Ingeniørpraksis Hos Watermoon AS

Mitt navn er Ingvild Berlandstveit. Eg går tredje året på bachelor i prosessteknikk ved UiT. I
løpet av sommaren 2024 hadde eg ein tre vekers praksisperiode hos Watermoon AS, som
er Eide-konsernet si nysatsing på lukka anlegg i sjø.

Iustrasjonsbilde fra Eide berekraftsrapport
Iustrasjonsbilde fra Eide berekraftsrapport Foto: "EIDE"
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Søraas, Øyvind oyvind.soraas@uit.no
Publisert: 13.11.24 10:31 Oppdatert: 13.11.24 10:52
Bærekraft Hav Klima Studentliv / Studier Teknologi

Eide omtalar Watermoon som standarden for framtidas havbruk. Målet er å skape eit lukka miljø for fisken; skjerma for lus, parasittar, vind og vèr, samstundes som havbotn forblir upåverka. Watermoon AS vart starta i 2022, og har i dag 17 ansatte. Morselskapet Eide Fjordbruk blei starta i 1972, og blir i dag drive av tredje generasjon oppdrettarar. Administrasjonen ligg i Hålandsdalen, der det heile starta. Med åra har bedrifta vokse, og har i dag sjølokalitetar fleire stadar på vestlandskysten.

I løpet av praksisperioden min har eg lært mykje om korleis eit utviklingsprosjekt som dette fungerer og er organisert. For å ha betre forutsetning til å ta del i det teoretiske arbeidet inne på kontoret, starta eg praksisperioden min ute på anlegget. Her fekk eg eit større innblikk i styringssystemet, og generelt den daglege drifta. Andre del av praksisperioden var meir teoretisk. Det var mykje møteverksemd som eg tok del i, der ein såg på mogelege løysingar for vegen vidare, både internt og med eksterne leverandørar. Dette var veldig lærerikt.

Praksisprosjektet har vore lærerikt, og eg sit igjen med nyttig erfaring. Eg er takksam for mogelegheita til å få innsyn i både prosjektet og kva ein ingeniørkvardag kan bestå av. Det har gjort meg tryggare på at utdanningsvalet mitt er rett, og eg gled meg til å ta del i arbeidslivet.

Eide Berekraftrapport


Kortnytt fra Institutt for industriell teknologi
Søraas, Øyvind oyvind.soraas@uit.no
Vi anbefaler