Nytt namn og ny giv

To store prosjekt er slått saman til Polhavet 2050 – Det norske polhavsprogrammet. Noregs største forskingsprosjekt har skyhøge ambisjonar.

Ein mann snakkar i mikrofon, ei kvinne står attmed han.
Styreleder for Polhavet 2050, Jørgen Berge, på Arendalsuka, saman med direktør for Norsk polarinstitutt, Camilla Brekke. Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 16.08.24 14:18 Oppdatert: 16.08.24 21:58
Arktis Hav Klima

Tidlegare i sommar vart det kjent at GoNorth og gigantprosjektet Framtidas polhav skal slås saman. På Arendalsuka samla prosjekteigarane politikarar, fagfolk og byråkratar, mellom dei utanriksministar Espen Barth Eide og leiarane for NORCE og polarinstituttet for å snakke om dei høge ambisjonane. Der kunne styreleiar for det samla prosjektet, dekan Jørgen Berge frå UiT, avsløre at det nye namnet vert Polhavet 2050 – Det norske polhavsprogrammet

Sjå opptak av heile arrangementet på Christian Radich her:

Noregs største forskingsprosjekt nokon sinne

Det nye initiativet skal sjå heilskapleg på havet heilt nord på kloden og endringane som kjem der. Ein trur at Nordpolen vil vere isfri om sommaren før 2050, og vi veit ikkje på langt nær nok om kva konsekvensar det vil få for klima, økosystem, økonomi og politikken i nordområda.

18 norske forskingsinstitusjonar frå heile Noreg har gått saman i det nye prosjektet, inkludert institusjonar med samfunnsvitskapleg tyngde, som NUPI og FFI. No vil Polhavet 2050 ha regjeringa på bana. Prosjektet er berekna å koste ein milliard over ti år og vil verte Noregs største forskingsprosjekt nokon sinne.

Disse står bak Polhavet 2050

  • Akvaplan-niva
  • Forsvarets forskningsinstitutt
  • Fridtjof Nansens Institutt
  • Havforskningsinstituttet
  • Meteorologisk institutt
  • NINA
  • NORCE
  • Norges geologiske undersøkelse
  • NORSAR
  • Norsk Polarinstitutt
  • NTNU
  • NUPI
  • SINTEF
  • Stiftelsen Nansen senter for miljø og fjernmåling
  • UiB
  • UiO
  • UiT
  • UNIS

– Eit godt og naudsynt initiativ

Både utanriksministar Espen Barth Eide og direktør for Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, var deltakarar på samtalen, og sjølv om dei ikkje akkurat lova pengar til prosjektet no, var dei særs positive.

– Dette er eit veldig godt og heilt naudsynt initiativ. Vi kjem nok til å spele ei rolle her, men det må òg tenkast breitt, til dømes kan ein få midlar frå EU eller et styrka nordisk samarbeid, sa Tveit.

En gruppe mennesker poserer i baugen på en båt.
Representantar frå nokre av samarbeidspartnarane som var til stades på arrangementet: f.v. Roar Skålin (Meteorologisk Institutt), Jostein Mårdalen (NGU), Tore Furevik (Nansensenteret), Anders Østhagen (FNI), Are Olsen (UiB) Jørgen Berge (UiT) og Tor Eldevik (UiB). Foran f.v.: Camilla Stoltenberg (NORCE) og Camilla Brekke (Norsk Polarinstitutt). Foto: Kjetil Rydland / UiT

Les om det førre store samarbeidsprosjektet om nordområda:  Arven etter Nansen, Norges (til no) største forskingsprosjekt.

Håpet er óg at Polhavet 2050 vert Noregs bidrag til det internasjonale polaråret i 2032-33. Saman med andre nasjonar sine initiativ kan ein då få  gjort eit viktig stykke arbeid, som til saman kan gjere oss førebudd på dei endringane som kjem, sa styreleier Jørgen Berge på arrangementet.

Les óg: Ny bok om det viktige Polhavet

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 16.08.24 14:18 Oppdatert: 16.08.24 21:58
Arktis Hav Klima
Vi anbefaler