Endeleg eiga MR-maskin for forsking
Trond Mohn har gjeve UNN og UiT ei MR-maskin til 40 millionar. Per M. Aslaksen ser fram til ein ny kvardag for viktig forsking.
På sitt styremøte 19. juni takka Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) offisielt ja til ei raus gåve frå forretningsmannen Trond Mohn: ei MR-maskin til 40 millionar kroner – som primært skal brukast til forsking.
Verdifull gåve på fleire vis
Ei MR-maskin brukar magnetisme (MR står for magnetisk resonans) for å ta bilete av kroppens innside, og gjev særs detaljerte bilete av nær sagt kva som helst inne i kroppen, frå alle vinklar.
– Dette er ei skikkeleg gladsak, og UiT er svært takksame for at Trond Mohn gjev ei topp moderne MR-maskin til oss og UNN, seier Gunbjørg Svineng, som er dekan for Helsevitskapleg fakultet og nestleiar i UNN-styret.
Ein annan som er særs takksam, er professor Per Matti Aslaksen på Institutt for psykologi. Han har, saman med førsteamanuensis Torgil Riise Vangberg, jobba i 12 år for å få på plass ein forskings-MR.
– Eg er særs, særs glad, ikkje berre på eigne vegner, men for alle fagmiljøa som no kan forske under betre vilkår, raskare og meir ambisiøst enn tidlegare, seier Aslaksen.
Ein ny og meir effektiv kvardag for forskinga
Professoren, som er ein del av forskingsgruppa for kognitiv nevrovitskap og i tillegg jobbar som psykologspesialist på sjukehuset, fortel at UNN har vore det einaste universitetssjukehuset i Noreg som ikkje har eiga MR-maskin for forsking. Dei har derfor ikkje kunne delta i forsking på same vilkår som andre institusjonar.
Fleire samarbeidsprosjekt mellom UNN og UIT med ekstern finansiering har vorte utsett eller forseinka på grunn av manglande eller sterkt redusert tilgang til MR-undersøkingar.
Forskarar har lånt UNN sine maskiner i periodar kor dei ikkje brukast til behandling av pasientar. Det har gjort at ein må jobbe på ettermiddagar og kveldar, og at ein må vike om det kjem pasientar som må prioriterast.
– No får vi ein heilt annan og mykje betre kvardag kor vi kan forske meir – og meir effektivt. Maskinen Mohn har gjeve oss er verkeleg av ypparste kvalitet, så den jobbar raskt og gjev særs gode bilete, seier Aslaksen.
Godt samarbeid med UNN – til landsdelens beste
Svineng seier maskina er etterlengta og viktig for mange forskingsprosjekt. Til dømes vil miljø innan kreftforsking og nevrovitskap no få heilt andre moglegheiter. Aslaksen kan sjølv nytte maskina i sitt prosjekt som studerer effekten av elektrisk hjernestimulering hjå deprimerte pasientar.
Både Svineng og Aslaksen understrekjer at samarbeidet med UNN har fungert bra og at dei er takksame for fleksibiliteten, spesielt til PET-senteret. Samarbeidet vil og måtte halde fram, for UiT er avhengige av fagfolk på røntgenavdelinga til UNN med kompetanse på drift og analyse av bileta.
– I tillegg er det òg veldig bra for heile Nord-Noreg at MR-maskina kan brukast til å få ned ventetidene på MR-undersøkingar for pasientar i dei periodane vi ikkje har forskingsaktivitet, seier Svineng.
Trond Mohn
- Forretningsmannen Trond Mohn har donert midlar til UiT og UNN i mange år, mellom anna betalte han for ei CT-røntgenmaskin til klinisk pasientarbeid på UNN i 2023.
- Han står bak Trond Mohn forskningsstiftelse og Tromsø Forskningsstiftelse (TFS).
- TFS deler ut Starting Grants for å bidra til å rekruttere unge og fremragande forskarar frå heile verda til UiT
- Tromsø Forskningsstiftelse står òg bak Den internasjonale Mohnprisen for fremragende forskning relatert til Arktis saman med Academia Borealis, Nord-Norges vitenskapsakademi (NNVA) og UiT.
-
Public Health - master
Varighet: 2 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Bioingeniørfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Psykologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Psykologi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Tannpleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Sykepleie - master
Varighet: 2 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Idrettsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År -
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 4 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Videreutdanning i krisehåndtering og traumebehandling
Varighet: 2 Semestre -
Videreutdanning om vold i nære relasjoner
Varighet: 2 Semestre -
Videreutdanning i rus og psykisk helse
Varighet: 2 Semestre -
Paramedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk språk og litteratur - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - master
Varighet: 3 År -
Aldring og geriatrisk helsearbeid - master (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Helsefaglig utviklingsarbeid - master
Varighet: 3 År -
Psykisk helsearbeid - master
Varighet: 3 År -
Helsesykepleie - master
Varighet: 3 År -
Jordmorfag - master
Varighet: 2 År -
Klinisk ernæring - master
Varighet: 2 År -
Velferdsendring - erfaringsbasert master
Varighet: 4 År -
Ph.d.-utdanning i helsevitenskap
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Health Sciences
Varighet: 3 År -
Sykepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Psykologi profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Sykepleie - bachelor (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 4 År -
Samisk sykepleie (deltid) - bachelor
Varighet: 4 År -
Idrettsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium - forskerlinje
Varighet: 7 År -
Psychology - master
Varighet: 2 År