Endeleg eiga MR-maskin for forsking

Trond Mohn har gjeve UNN og UiT ei MR-maskin til 40 millionar. Per M. Aslaksen ser fram til ein ny kvardag for viktig forsking.

Ei maskin i eit stort rom. maskinen har ei benk foran sjølve den smultringforma maskinen. Rosa neonlys i rommet.
Ein av UNN sine andre MR-maskinar, på UNN Narvik. Foto: Jan Fredrik Frantzen / UNN
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 27.06.24 13:21 Oppdatert: 27.06.24 14:27
Helse og velferd Om UiT

På sitt styremøte 19. juni takka Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) offisielt ja til ei raus gåve frå forretningsmannen Trond Mohn: ei MR-maskin til 40 millionar kroner – som primært skal brukast til forsking.

No får vi ein heilt annan og mykje betre kvardag.

Verdifull gåve på fleire vis

Ei MR-maskin brukar magnetisme (MR står for magnetisk resonans) for å ta bilete av kroppens innside, og gjev særs detaljerte bilete av nær sagt kva som helst inne i kroppen, frå alle vinklar.

Portrett av ei dame i grå kofte
Dekan Gunbjørg Svineng er særs nøgd med gåva. Foto: Stig Brøndbo / UiT

– Dette er ei skikkeleg gladsak, og UiT er svært takksame for at Trond Mohn gjev ei topp moderne MR-maskin til oss og UNN, seier Gunbjørg Svineng, som er dekan for Helsevitskapleg fakultet og nestleiar i UNN-styret.

Ein annan som er særs takksam, er professor Per Matti Aslaksen på Institutt for psykologi. Han har, saman med førsteamanuensis Torgil Riise Vangberg, jobba i 12 år for å få på plass ein forskings-MR.

– Eg er særs, særs glad, ikkje berre på eigne vegner, men for alle fagmiljøa som no kan forske under betre vilkår, raskare og meir ambisiøst enn tidlegare, seier Aslaksen.

Ein ny og meir effektiv kvardag for forskinga

Professoren, som er ein del av forskingsgruppa for kognitiv nevrovitskap og i tillegg jobbar som psykologspesialist på sjukehuset, fortel at UNN har vore det einaste universitetssjukehuset i Noreg som ikkje har eiga MR-maskin for forsking. Dei har derfor ikkje kunne delta i forsking på same vilkår som andre institusjonar.

Fleire samarbeidsprosjekt mellom UNN og UIT med ekstern finansiering har vorte utsett eller forseinka på grunn av manglande eller sterkt redusert tilgang til MR-undersøkingar.

Utandørs portrett av ein mann med kvit t-skjorte og mørk blazer
Professor Per M. Aslaksen ser fram til å ta den nye maskina i bruk. Foto: Paul S. Amundsen / UiB

Forskarar har lånt UNN sine maskiner i periodar kor dei ikkje brukast til behandling av pasientar. Det har gjort at ein må jobbe på ettermiddagar og kveldar, og at ein må vike om det kjem pasientar som må prioriterast.

– No får vi ein heilt annan og mykje betre kvardag kor vi kan forske meir – og meir effektivt. Maskinen Mohn har gjeve oss er verkeleg av ypparste kvalitet, så den jobbar raskt og gjev særs gode bilete, seier Aslaksen.

Godt samarbeid med UNN – til landsdelens beste

Svineng seier maskina er etterlengta og viktig for mange forskingsprosjekt. Til dømes vil miljø innan kreftforsking og nevrovitskap no få heilt andre moglegheiter. Aslaksen kan sjølv nytte maskina i sitt prosjekt som studerer effekten av elektrisk hjernestimulering hjå deprimerte pasientar.

Både Svineng og Aslaksen understrekjer at samarbeidet med UNN har fungert bra og at dei er takksame for fleksibiliteten, spesielt til PET-senteret. Samarbeidet vil og måtte halde fram, for UiT er avhengige av fagfolk på røntgenavdelinga til UNN med kompetanse på drift og analyse av bileta.

– I tillegg er det òg veldig bra for heile Nord-Noreg at MR-maskina kan brukast til å få ned ventetidene på MR-undersøkingar for pasientar i dei periodane vi ikkje har forskingsaktivitet, seier Svineng.

Trond Mohn

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 27.06.24 13:21 Oppdatert: 27.06.24 14:27
Helse og velferd Om UiT
Vi anbefaler