.

Ein glad mann bak eit plastvindauge gjer to tomlar opp.
Ein særs nøgd Thorheim tilbake "på bakken". Foto: Kjetil Rydland / UiT

Kommunal- og distriktsdepartementet har nettopp gjeve 5 millionar til UiT sitt samarbeidsprosjekt for å utvikle grøn luftfart i nord. Målet er å byggje opp unik kompetanse og verte ein internasjonal testarena for grøn luftfart.

UiT sin del av prosjektet skal i hovudsak jobbe med nettopp simulering og såkalla digitale tvillingar gjennom simuleringssenteret TASIC. Då kan ein både trene og gjere realistisk testing av ny teknologi i alle dei ulike variantane av nordnorsk vêr og klima.

Vi kan ikkje ha sperrer

– Alt dette må vi satse enda meir på – å vere kunnskapsleiande i nordområda. Og her synest eg UiT tar ansvaret sitt på ein veldig god måte, seier Thorheim.

Han er òg glad for å sjå at UiT og andre aktørar i Nord-Noreg jobbar saman for å skape vekst og innovasjon i heile landsdelen.

– Vi må tenkje på regionen Nord-Noreg og ikkje ha sperrer mellom regionar og fylke. Og så må vi ikkje gløyme den internasjonale dimensjonen i det, for forsking skal alltid vere verdsleiande, og då kan vi aldri tenke snevert, seier Thorheim.


Kortnytt fra Institutt for teknologi og sikkerhet, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Norges fiskerihøgskole, Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi, Institutt for fysikk og teknologi
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Vi anbefaler