EU-pris til stordata-kurs
Eit UiT-kurs som lærer studentane dataanalyse og kunstig intelligens vann stort då EU sitt innovasjons- og teknologiinstitutt delte ut prisar i Barcelona.
Prisen og 100 000 euro kjem frå European Institute of Innovation & Technology (EIT), eit EU-institutt som jobbar for berekraftig og smart vekst. Det er ein sentral del av EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.
CloudEARTHi
- CloudEARTHi er eit initiativ for innovasjon, leia av UiT med 23 samarbeidspartnarar frå 13 EU-land.
- Initiativet har kursa over 1700 studentar og vore delaktig i 14 oppstartsbedrifter.
- CloudEARTHi er finansiert av UiT, EIT, Horisont Europa, Erasmusplus og HKdir
- Prosjekta er òg ein del av Arctic Sustainability Lab hjå UiT.
- Kurset «Big data and Artificial intelligence for environmental, ecological and biological science» er fullfinansiert og handsama av UiT.
- Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) støttar partnarskap mellom bedrifter, forskingsinstitutt og universitet i heile Europa. Det finst ni ulike EIT kunnskaps- og innovasjonssamfunn.
– Eg er absolutt glad for pengane vi vann, men dei er ingenting mot æra og anerkjenninga. Ein så prestisjefull pris motiverer oss til prestere endå betre og streve mot nye horisontar for arbeidet vårt, seier Tamer Abu-Alam.
Eit kurs for kritisk samarbeid
Han koordinerer CloudEARTHi, som er ei samling prosjekt og initiativ som skal få fram nye måtar å nytte stordata innan miljøvitskap, berekraft og sirkulærøkonomi. Det er under denne paraplyen det prisvinnande kurset Big data and Artificial intelligence for environmental, ecological and biological science har sin heim.
Kurset skal få masterstudentar til å forstå kva stordata er, og korleis dei kan nytte ulike analysemetodar, verktøy og kunstig intelligens for å hente ut data og resultat. Det er spesielt retta mot dei som studerer biologi og berekraft.
– Å vinne prisen er ein stor milepæl for prosjektet vårt og det er ei anerkjenning av korleis teamet taklar den kritiske utfordringa det er å byggja bru mellom akademia og industri. Å lukka dette gapet kan drive samfunnet framover i å takle mange sosioøkonomiske og miljømessige utfordringar, seier Abu-Alam.
Gjer studentane klar for alvoret
Universitetslektoren trur det er fleire grunnar til at UiT-programmet vann, men han trur hovudårsaka er at dei prøver å løyse konkrete samfunnsutfordingar. Saman med studentar ser dei korleis stordata og KI kan nyttast for å løyse samfunnsutfordingar innan til dømes økologi, berekraft, miljø og biologi.
Rektor Dag Rune Olsen er sjølvsagt nøgd med å ha eit av dei beste kursa i Europa på UiT.
– Dette er framifrå nyheiter, og vel fortent. CloudEARTHi og dei tilknytte miljøa, faggruppene og einingane gjer ein stor jobb for ei berekraftig framtid, og førebur studentane våre på den alvorlege røynda dei vil møte når dei er ferdig utdanna, seier han.
Abu-Alam hadde ikkje høve til å vere i Barcelona og ta imot prisen, men markerte sigeren med ei gruppe menneske som tyder mykje for han:
– Eg feira med studentane mine, og vi anerkjende at det var ein merkedag for oss alle. Og så har vi òg hatt ei lita feiring på Universitetsbiblioteket i veka etter tildelinga, seier Abu-Alam.
Planlegg studentsenter
For stordata-miljøet og CloudEARTHi er prisen ein god motivasjon, for dei har store ambisjonar. Abu-Alam ønskjer å opprette eit større innovasjonssenter hjå UiT på sikt, men i første omgang vil han få på plass eit studentsenter for innovasjon.
– Eg ser for meg eit levande senter kor studentar kan samlast, idémyldre, drøyme, planleggje og realisere ideane sine, og gjere dei til suksessrike bedrifter. Denne draumen er eg trygg på at vi vil få til snart, seier han.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Landskapsarkitektur - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitenskap
Varighet: 3 År -
Nordic Urban Planning - master
Varighet: 2 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - master
Varighet: 2 År -
Luftfartsvitenskap - master
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Science
Varighet: 3 År -
PhD programme in Nautical Operations
Varighet: 3 År -
Filosofi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Fysikk og matematikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Landscape Architecture - master
Varighet: 2 År -
Contemporary Issues in Risk and Crisis Management - master
Varighet: 2 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Fornybar energi, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År