Utdannar ingeniørane som trengs til det grøne skiftet

– Viss dette er morgondagens ingeniørar, er samfunnet heilt klart i gode hender, seier koordinator Torje Kosmo Karlsen.

Elever står rundt ei kule, en elev strekker handa mot den
VGS-elever får demonstrert noe av det spennende elkraftteknikk har å by på under Grønn dag 2024 på UiT i Narvik. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 30.10.24 09:57 Oppdatert: 12.11.24 09:10
Bærekraft Energi Teknologi

Ingeniørar og teknologar er dei som er best i stand til å ta hand om fleire av utfordringane vi står overfor i det grøne skiftet. UiT Noregs arktiske universitet utdannar ingeniørar og teknologar innan ei rekke fagområde, som det er behov det grøne skiftet.

For å synleggjere akkurat dette, inviterer Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT) bedrifter og vidaregåande skular til Grøn dag.

Tysdag 29. oktober var 115 elevar på besøk, frå vidaregående skolar i Lofoten, Harstad og Senja. Felles for dei alle var at dei har valt teoretisk matematikk.

Marknadsrådgivar Torje Kosmo Karlsen er koordinator for Grøn dag. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT

UiT er ei drivkraft for det grøne skiftet

Marknadsrådgivar Torje Kosmo Karlsen ved UiT er koordinator for Grøn dag, og er nøgd med en dag med eit tettpakka og spennande program.

– Det er veldig gøy å sjå engasjementet til vidaregåandeelevane. Dette var ingen tilbakelent gjeng! Viss dette er morgondagens ingeniørar, er samfunnet heilt klart i gode hender, seier Karlsen.

Med Grøn dag syner UiT at alle ingeniørretningane ein kan studere, er relevante for det grøne skiftet.

I tillegg får elevane sjå korleis det å studere i Narvik gir moglegheita til å jobbe direkte med fornybar energi og grøn industri – i Nord-Noreg.

Fleire blir og jobbar i landsdelen etter utdanning

Karlsen er tydeleg på kor viktig arrangement som Grøn dag er for ingeniørutdanningane ved UiT.

–  Vi får vist fram kven vi er, kva vi har og ikkje minst at utdanning hos oss er langt meir enn berre å løyse likningar, seier Karlsen.

– Vi har topp moderne laboratorium som studentane får leike og praktisere i gjennom utdanninga. Det er slik dei får ferdigheitene til å meistre arbeidslivet dagen derpå.

Som ein bonus er det dessutan større sjanse for at studentane blir i landsdelen etter dei er ferdig utdanna. Det har Kandidatundersøkinga til UiT vist.

Mann og ungdom jobber med solcellepanel
Elevane deltok på solcelle-workshop. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT
En liten robot med to hjul
Elevane fekk teste programmering og styring av robotar hos datateknikk ved UiT Narvik. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT

Kortnytt fra Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Vi anbefaler